– Vi byrjar i det små, men med eit godt gjennomarbeida konsept. No ønskjer vi at fylkeskommunar, kommunar og eigedomsforvaltarar melder frå om gode eksempel på istandsetting og transformasjon. Mange sit på kunnskap om gode løysingar, og vi samlar no desse på nett, slik at dei kan bli kjent og tatt i bruk av fleire, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Klimaperspektiv
I tråd med Parisavtalen og FN sine berekraftsmål, skal Noreg bli eit lavutslippssamfunn innan 2050. Ei undersøking gjort av SINTEF, på oppdrag frå Riksantikvaren, syner korleis gjenbruk er betre for klima, enn riving og nybygg i eit slikt tidsperspektiv. Dagens bygningsmasse har allereie tatt klimabelastninga. Sjølv om nye hus blir bygd miljøvennlege og energieffektive, må utslepp ved riving og handtering av avfall, transport og materialproduksjon til nybygginga, takast med i den totale klimagassrekneskapen. Eksempelsamlinga har difor eit viktig klimaperspektiv.
– På sikt vil vi gjerne ha ei eksempelsamling full av gode tiltak for klimatilpassing og energieffektivisering. Men vel så viktig er det å vise at eldre bygningar kan nyttast, og vise dei gode løysingane andre har funne for moderne bruk av eldre bygningar, seier Geiran.
Ulike tema
Nettsida skal vise eksempel innan ulike tematikkar i bygningsvernet, som verktøy for forvaltinga og inspirasjon for folk flest. Målet er at nettsida, etter kvart som nye eksempel kjem til, skal vise til god praksis frå heile landet og for ulike bygningstypar og problemstillingar. Den skal syne gode løysingar for tilpassing og endring for verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø. Nettsida sida er under kontinuerleg arbeid og vil jamleg verte oppdatert med nye eksempel.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153