Om Riksantikvaren
Kyrkjebevaringsfondet
Kyrkjebevaringsfondet er regjeringa si satsing for å ta vare på Norges kulturhistorisk viktige kyrkjer.
Regjeringa har sett av 10 milliardar kroner til ei tilskotsordning for kyrkjene, og etter planen skal kyrkjene få årlege midlar på inntil 500 millionar etter ei gradvis opptrapping. Opptrappinga skal sikre at det er nok kapasitet og kompetanse i marknaden for å gjennomføre planlagde prosjekt.
I revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det sett av 100 millionar til fondet, medan regjeringa har føreslått 300 millionar for 2025.
Det er Barne- og familiedepartementet som er ansvarleg for kyrkjebevaringsfondet og bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjer.
Programstyret
Departementet har utpekt eit programstyre som har ansvaret for forvaltninga av kyrkjebevaringsfondet. Den norske kirke leiar programstyret, medan Riksantikvaren og Hovedorganisasjonen KA har representantar i styret.
Programstyret er:
- Olav Fykse Tveit, styreleiar (Den norske kirken)
- Hanna Geiran (Riksantikvaren)
- Marit Halvorsen Hougsnæs (administrerande direktør i Hovedorganisasjonen KA)
- Jan Rune Fagermoen, assisterande direktør og avdelingsdirektør i Kirkerådet
- Astrid Nesbø, avdelingsdirektør Riksantikvaren
- Ingeborg Magerøy, seksjonssjef Riksantikvaren
Det er programstyret som avgjer tilskotsfordelinga. Sjå meir om tilskota.
Programsekretariatet
Riksantikvaren leiar programsekretariat for kyrkjebevaringsfondet. Sekretariatet håndterar dagleg drift og sakshandsaming, og leverer underlag for tilskot til programstyret.
Programsekretariatet er samansett av ansatte frå Riksantikvaren, Hovedorganisasjonen KA og Kirkerådet. Leiar for programsekretariatet er Oddbjørn Eide frå Riksantikvaren.
Programsekretariatet held til i Riksantikvarens lokalar i Trondheim, Bispegata 9b.
Kontakt kyrkjebevaringsfondet:
Ta kontakt på e-post: kirkebevaringsfondet@ra.no
Ring Riksantikvarens sentralbord: 22 94 04 00
Besøksadresse:
Bispegata 9B, Trondheim.