Nyheter

Delte ut 42,5 millionar – desse fekk pengar

Riksantikvaren delte ut 42,5 millionar kronar i tilskot til arkeologiske kulturminne i 2024. Her er nokre av dei spanande funna som vart gjort i Noreg i fjor. 

Publisert: 24. januar 2025

Oversiktsbilde som viser en åpnet gravhaug på Myklebust i Nordfjordeid.
Gravhaugen Rundehogjen på Myklebust ble åpnet igjen. Arkeologene fant som ventet rester etter det formidable vikingskipet som ble brent og gravd ned. Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren

– Eg får bakoversveis! Når vi gjer opp status for året i arkeologien så er det ikkje langt mellom høgdepunkta, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Kulturarven som ligg under bakken er sårbar, og i dei historiske jordbrukslandskapa våre er det eksempelvis ekstra viktig å vere varsam.

– Vi har ein stor kunnskapsbank under bakken i Noreg, og utvikling av ny kunnskap og teknologi gjer at vi stadig finn ut meir om fortida vår, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Tilskot til små og store prosjekt

Det er stor variasjon i kva Riksantikvaren gjev tilskot til innanfor arkeologifeltet. Her inngår blant anna utbetaling av finnarløn, sikringsundersøkingar og tilskot til bergkunst.

I 2024 vart det samla utbetalt 423 850 kronar i finnarløn, noko ein eksempelvis kan få dersom ein gjer funn med metallsøk. Til samanlikning vart det også delt ut 18 043 435 kronar til mindre private tiltak, som er den største budsjettposten.

– Tilskot frå Riksantikvaren går blant anna til utgifter ved arkeologiske utgravingar i samband ei rekke ulike tiltak i jordbruket, seier Geiran.

Ved planlegging av offentlege og større private tiltak pliktar den som er ansvarleg eller ansvarleg forvaltingsorgan å undersøke om tiltaket verkar inn på automatisk freda kulturminne. Dette kallast undersøkelsesplikta i kulturminnelova. Dersom ein finn ting frå fortida som er beskytta av lova, og dei må undersøkast eller beskyttast fordi noko nytt skal byggast, må den som byggjer betale for det.

Er det eit mindre  privat prosjekt, dekkjer Staten normalt sett alle kostnadar til arkeologiske arbeid. Men, dersom det ligg føre særlege grunnar kan staten bestemme at den skal betale noko eller alt:

– Byggeprosjekt er uføreseielege og nokre gongar dukkar det opp funn som gjer at ein må stanse bygginga for å la arkeologane undersøkje funna, sjølv i område kor ein ikkje kunne forvente dette ved planlegginga, seier Geiran.

– Ideelle organisasjonar som eksempelvis foreiningar og idrettslag har ofte avgrensa midlar. Difor prioriterer vi at statlege midlar skal stø opp om desse. Utgravinga kan fort bli dyrare enn ballbingen, seier Geiran.

Tilskotsordning  Tilskot i 2024
Utbetaling av tilskot fordi det ligg føre særlege grunnar:   kr 6 410 437 
Utbetaling av tilskot knytt til mindre private tiltak:   kr 18 043 435 
Utbetaling av tilskot til bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne – BARK:  kr 5 717 979  
Utbetaling av tilskot til bevaringsprogrammet for bergkunst – BERG:  kr 2 026 171 
Utbetaling av finnarløn:  kr 423 850 
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved sjøfartsmusea:  kr 6 923 368 
Utbetaling av tilskot til myndigheitsutøving ved landsdelsmusea:  kr 384 272 
Utbetaling av tilskot til sikringsundersøkingar:   kr 2 649 605 
SUM  kr 42 579 117 

Her er nokre av dei spanande funna som blei gjort i 2024:

Sølvarmringane i Årdal Eit av dei aller mest spanande funna i fjor var depoet med sølvarmringar som vart funne på Svadberg i Årdal. Utgravinga vart utført av Arkeologisk museum i Stavanger, og jubelen stod i taket då det dukka opp heile seks sølvarmband frå vikingtid. Funn av sølvgjenstander er ikkje uvanleg, men dukkar som regel opp tilfeldig i samband med arbeid eller etter søk med metalldetektor. At armringane vart funne inne i restane av eit nedbrend hus, gav funnet stor vitskapeleg verdi. Museet fann også ein sjeldan lås frå eit skrin eller ei kiste.

Sølvarmringane i Årdal Bilete av ringane slik dei vart funnen.
Foto: Universitetet i Stavanger
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS
Sølvarmringane i Årdal
Foto: Louise Monica Tandrup Jensen, Arkeologisk Museum, UiS

Hellemalingslokaliteter i Porsanger – I 2024 blei det funne to nye hellemalingsstader i Finnmark, i tillegg til funn som ble gjort i 2023 som no er dokumenterte. Dei seinaste funna er endå ikkje gjort offentlege. Norges arktiske universitetsmuseum har fått støtte gjennom Bevaringsprogrammet for bergkunst i 2024 til ulike oppgåver for å forvalte og sikre funna. Registrering og dokumentasjon av dei to nye hellemalingsstadene har også fått støtte gjennom programmet.

