Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2024 er delt ut frå stiftelsen Norsk Kulturarv og Landbruks- og matdepartementet. Riksantikvar Hanna Geiran sit i juryen for prisen.
– Endeleg kom turen til Undredal ! Det er ei stor glede for meg å få dele ut Den nasjonale Kulturlandskapsprisen for 2024, sa statssekretær Wenche Westberg i Landbruks- og matdepartementet.
– Å drive landbruk i eit verdensarvområde som her i Vestnorsk fjordlandskap, krev særskilde hensyn. Jordbruksarealet blir drive tett på eit særprega bygningsmiljø, med Norges minste stavkyrkje, og i eit krevande brattlendt landskap ved Aurlandsfjorden djupt inne i Sogn, fortsatte statssekretær Wenche Westberg i Landbruks- og matdepartementet.
Verdsarv i Vestnorsk fjordlandskap
Undredal er ei sentral bygd i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden med sin kultur og natur. Landbruket og geitehaldet er med på å danne det særskilde preget som bygda har. Kulturlandskapet er ein viktig del av identiteten til bygda med aktive bønder og bratte jorde som blir både slått og beita. Les meir på nettsida til Norsk Kulturarv.
I 2023 vann Skjolden beitelag prisen.