Nyheter

Ny verdsarvutstilling opna for Urnes stavkyrkje

Den nye utstillinga i Skjolden skal styrke formidlinga og forståinga av norsk verdsarv, og dens betydning for heile verda.

Publisert: 20. juni 2025

Bilde av Urnes stavkirke med fjord og fjell i bakgrunnen.
Urnes stavkirke ble oppført på Unescos verdensarvliste allerede i 1979. Foto: Leif Anker, Riksantikvaren

Fredag 20.juni opnar utstillinga «Vår verdsarv» for Urnes stavkyrkje i Fjordstova i Skjolden.

– Me har eit ansvar for å verna den norske verdsarven vår etter beste evne, men også for å formidla kunnskap om historien. Derfor er det viktig å få ei engasjerande utstilling på plass om den unike historia til Urnes stavkyrkje, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Unik i verdssamanheng

I Noreg er åtte område skrivne inn på FN-organisasjonen Unescos liste over verdas natur- og kulturarv: bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden), Vegaøyan og Urnes stavkyrkje.

Dei to første som vart skrive inn frå Noreg var nettopp Urnes stavkyrkje, saman med Bryggen i Bergen i 1979.

– Stavkyrkjene er Noregs viktigaste bidrag til verdsarkitekturen og blant dei eldste bevarte trebygningane i landet. Dei norske stavkyrkjene er unike i europeisk samanheng, og det er viktig å verne dei for framtida. Det er denne utstillinga eit godt bidrag til, seier avdelingsdirektør hos Riksantikvaren, Linda Veiby.

– Urnes stavkyrkje er noko av det viktigaste me har innan norsk kunst og historie. Både arkitektonisk, kunsthistorisk og som kjelde til kunnskap er Urnes stavkyrkje unik blant dei 28 stavkyrkjene som framleis finst i Noreg, seier Veiby.

Utstillinga «Vår verdensarv» formidlar informasjon om dei åtte norske verdensarvområda. Samtidig får besøkande bli med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturområde, og får informasjon om verdensarvkonvensjon frå 1972.

Norges Verdensarv har stått som ansvarleg for utviklinga av utstillingskonseptet og innhaldsproduksjon og – utvikling (og er Riksantikvarens hovudsamarbeidspartnar).

Plasseringa i Fjordstova i Skjolden er mellombels, i påvente av eit nytt verdsarvsenter på Ornes.

– Opninga av utstillinga «Vår verdsarv» i Skjolden ser me i Fortidsminneforeningen som ein milepæl på vegen mot realiseringa av verdsarvsenteret for Urnes stavkyrkje. Dette vil allereie i dag gi besøkjande til området ei større forståing av betydninga av den felles kulturarven i verda og slik bidra til eit utvida perspektiv på kulturskatten og lokalsamfunnet som kan opplevast nokre få mil vidare langs fjorden i bygda Ornes, seier Trude Knutzen Knagenhjelm, styreleiar i Fortidsminneforeningen.

Verdsarvutstillingar i Alta museum/verdsarvsenter for bergkunst, Norsk Fjordsenter/Geiranger, Vegaøyan og Røros bergstad og Circumferensen er allereie opna, og i 2026 og 2027 er det planar om installasjon i Hammerfest (Struves meridianboge), Aurland (Nerøyfjordområdet/Vestnorsk fjordlandskap), og Rjukan-Notodden industriarv.

Rik kyrkjehistorie

Urnes stavkyrkje vart oppført på Unescos verdsarvliste fordi ho er eit eineståande døme på tidleg kristen arkitektur i tre, og kombinerer norrøn kunst med europeisk kyrkjebygging.

Stavkyrkja er rikt utsmykka både utvendig og innvendig, og ligg i Luster i Sogn, omgitt av storslått vestlandsnatur. Ho vart truleg bygd som ei privat kyrkje, og den rike dekoren viser til mektige byggherrar.

Les meir om Urnes stavkyrkje her

Ornamentikken på eksteriøret kan tidfestast til rundt 1070. Utskjeringane og andre materialar er frå ei eldre kyrkje som vart riven då den noverande kyrkja vart bygd.

Urnesstilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje og er kjenneteikna av stiliserte dyr i kamp, samanfletta med tynne trådforma ormar.

Typisk er bruken av lykkjer, kontrasten mellom breie og smale linjer, og dei flytande omrissa. Stilen er den siste utløparen frå vikingtida sine stilartar.

I århundre har kyrkja vore innsett med tjære, som har halde trevirket ved like i meir enn 800 år. Stolpane står på ei ramme av sviller og grunnstokkar som kviler på eit lag med stein, noko som har bidrege til at kyrkja framleis står.

Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 1972 vedtok Unesco konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv, som i dag er mest kjend som verdsarvkonvensjonen.

Føremålet til verdensarvkonvensjonen er å identifisere og gje spesiell beskyttelse til kultur- og naturarv som har tyding for heile menneskeheita og komande generasjonar – på tvers av landegrensene.

I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen.

Plasseringa i Fjordstova i Skjolden er mellombels, i påvente av eit nytt verdsarvsenter på Ornes. Foto: Rønnaug Rauk Sundling, Riksantikvaren

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Detaljar frå Urnesportalen. Den særmerkte urnesstilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Den er kjenneteikna av flotte utskjeringar av svært høg kvalitet: stiliserte dyr i kamp samanfletta med tynne trådforma ormar. Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren