Mellomalderbyen Bergen, med arkeologiske kulturlag, ruinar og kyrkjer frå mellomalderen, kulturlag frå Bergens etterreformatoriske historie, og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi.
– Riksantikvaren opnar for Bybanen over Bryggen, forutsett at attverande usikkerheit blir redusert og at dei negative verknadene ikkje er i konflikt med Mellomalderbyen Bergen og verdsarvverdiane, seier riksantikvaren Hanna Geiran.
Usikkerheita er omtala i NIKU sin rapport, KUVA-rapporten og rapporten frå den rådgjevande synfaringa til UNESCO. Her kjem det fram at det er behov for ytterlegare utgreiingar og tiltak. Både KUVA-rapporten og rapporten frå den rådgjevande synfaringa trekk fram at Bybanen kan forbetre dagens situasjon framfor Bryggen, men at det er for tidleg å konkludere. Det er Riksantikvaren samd i.
– Riksantikvaren er einig i anbefalingane i rapporten frå NIKU, frå UNESCOs rådgjevande synfaring og KUVA-rapporten. Dei konkluderer med at det er behov for ytterlegare utgreiingar og tiltak for å redusere attverande risiko, usikkerheit og negative verknader, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Viktig klimatiltak
Bybanen er viktig for Bergen, og er det største klimatiltaket Bergen kommune gjennomfører for å styre mot eit lågutslepp-samfunn. Bygningane på Bryggen og Hanseatisk museum er eit minne om ein av dei største handelsbyane og -hamnene i Nord-Europa. Riksantikvaren meiner kommunen har arbeidd godt, og det er lagt ned mykje arbeid i å greie ut konsekvensar for kulturmiljøverdiane. Kommunen sine utgreiingar og rapportane som ligg føre syner likevel at det framleis er knytt usikkerheit til Bybanen sin verknad på kulturmiljøverdiane.
Ikkje utan risiko
Ein vil aldri klare å bli kvitt all usikkerheita kring ei utbygging av Bybanen gjennom Mellomalderbyen og over Bryggen, men det er framleis nødvendig å betre planen slik at ei gjennomføring er så risikofri som mogleg. Noreg må svare ut krava i UNESCO sin rapport, og til slutt er det opp til verdsarvkomiteen å vurdere om krava er oppfylt og om verdsarven er truga.
Riksantikvaren ber difor Vestland fylkeskommune reise motsegn mot forslag til reguleringsplan for Bybanen og hovudsykkelrute frå sentrum til Åsane med forlenging av Fløyfjellstunnelen for å få på plass ytterlegare utgreiingar og tiltak.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153