Kulturmiljø, kulturminner og landskap
Bygd og by
Bygder og byar fortel historiene om korleis vi menneske har levd, møttest og bygd samfunnet vårt opp gjennom tidene.
I alle bygder og byar finst det kulturmiljø som fortel om kvifor stadene har utvikla seg til akkurat det dei er i dag. Kulturmiljø i bygder og byar gir identitet og særpreg til stadene der vi møtest, og der vi bur. Det omfattar ei stor breidde av kulturmiljø i heile landet.
Handverk, kunnskap og tradisjonar gir liv til kulturarven. Bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal sikre at vi bruker og tek vare på heile breidda av dei historiske spora, bygningane og landskapa.
Gjennom denne strategien ønskjer vi å løfte kulturmiljø i bygder og byar og bidra med tiltak der behova er størst. Målet er å bevare og samtidig finne smarte langsiktige løysingar som gir nytt liv til kulturmiljø, og som skaper verdiar for framtida.
Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal bidra til at eit mangfald av kulturmiljø blir bevart og teke i bruk som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling.
Strategien skal òg bidra til engasjement for kulturmiljø i bygder og byar. Bevaringsstrategien har tre deltema som representerer område med særlege utfordringar og moglegheiter innanfor det omfattande kulturhistoriske temaet kulturmiljø i bygd og by.
Samtidig møter kulturminne og kulturmiljø utfordringar:
- Fråflytting i bygder og utbyggingspress i byane.
- Kompakt byutvikling kan vere klimavennleg, men samtidig utfordrande for grunna press på areala som kan bidra til at kulturmiljø går tapt.
- Overturisme kan medverke til press på kulturmiljø.
- Sentrum blir svekt som handels- og servicearena fordi handelsmønstera endrar seg.
- Endring i næring og arealbruk når funksjonar blir flytta eller sentraliserte kan bidra til svekking av kulturmiljø.
- Klimaendringane og auka påkjenningar på bygningar og natur.
Me skal ta tak i desse utfordringane ved å leggja vekt på tre arbeidsområde. Dette er i tråd med den nasjonale bevaringsstrategien for bygder og byars kulturmiljø, som har tre deltema.




