Om prosjektet
Vestfossen Kunstlaboratorium held til i ein tidlegare cellulosefabrikk som går over mange plan, men som ikkje kunne gjerast tilgjengeleg for alle med éin gong grunna økonomiske avgrensingar i oppstarten. Intensjonen om full tilkomst og inkludering låg likevel til grunn heile vegen, alt frå opninga i 2003. Ei gammal industriheissjakt vart då sett av til ein personheis, medan dei rimelege tiltaka vart tekne med i ombygginga som skulle til for å etablera kunstsenteret. Då drifta var stabil og tilskott og gjevarmiddel kom på plass i 2025, kunne heisen monterast i sjakta utan inngrep i bygningen.
VERNESTATUS
Regionalt listeført, Regulert til bevaring
ADRESSE
Fabrikkgata 11C, Vestfossen
PROSJEKTET
RVS AS, KONE AS, Irby Elektro AS, Andersen Plate og Sveis
FERDIGSTILT
2025
KONTAKT
Vestfossen Kunstlaboratorium
Hovudinngangen ligg på bakkeplan, og med breid dør er sjølve inngangssituasjonen inkluderande. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Grunnplanet ligg eit lite nivå ned frå bakkeplanet. Dette var frå byrjinga løyst med både trappetrinn og rampe frå inngangsdøra. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Historikk
Vestfos Cellulosefabrik vart stifta som aksjeselskap i Kristiania i 1886, med forretningsmannen Wilhelm Melhuus frå Drammen som direktør. Fabrikken var den fyrste i Drammensdistriktet som produserte cellulose. I 1911 og 1912 kom papirproduksjon i tillegg, og anlegget vart bygd ut i fleire etappar. I 1920 hadde bedrifta 350 tilsette.
Mellomkrigstida var vanskeleg for heile treforedlingsindustrien, og i 1931 vart det gjennomført ein streik som varte i 25 veker. Under andre verdskrigen vart fabrikken del av den tyske krigsøkonomien. Etter krigen satsa bedrifta på finpapir, men satsinga slo feil. Selskapet vart slått konkurs i 1967, og Greaker Cellulosefabrik dreiv verksemda vidare til ho vart innstilt i 1970. Om lag 230 personar mista arbeidet, og nedlegginga av den største arbeidsplassen i Øvre Eiker vekte sterk debatt.
Fabrikken var i drift i meir enn 80 år og prega utviklinga av tettstaden Vestfossen. Nokre år etter nedlegginga kjøpte kommunen bygningsmassen, omregulerte til næringsføremål, seksjonerte og leigde ut lokala til mindre servicebedrifter.
Hovudinngangen ligg på bakkeplan, og med breid dør er sjølve inngangssituasjonen inkluderande. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Grunnplanet ligg eit lite nivå ned frå bakkeplanet. Dette var frå byrjinga løyst med både trappetrinn og rampe frå inngangsdøra. Foto: Karen Elkjær, Riksantikvaren
Utfordringar og løysing
Vestfossen Kunstlaboratorium opna i 2003, etter at den tidlegare cellulosefabrikken vart ombygd til eit senter for samtidskunst. Etableringa var prega av idealisme og krevjande rammevilkår i kunstfeltet. Dette sette difor mange økonomiske avgrensingar i starten, og prioriteringane var harde. Heile det gamle industrilokalet, som går over mange plan, var difor ikkje mogleg å gjera universelt utforma fullt ut.
Intensjonen om inkludering har likevel heile tida vore der. Tiltak som ikkje kravde vesentlege investeringar vart utførte i samband med ombygginga elles; døropningane vart laga breie nok, minst eitt toalett var romleg nok, og hovudinngangen frå bakkeplan fekk både trappetrinn og rampe til grunnplanet som ligg på eit litt lågare nivå. Dessutan vart det tenkt langsiktig, slik at ei sjakt som tidlegare romma ein stor industriheis, vart sett av med tanke på å kunna installere ein personheis i framtida. I mellomtida romma sjakta ei trapp, som fungerte for rømming og intern ferdsel.
Etter mange år med god drift og aukande besøkstal for kunstsenteret var økonomien meir stabil. Dette, saman med tilskot frå ARENA-ordninga til Kulturdirektoratet og ei gåve frå Sparebanken Øst, gjorde det mogleg å installera ein personheis i 2025. På denne måten vart alle etasjane tilgjengelege for alle. Plasseringa var for lengst bestemt, og kravde ingen inngrep i bygningen ettersom det allereie var ei sjakt her.
Kunstsenteret kan nå innfri i praksis intensjonen som heile tida har vore der om å vera inkluderande fullt ut. Auka besøkstal viser dessutan ein direkte effekt av tiltaket. Prosjektet syner at universell utforming i verneverdige bygningar kan skje stegvis, dersom ein tenkjer langsiktig og tidleg set av plass til løysingane ein enno ikkje har råd til.
Læringspunkt
- Set av plass til løysingar ein enno ikkje har råd til. Sjakta som vart reservert i 2003, gjorde heisen mogleg i 2025 utan inngrep i bygningen.
- Universell utforming kan gjennomførast stegvis, i takt med økonomi Delvis tilgjenge er eit gyldig fyrste steg, ikkje ei endeleg løysing.
- Eigenskapane til ein historisk bygning kan vera ein ressurs. Eksisterande strukturar og romslege planløysingar kan gi tilgjenge utan tap av verneverdiar.
- Lat alle bruka same inngang. Trappetrinn og rampe i hovudinngangen gjev likeverdig tilkomst.
- Ta dei enkle tiltaka medan arbeid likevel er i gang. Mindre ramper, breie døropningar og romslege toalett kostar lite som del av ei større ombygging.





