I bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 utvalde anlegg støtte gjennom ein fast post på statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.
−Tekniske og industrielle kulturminne er viktige spor etter industrihistoria i Noreg. Med desse tilskota bidreg vi til å bevare utvalde anlegg for framtida. Anlegga er valde ut som representantar for ulike sider av norsk nærings- og industrihistorie, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Riksantikvaren har no fordelt tilskota for 2020.
−I 2020 har vi prioritert istandsetting av fem anlegg i bevaringsprogrammet. Det er Bredalsholmen verft, Haldenkanalen, Klevfos Cellulose- og papirfabrikk, Odda smelteverk og Rjukanbanen, og dei har mål om ferdigstilling i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Tilskota bidreg blant anna til å finansiere handverksstillingar på anlegga. Dette er stillingar som skal sikre vedlikehald, ivareta kompetanse og kunnskap.
Tilskot og korona
Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at fleire tilskotsmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.
– Vi oppmodar tilskotsmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar for oppdrag lenger fram i tid.
– Vi hjå Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotsmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar eller dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Prioriterte anlegg
I 2020 pågår det framleis store prosjekt ved anlegga. Riksantikvaren bidreg med tilskot til fullføring av istandsettingstiltak på Trefaseovn 3 (Ovn 3) på Odda smelteverk, som inneber sikring og tømming av omnspotta.
Tilskota går også til ferdigstilling av det omfattande istandsettingsprosjektet knytt til slippen på Tinnoset. Riksantikvaren har sidan 2017 bidrege med i overkant av 22 millionar kronar i tilskot til dette prosjektet. Det gis også tilskot til utskifting av 4000 sviller på Rjukanbanen.
Tilskot til dei andre anlegga i bevaringsprogrammet går til ulike prosjekt som skal sikre at anlegga har eit normalt vedlikehaldsnivå.
Tilskot til anlegg utanfor bevaringsprogrammet
I 2020 gir Riksantikvaren tilskot til fire anlegg utanfor bevaringsprogrammet: Dei to freda anlegga Hagevik tønnefabrikk og Sellevåg treskofabrikk, i tillegg til gamle Fagerli kraftstasjon i Sulitjelma og Nes gardssag i Kvam.
Riksantikvaren har gjort ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2020 fekk vi inn søknadar frå totalt 30 tekniske og industrielle kulturminne på om lag 161 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 58 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 36% av den samla søknadssummen.
Oversikt tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2020
Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminner:
(FDV= Forvalting, drift og vedlikehald)
Anlegg, kommune og fylke | Tilskot |
Atlungstad Brenneri, Stange, Innlandet | FDV: 2 199 875 |
Bredalsholmen Verft, Kristiansand, Agder | Istandsetting: 2 261 354 FDV: 2 045 265 |
Fetsund lenser, Fet, Viken | FDV: 3 290 288 |
Folldal Gruver, Folldal, Innlandet | FDV: 2 904 223 |
Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland, Viken | Istandsetting: 2 203 525 FDV: 1 863 703 Tilsagn 2021: 1 902 970 |
Kistefos Træsliberi, Jevnaker, Viken | Istandsetting:815 000 FDV: 1 541 472 |
Klevfos Cellulose og Papirfabrik, Løten, Innlandet | Istandsetting: 1 315 000 FDV: 1 434 089 |
Neptun Sildoljefabrik, Hadsel, Nordland | Istandsetting:16 500 FDV: 1 881 571 |
Næs jernverk (museum), Tvedestrand, Agder | FDV: 1 543 200 |
Odda smelteverk, Ullensvang, Vestland | Istandsetting:4 576 500 FDV: 2 400 408 Tilsagn 2021: 550 000 |
Rjukanbanen – Tinnoset-Vemork, Tinn, Vestfold og Telemark | Istandsetting: 2 000 518 FDV: 3 188 000 Tilsagn 2021: 5 000 000 |
Salhus Tricotagefabrik, Bergen, Vestland | Istandsetting:334 000 FDV: 3 432 039 |
Sjølingstad Uldvarefabrik, Lindesnes, Agder | Istandsetting: 424 500 FDV: 3 460 000 Tilsagn 2021: 1 350 000 |
Spillum Dampsag & Høvleri, Namsos, Trøndelag | FDV: 3 329 200 |
Tyssedal kraftstasjon, Ullensvang, Vestland | Søknaden om tilskot handsamast separat. |
Andre anlegg:
Anlegg, kommune og fylke | Tilskot |
Fagerli kraftstasjon, Fauske, Nordland | Istandsetting: 213 600 |
Hagevik tønnefabrik, Kinn, Vestland | Istandsetting: 262 375 |
Nes gardssag, Kvam, Vestland | Istandsetting: 89 250 |
Sellevåg treskofabrikk, Gulen, Vestland | Istandsetting: 258 600 |
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Bevaringsprogram
Les meir om bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne her: