Høringer og kunngjøringer

Avslutta høyring: Revisjon av NB!-registerets kulturmiljø i Møre og Romsdal

Riksantikvaren har sendt forslag til revisjon av kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader (NB!-registeret) i Møre og Romsdal fylke på høyring. Høyringsfrist er 10. november 2023. Forslaget er sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune og dei tilhøyrande kommunane i fylket som har kulturmiljø i NB!-registeret. Høyringa er open og alle har moglegheit til å kome med innspel.

Publisert: 27. mars 2023 | Endret: 29. januar 2024

Kristiansund Foto: Guri Dahl, Riksantikvaren

Revisjonens mål og innhald

NB!-registeret er meint å være eit sentralt kunnskapsgrunnlag som tidleg og tydeleg signaliserer kva kulturmiljø som er av nasjonal interesse, og som kommunane bør ta særskild omsyn til ved arealplanlegging og i byggesaker. Innanfor kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse kan nye tiltak eller planar danne grunnlag for motsegn frå regionale myndigheiter og Riksantikvaren, ifølgje Rundskriv T-2/16. Kulturmiljøa i NB!-registeret er verdifulle fellesgode og er viktige ressursar som er knytt til kulturhistorisk kunnskap,mangfaldige opplevingar og moglegheiter for bruk. Revisjonen av NB!-registeret omfattar presisering av dei nasjonale interessene knytt til kulturmiljøa, endringar i skildringar av kulturmiljøa, og i tillegg er det lagt til Råd om forvalting av kulturmiljøa.

Omfanget av endringane av NB!-registeret i Møre og Romsdal

Det er gjort revideringar av eksisterande avgrensingar, namn og skildringar. Det ligg også inne forslag om fire nye kulturmiljø. Det er vedlagt følgjebrev med utgreiing over endringane.

Høyringsforslaget omfattar desse kulturmiljøa i NB!-registeret innanfor Møre og Romsdal fylke:

Endringar på eksisterande område:

  • Kristiansund – Vågen
  • Kristiansund – Moskvahaugen
  • Kristiansund – Gjenreisningsbyen
  • Kristiansund – Plysjbyen
  • Kristiansund – Hønebukta
  • Kristiansund – Vanndamman – Kringsjå – Gravanlegget
  • Molde – Gjenreisningsbyen
  • Molde – Funkisvillaene i Grandveien
  • Ålesund – Sentrum

Forslag til nye områder:

  • Kristiansund – Clausenenga
  • Kristiansund – Sjursvika
  • Ålesund – Trehusbebyggelsen på Aspøya
  • Ålesund – Trehusbebyggelsen på Klipra
Molde
Foto: Iselin Brevik, Riksantikvaren
Mellemværftet i Kristiansund
Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren
Vannspringdalen i Ålesund
Foto: Sofie Søvik, Riksantikvaren
Kristiansund
Foto: Anne Midtrød, Riksantikvaren
Ålesund
Foto: Sofie Søvik, Riksantikvaren

Faglege råd for forvalting

Hensikta med dei faglege råda for forvalting er at desse kan vere rettleiande for kommunane i utforminga av kulturmiljøplanar, føresegner i reguleringsplanar eller retningslinjer til omsynssoner i kommuneplanar. Råda er ikkje føresegner og er ikkje bindande i seg sjølv, men kan nyttast som kunnskapsgrunnlag for planprosessar i framtida, slik at kommunane sjølv kan velje å gjere råda juridisk bindande etter plan- og bygningslova. Dei faglege råda er lagt på eit overordna nivå, og dei er ikkje uttømmande. Det er ønskjeleg at dei er lokalt og politisk forankra, og Riksantikvaren ønskjer difor at kommunane sjølv kjem med innspel til dei faglege råda dei meinerr er viktig for forvaltninga av kulturmiljøa. Kulturmiljøa er sårbare på ulike måtar og har også tolegrenser for ulike typar tiltak. Kva er spesielt i det spesifikke kulturmiljøet, og kva karakteristikk bør ein ikkje miste, og kva bør ein vidareføre ved nye tiltak?

Meir om Riksantikvarens strategi og faglege anbefalingar for by- og tettstadutvikling her.

Kva for innspel ønskjer vi?

Riksantikvaren ber om alle typar tilbakemeldingar og innspel til forslag om endringar, men ber særskild om følgjande:

  • Forslag om kulturmiljø i by som bør tas inn i registeret
  • Forslag om kulturmiljø i by som bør tas ut av registeret
  • Forslag til/endringar i «faglege råd for forvaltning»
  • Kunnskap om kulturmiljøa som kan inngå i beskrivinga av miljøet.
  • Forslag til avgrensingar av kulturmiljøa

Kulturmiljøa i NB!-registeret går snart inn i ei ny og samla oversikt over Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Riksantikvarens NB!-register inngår i arbeidet knytta til Stortingsmelding nr. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken – engasjement, bærekraft og mangfold» (2019-2020) som syner korleis kulturmiljø kan bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapeleg samfunnsplanlegging. Frå 2023 er NB!-registeret i ein overgangsfase frå å vere eit sjølvstendig register over kulturmiljø i byar og tettstader, til å inngå i ei ny og samla oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse vil bli ei oversikt og eit kunnskapsgrunnlag som skal sikre berekraftig forvalting av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse. Den nye oversikta tek utgangspunkt i dei eksisterande registera; NB!-registeret (Kulturmiljø av nasjonal interesse i byar og tettstader) og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). I tillegg vil oversikta inkludere fleire kulturmiljø; som blant anna kan vere uthamner, fiskevær, industriområde, militæranlegg og kanalanlegg. Meir informasjon om dette arbeidet finn du på Riksantikvarens nettsider.

For meir informasjon om kva som har vore målet med revisjonen og innhaldet i NB!-registeret, syner vi til høyringsbrevet og tilhøyrande vedlegg.

Kvar skal eg sende kommentarar til høyringa?

Kommentarar til høyringa kan sendast til Riksantikvaren: postmottak@ra.no eller pr. brev til Riksantikvaren, Postboks 1483 Vika, 0116 Oslo. Hugs å merke kommentar med saksnummer: 23/0065

Høyringsfrist: 10. november 2023

Kontaktinformasjon

Sakshandsamarar:

Ståle Arfeldt Bergås
Staale.Arfeldt.Bergaas@ra.no

Anette Morvik Robberstad
Anette.Morvik.Robberstad@ra.no

Kristina Woll Lunke
Kristina.Woll.Lunke@ra.no

Seksjonssjef:

Leidulf Mydland
Leidulf.Mydland@ra.no
Seksjon for arealplanlegging og miljø