Nyheter

Årsrapport for 2019

I 2019 har det vore store endringar i kulturminneforvaltninga. Oppgåver er overført til fylkeskommunane, og Riksantikvaren skal i større grad vere ein pådrivar for kunnskapsutvikling og ny kulturminnepolitikk.

Publisert: 2. september 2020 | Endret: 29. januar 2024

Neptun sildoljefabrikk er freda av Riksantikvaren. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvaren sin årsrapport er ei årleg oppsummering av vårt arbeid. Rapporten inneheld informasjon om kva vi arbeider med, men også nøkkeltal knytta til prosjekta våre. Den er tilgjengeleg både på nett og i trykt utgåve.

Dersom du ønskjer ei trykt utgåve, ta kontakt med vårt postmottak på e-post eller telefon 22 94 04 00.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153