Klima- og miljødepartementet er øvste ansvarlege myndigheit for oppfølging av verdsarven i Noreg. Fordelinga av tilskot skjer via Riksantikvaren. Tilskota skal bidra til å utvikle verdsarvområda som fyrtårn for beste praksis innan natur- og kulturmiljøforvaltninga når det gjeld tilstand, forvalting og formelt vern.
– Den norske verdsarven har store natur- og kulturverdiar som er internasjonalt anerkjende og er fantastiske reisemål. Regjeringa gir årleg pengar over statsbudsjettet til dei norske områda på UNESCO si verdsarvliste til istandsetting, vedlikehald og formidling. Når smittevernsituasjonen igjen opnar for at vi kan reise i Noreg, håper eg endå fleire vil oppsøkje desse verdifulle kulturmiljøa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Målgruppa for post 79 i statsbudsjettet er Noreg sine åtte verdsarvstader. Midla skal bidra til å sikre at stadene vert forvalta i tråd med Unesco sin verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.
Frå bergkunsten i Alta til Bryggen i Bergen
Bergkunsten i Alta er særeigen. I 2021 er planen der å bruke midla til vidareføring av arbeid med dokumentasjon, skjøtsel, sikring og utbetring av gangvegar. I tillegg er det søkt om middel til bergkunstarkiv.
På Bryggen i Bergen har ein gjennom ei årrekkje arbeidd jamt og trutt med istandsetting av dei verdfulle bygningane. Dei to store istandsettingsprosjekta av Bredsgården og Svendsgården vert fullført i 2021. Overvåkinga av grunnvatnet under Byggen i Bergen held fram for å sikre kulturlaga. Det same gjeld overvåkinga av setningar på bygningane.
Fleire vil sette i stand
Tiltaka som tilskota dekker er ulike, men det er også mange likskapar. Istandsetting av bygningar er dominerande. I Vestnorsk fjordlandskap går eksempelvis mykje av tilskota til istandsetting av bygg, konstruksjonar (for eksempel vegar og brygger) og andre spor etter busetnad. Dette same gjeld på Vegaøyan der ein ser ein auke i antalet søknadar om istandsetting av hus, brygger, kaier og naust.
– Tilskotsmidla fører til at viktige objekt i verdsarvområda kan settast i stand og takast vare på. Det leiar også til at verdsarvverdiane kan formidlast og at meir kunnskap om verdsarven vert utvikla, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvstader i Noreg
• Bergkunsten i Alta, Troms og Finnmark
• Bryggen i Bergen, Vestland
• Struves meridianboge, Troms og Finnmark
• Rjukan-Notodden industriarv, Vestfold og Telemark
• Røros bergstad og Circumferensen, Trøndelag
• Urnes stavkyrkje, Vestland
• Vegaøyene, Nordland
• Vestnorsk fjordlandskap, Møre og Romsdal og Vestland
Sjå oversikt over tilskot i tabellen under:
Tabell
Mottakarar | Utbetaling 2021 |
Bergkunsten i Alta | 3 700 000 |
Bryggen i Bergen | 18 750 000 |
Rjukan-Notodden industriarv | 15 500 000 |
Røros bergstad og Circumferensen | 11 560 000 |
Struves meridianboge | 2 100 000 |
Urnes stavkyrkje | 1 500 000 |
Vegaøyan | 5 265 000 |
Vestnorsk fjordlandskap | 5 300 000 |
Noregs verdsarv | 2 150 000 |
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153