Ombruk

Får lov til å vere låve, men med ny bruk

Interiørbilde av et romslig trerom med synlige bjelker, tømmervegger, tregulv og store vinduer som slipper inn naturlig lys.
Foto: RAM arkitektur

Om prosjektet

Aulestadlåven er eit godt døme på korleis ein kan kombinere kulturhistoriske verdiar med moderne bruk. Ved å ta utgangspunkt i dei opphavlege klimasonene har ein klart å bevare låven sitt særpreg og materialitet, samstundes som det er lagt til rette for formidling, utstillingar og publikumsaktivitetar i bygningen. Løysinga viser korleis tekniske installasjonar og nye funksjonar kan integrerast diskret, utan å gå på kompromiss med verneverdiar og oppleving.

VERNESTATUS
Fredet

ADRESSE
Aulestadvegen 8, Follebu

PROSJEKTET
Stiftelsen Lillehammer museum, RAM arkitektur, Rambøll, Gausdal Byggservice

KONTAKT
Stiftelsen Lillehammer museum

En rød bygning med et sentralt klokketårn står i et snødekt landskap, omgitt av løvløse trær under en klarblå himmel.
Låven har vorte sett i stand og attendeført til original utsjånad utvendig dei seinare tiåra. Eksteriøret er ikkje endra etter dette. Foto: RAM arkitektur

Historikk

Aulestad er kjend som heimen til diktaren Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnson budde på Aulestad frå 1875 til han gjekk bort i 1910. Eigedomen vart overdrege til Staten som nasjonaleigedom i 1934, og hovudbygningen blir opna som museum året etter. Jordveg og landbruksbygningar vart behalde i privat eige og drifta fram til 1980, da Staten kjøpte dei siste bygningane i tunet, inkludert låven. Sia da har det vore Maihaugen, og etter kvart Stiftelsen Lillehammer museum, som har forvalta bygningane og tunet, og drive staden som museum og kulturarena.

Aulestad ligg like vest for Follebu sentrum i Gausdal. Ein bjørkeallé fører frå fylkesvegen og opp til tunet, kor den store driftsbygningen med klokketårn ligg med langsida vendt ut mot vegen. Hovudbygningen ligg på ein liten kolle mot vest i eit øvre tun saman med vognskjul og drengestove, og med hageanlegget i skråninga ned mot fylkesvegen i sør. Lågare i terrenget mot aust ligg folkestove, stabbur, og eit nyare bustadhus med garasje. Den store driftsbygningen knyt øvre og nedre tun i hop.

Driftsbygningen er ein einskapslåve frå 1894 oppført i panelt bindingsverk med full kjellar i kvitkalka natursteinsmur. Arka midt på langfasaden mot sør har innfelt urskive og klokketårn. Låvebrua er plassert mot nord og nyttar terrengfallet for å koma inn på den øvste høgda i låven – køyringa. Fjøsdelen er konstruert som ei stor sinklafta tømmerkjerne innanfor ytterveggane i bindingsverk.

En bred loftsgang i tre med synlige bjelker, glassrekkverk og takbelysning fører til en lys utgang i den andre enden.
Interiørbilde av en låvebygning i tre med synlige bjelker, spilevegger og naturlig lysinnfall gjennom små vinduer.

På låvekøyringa er det berre lagt til eit glasrekkverk for tryggleiken. Lyssettinga er ganske enkelt gamle fjøslamper. Foto: RAM arkitektur

Ved å ikkje klimatisere dei opne romma i låven, har ein beheldt den opphavlege opplevinga av låven, med lyset som slepp inn gjennom panelet, dei grove konstruksjonane og romhøgda. Foto: RAM arkitektur

Utfordringar og løysing

Etter at driftsbygningen ikkje lenger skulle brukast til landbruksføremål, vart det eit omfattande arbeid å setje i stand låven. Bygningen hadde mellom anna store skadar etter ein nyare betongkonstruksjon med grisefjøs. Andre tilbygg og seinare endringar vart òg fjerna, slik at låven vart ført attende til utforminga han hadde på Bjørnson si tid.