I Porsanger det er det rissa inn to figurar på fjellet Guoskatčhokka på ein stad med utsikt over fjorden. Hellemalingane er frå siste del av steinalder i nord. Slike stader kan tolkast som inngangar til underjordiske eller andre verder, ifølgje eldre samisk kosmologi om gudeverder og høvet til naturen.

Hellemaleri i Porsanger Bilete utan fargeforsterking.
Foto: Ingrid Sommerseth, Universitetet i Tromsø
Hellemaleri i Porsanger Bilete med fargeforsterking.
Foto: Ingrid Sommerseth, Universitetet i Tromsø

Grav med tre vikingkvinner i FitjarHausten 2024 vart det gravd ut tre graver ved garden Skumsnes i Fitjar. Arkeologane ved Universitetet i Bergen trur det kan vere snakk om så mykje som 20 graver i området. Gravene som vart graven ut høyrde til tre kvinner som budde her under tidleg vikingtid, rundt første halvdel av 800-talet. Ingen av gravene har rester etter levningar, men fleire spanande gjenstandar som blir viktig for framtidig forsking. Blant anna ein mynt frå dei danske vikingbyane Hedeby eller Ribe som kan daterast til 800-talet, 46 glassperlar og ein vulvastein.

KarnilshaugenDette er den største menneskeskapte gravhaugen på Vestlandet, og blant de største i Norden. Haugen ligg nokre kilometer nordvest for Sandane ved Gloppefjorden. Den er rundt 7 meter høg og over 50 meter i diameter, men var truleg større då den blei bygd. Ein har antatt at haugen var bygd av menneske, men sikker har ein ikkje vore før no. Georadar-undersøkingar utført av Universitetet i Stavanger viser at jordlaga i haugen er menneskeskapte. Karnilshaugen inngår som viktig del av konteksten i området rundt Rundehogjen på Myklebust, som igjen er ein del av kunnskapsgrunnlaget for ei mogleg oppføring av skipsgravane frå vikingtid på Noregs tentative liste for verdsarv.

Luftfoto av gravhaugen Karnilshaugen med utsikt mot Gloppefjorden.
Luftfoto av Karnilshaugen med utsikt mot Gloppefjorden.
Foto: Universitetsmuseet i Bergen
Bilde som viser Karnilshaugen, med fjellene og Gloppefjorden i bakgrunnen.
Karnilshaugen ligger i naturskjønne omgivelser. Her ser man Gloppefjorden og fjellene i bakgrunnen,
Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren
Bilde av Karnilshaugen tatt fra undersiden, ned mot fjorden.
Ruver i landskapet. Karnilshaugen er rundt sju meter høy, men var trolig opp mot ti meter da den ble anlagt.
Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren

MyklebustskipetDen arkeologiske undersøkinga av vikingskipshaugen på Nordfjordeid var ein av dei mest omtala sakane i norske presse i fjor. Blant dei ferske funna i haugen var over 500 skipsnaglar, ein bronsering og fleire moglege skjoldbuler. Det dukka også opp ein flaskepost, og inni den var det bevart ei kjærleikserklæring frå arkeologen som først gravde ut haugen. Talet på naglar tyder på at Myklebustskipet er eit av dei største vikingskipa vi kjenner til. Dette vart også stemt fram som årets funn i 2024 under Det Norske Arkeologmøtet i november i fjor.

Bilde som viser en 3D-modell fra luften av Rundehogjen i Nordfjordeid.
En 3D-modell fra luften av Rundehogjen på Myklebust. Bildet viser hvor arkeologene gikk inn - i samme sjakt som Anders Lorange i 1874.
Foto: Universitetet i Bergen
Oversiktsbilde som viser en åpnet gravhaug på Myklebust i Nordfjordeid.
Gravhaugen Rundehogjen på Myklebust ble åpnet igjen. Arkeologene fant som ventet rester etter det formidable vikingskipet som ble brent og gravd ned.
Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren
Bilde som viser riksantikvar Hanna Geiran med en av de mange skipsnaglene fra Myklebustskipet i hånden. I bakgrunnen sitter arkeolog Thomas Bruen Olsen.
Riksantikvar Hanna Geiran fikk selv delta i utgravingen. Her viser hun en av de mange skipsnaglene som ble funnet etter Myklebustskipet. I bakgrunnen arkeolog Thomas Bruen Olsen.
Foto: Jan Magnus Weiberg-Aurdal, Riksantikvaren

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Les meir om Arkeologi
Trær er roten til alt vern: En grønn materialbank på rot.

Roten til alt vern

Skogfylket Innlandet får 400 000 kroner av Riksantikvaren for å la de mest verdifulle trærne stå, til bruk for reparasjoner av framtidas kulturminner.