Dei nye bevaringsstrategiane skal stake ut kursen for forvaltinga av kulturminne, kulturmiljø og landskap i Noreg. Kulturmiljøforvaltinga skal styrke samarbeidet på tvers av sektorar. Dette kan høvesvis vere reiselivet som vil vise fram kulturminne og -miljø, eller innbyggjarar i lokalmiljø som brenn for å ta vare på heimstaden sin.
– Eigarar, frivillige og lokal og regional forvalting gjer ein stor innsats for kulturarven vår seier riksantikvar Hanna Geiran. – Den beste forma for vern er gjennom aktiv bruk, og det ønskjer vi å leggje betre til rette for gjennom dei nye bevaringsstrategiane.
Nærare samarbeid med eigarar, frivillige og næringsliv blir viktigare når ein skal bruke og ta vare på kulturarven innan kyst og landbruk i framtida. Strategiane vil erstatte dagens bevaringsprogram.
– Bevaringsprogramma har vore særs viktig for å ta vare på kulturarven vår, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Når vi no leverer utkast til bevaringsstrategiar til regjeringa er det ei vidareføring og nødvendig fornying av forvaltinga av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Kulturminne langs kysten og i landbruket skal løftast opp og fram, og no er arbeidet med gå frå bevaringsprogram til bevaringsstrategiar i gang, seier Geiran.
På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet utarbeider Riksantikvaren forslag til bevaringsstrategiar for utvalde kulturmiljøtema. Bevaringsstrategiane blir eit av de viktigaste nye grepa i forvaltinga av kulturmiljø framover og skal bidra til at dei nasjonale måla på feltet blir nådd.
– Med dei nye bevaringsstrategiane så byggjer vi vidare på eit imponerande arbeid som er gjort gjennom bevaringsprogramma dei siste tjue åra, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø og bevaringsstrategi for landbrukets kulturmiljø
Kulturmiljøforvaltninga – Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget – har gjennom fleire år arbeida med kulturminne og kulturmiljø langs kysten og i landbruket. Landets kyst har rik historie og eit stort mangfald av kulturmiljø som eksempelvis sjøhus og naust, handelsstader og fiskevær. Det same gjeld for landbruket der bygningar, arkeologiske kulturminne og landskap frå jordbruk, skogbruk og reindrift er viktige identitetsmarkørar.
Riksantikvaren ønskjer eit tettare strategisk samarbeid med aktørar knytt til kystens- og i landbrukets kulturmiljø, og meiner det vil løfte arbeidet med viktige kulturmiljø.
Kulturmiljøa langs kysten og i landbruket er mange og særs viktige for å fortelje landets historie. Endringar i demografi, næringsliv og klima gjer bevaring utfordrande. Målet er å finne gode, langsiktige løysingar, der bevaring, bruk og utvikling sest i samanheng.
Strategiane har ulike deltema som er prioriterte område innan dei ulike felta. For landbruket er det Bygningar i jordbruket, Jordbrukslandskapet, Kulturmiljø i skog og Kulturmiljø etter reindrift. For kysten er det Sjøvegen, Naust og sjøhus – sjøen som ressurs og Ferie og fritid langs kysten. Deltemaa er valde fordi det finst utfordringar for kulturminna innanfor desse temaa, men også moglegheiter.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Meir om strategiarbeidet
Riksantikvaren har hatt forslag til begge dei to strategiane ute på høyring. I den prosessen fekk vi fleire innspel. Innspela er tilgjengeleg her:
Bevaringsstrategi for kulturmiljø i landbruket
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø
Har du spørsmål kring Riksantikvarens arbeid med bevaringsstrategiar? Ta kontakt med oss på e-post:
bevaringsstrategier@ra.no