Nyheter

Tilskot til prosjekt «Levende kystkultur» på Kvitsøy

Kystkulturprosjektet på Kvitsøy med dei unike hummarparkane får kr. 750 000 i tilskot i 2024.

Publisert: 4. juli 2024

Hummerparkar på Kvitsøy har fått tilskot som eit ledd i prosjektet Levende kystkultur.
Ydstebøparken på Kvitsøy: Hummerfisket har alltid vore viktig for øybuarane. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.

– Prosjekt Levende kystkultur på Kvitsøy tek vare på og formidlar øyas hummarfisketradisjonar, men også særmerkt historie frå vikingtid, seier avdelingsdirektør Linda Veiby. – Vi er imponert over kva dei har fått til, og dei er et godt døme på korleis ein kommune kan bruke sine kulturmiljø som ein ressurs for å utvikle lokalsamfunnet.

Kvitsøy jobber bredt med historiefortelling, opplevelser og næring, og de tar vare på hummerparker og sjøhus for å bevare og styrke kommuneidentiteten.

– Dette blir ein del av å utvikle den nye bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø, fortsettar Veiby. – Erfaringane frå dei to første prosjektåra har gitt gode resultat, blant anna med tanke på bevaring og bruk av hummarparkane.

Riksantikvaren har tidlegare gitt tilskot til prosjektet på til saman 1,4 millionar kroner, og no søkte Kvitsøy kommune midlar til vidareføring av prosjektet Levende kystkultur.

Med prosjektet ønskjer Kvitsøy kommune å styrke øysamfunnets identitet og verdiskaping, slik at øybuarane får auka eigarskap og engasjement for si eiga historie, seier Veiby. – Kommunen vil difor ta vare på Kvitsøys kulturminne og kulturmiljø på ein berekraftig måte, slik at dei kan spele ei positiv rolle i samfunnsutviklinga.

Prosjektet skjer i nært samarbeid med Rogaland fylke. I tillegg til istandsetting og regulering av hummarparkane, jobbar kommunen med blant anna istandsetjing av pakkhus, plan for formidling, besøksstrategiar, samt bevaring og utvikling av sjøhus.

Kvitsøy har jobba målretta med kystkultur i mange år, seier Veiby, og vi er særs glad for at dei også ønskjer å dele erfaringane sine med andre som no er i startgropa med å satse på kystens kulturmiljø.

Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:

Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Riksantikvaren har som mål at verdiskapingsprosjekt skal vere gode eksempel på kulturmiljøas rolle i samfunnsutviklinga. Verdiskaping er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.

Riksantikvaren skal legge til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partnarar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.

Tilskot til Levende kystkulturpå Kvitsøy skal også jobbe med turisme.
Fleire skal vitje: Kvitsøy har satsa aktivt på at fleire skal kjenne til kystkulturen. på øya.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Tilskot til Levende kystkultur på Kvitsøy.
Ydstebøhamn: Kvitsøy er landets minste kommune målt i areal. Prosjektet "Levende kystkultur" held tradisjonar og kunnskap om livet på øya levande.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.