Butikklokalet til den tidlegare tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. ligg i Olav Kyrres gate 1, som er det søraustlege hjørnet av kvartalet som i dag utgjer kjøpesenteret Galleriet i sentrum av Bergen. Interiøret er frå 1920-talet og godt bevart, og er i dag eit svært sjeldsynt døme på butikkarkitektur frå denne perioden.
Sidan 2004 har lokalet vore i bruk som kafé, og har framleis mesteparten av den opphavlege innreiinga frå 1920-talet i behald.
Tobakksbutikken Reimers & Søns eftf.
Reimers & Søns eftf. var ei tradisjonsrik verksemd, grunnlagt i 1847 og i drift heilt til 2003.
Bygningen vart teikna av arkitektane Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø og oppført i 1927 som del av gjenreisinga etter bybrannen i 1916.
Den fem etasjar høge bygningen vart reist med ei samanhengande rekkje butikklokale på gateplanet. Butikken rett nord for hovudinngangen mot Olav Kyrres gate husa tobakksbutikken Reimers & Søns eftf. frå bygningen var ny.
Fredingssaka er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune.
02.11.2018 11:40 endret 02.11.2018 11:40
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153