Det var ønskje om å leggje til rette for formidling og publikumsaktivitetar inne i låven, utan at det gjekk ut over fredingsføremålet og karakteren til bygningen. Fredinga omfattar eksteriør og urverk, men det var likevel viktig å behalde interiøret mest mogleg opphavleg.

Løysinga vart å spele på lag med dei opphavlege klimasonene i låven for å unngå endringar på innvendige overflater. Fjøset vart gjort til oppvarma areal for arrangementer og utstilling av klimasensitive objekt. Serveringskjøkken og toalett vart plassert i ein frittståande boks i rommet, medan ventilasjonskanalar vart skjult oppe på fjøstrevet og teknisk rom plassert i gjødselkjellaren. Det vart lagt isolasjon mellom laftekassa og utvendig panel, sett inn vareglas og utvida laftekassa med eit omfar for å få tilstrekkeleg etasjehøgde og isolasjon i taket.

Det opne, halvklimatiserte rommet på bakkeplanet, fôrsentralen, blir brukt til å ta imot grupper og til robuste utstillingar. Her er det garderobe og ein boks med lager og trapp til teknisk sone på fjøstrevet. Låvekøyringa øvst er tilgjengeleg via låvebrua frå den øvre sida av bygningen. Køyringa var opphavleg open på sidene, men er no sikra med rekkverk i glas for tryggleiken, utan å miste den opphavlege opplevinga. Dette arealet blir òg brukt til utstillingar.

Ved å ta utgangspunkt i dei opphavlege klimasonene er både opplevinga og dei kulturhistoriske verdiane tekne vare på. Samstundes har ein fått inn tekniske og praktiske funksjonar som klimaregulering, lyd- og presentasjonsutstyr, utstillingslys, kjøkken og toalett. Resultatet er at låverommet framleis blir opplevd som ein låve, men med moderne utstillingsfasilitetar på Aulestad.

Hjørne av et interiør i en tømmerhytte som viser både nye, lyse stokker og eldre, forvitrede stokker med synlige årer og trestruktur.
Skada tømmer vart skifta ut og nytt tømmer presist lafta i hop med det gamle. Akustiske himlingsplater basert på treull understrekar kjensla i rommet. Ventilasjon og utstillingsbelysning er diskret integrert. Midt i rommet er serveringskjøkken og toalett plassert i ein frittståande boks. Foto: RAM arkitektur
Interiør i et romslig trerom med synlige bjelker, vertikale støtter og naturlig lysinnfall gjennom vinduer i den andre enden.
Skada tømmer vart skifta ut og nytt tømmer presist lafta i hop med det gamle. Akustiske himlingsplater basert på treull understrekar kjensla i rommet. Ventilasjon og utstillingsbelysning er diskret integrert. Midt i rommet er serveringskjøkken og toalett plassert i ein frittståande boks. Foto: RAM arkitektur
Tredør satt inn i en vegg med brune paneler, plassert i en bygning med synlige tømmerbjelker og betonggulv. Naturlig lys kommer inn fra vinduer i bakgrunnen.
Nye, frittståande boksar er sett inn der ein trengte mindre rom, som her til lager og trapp til teknisk areal. Boksane er kledd med kuskinn. På baksida av boksen er ei enkel garderobeløysing med rivehovud som knaggar. Foto: RAM arkitektur
Et stort, brunt skinnlaken står oppreist ved siden av en lys trevegg med flere svarte metallkroker.
Nye, frittståande boksar er sett inn der ein trengte mindre rom, som her til lager og trapp til teknisk areal. Boksane er kledd med kuskinn. På baksida av boksen er ei enkel garderobeløysing med rivehovud som knaggar. Foto: RAM arkitektur

Læringspunkt

  • Å ta utgangspunkt i opphavlege klimasoner gjer det mogleg å bevare opphavlege bygningsdelar og overflater.
  • Tekniske installasjonar kan integrerast diskret ved å bruke eksisterande konstruksjonar og rom som er mindre synlege eller tilgjengelege.
  • Frittståande boksar er en god løysing for nye funksjonar i større rom, utan å endre verneverdig interiør.
  • Glasrekkverk kan sikre tryggleiken og samstundes bevare den opphavlege romopplevinga.

Lignende eksempler