Om prosjektet
Aulestadlåven er eit godt døme på korleis ein kan kombinere kulturhistoriske verdiar med moderne bruk. Ved å ta utgangspunkt i dei opphavlege klimasonene har ein klart å bevare låven sitt særpreg og materialitet, samstundes som det er lagt til rette for formidling, utstillingar og publikumsaktivitetar i bygningen. Løysinga viser korleis tekniske installasjonar og nye funksjonar kan integrerast diskret, utan å gå på kompromiss med verneverdiar og oppleving.
VERNESTATUS
Fredet
ADRESSE
Aulestadvegen 8, Follebu
PROSJEKTET
Stiftelsen Lillehammer museum, RAM arkitektur, Rambøll, Gausdal Byggservice
KONTAKT
Stiftelsen Lillehammer museum
Historikk
Aulestad er kjend som heimen til diktaren Bjørnstjerne Bjørnson. Bjørnson budde på Aulestad frå 1875 til han gjekk bort i 1910. Eigedomen vart overdrege til Staten som nasjonaleigedom i 1934, og hovudbygningen blir opna som museum året etter. Jordveg og landbruksbygningar vart behalde i privat eige og drifta fram til 1980, da Staten kjøpte dei siste bygningane i tunet, inkludert låven. Sia da har det vore Maihaugen, og etter kvart Stiftelsen Lillehammer museum, som har forvalta bygningane og tunet, og drive staden som museum og kulturarena.
Aulestad ligg like vest for Follebu sentrum i Gausdal. Ein bjørkeallé fører frå fylkesvegen og opp til tunet, kor den store driftsbygningen med klokketårn ligg med langsida vendt ut mot vegen. Hovudbygningen ligg på ein liten kolle mot vest i eit øvre tun saman med vognskjul og drengestove, og med hageanlegget i skråninga ned mot fylkesvegen i sør. Lågare i terrenget mot aust ligg folkestove, stabbur, og eit nyare bustadhus med garasje. Den store driftsbygningen knyt øvre og nedre tun i hop.
Driftsbygningen er ein einskapslåve frå 1894 oppført i panelt bindingsverk med full kjellar i kvitkalka natursteinsmur. Arka midt på langfasaden mot sør har innfelt urskive og klokketårn. Låvebrua er plassert mot nord og nyttar terrengfallet for å koma inn på den øvste høgda i låven – køyringa. Fjøsdelen er konstruert som ei stor sinklafta tømmerkjerne innanfor ytterveggane i bindingsverk.
På låvekøyringa er det berre lagt til eit glasrekkverk for tryggleiken. Lyssettinga er ganske enkelt gamle fjøslamper. Foto: RAM arkitektur
Ved å ikkje klimatisere dei opne romma i låven, har ein beheldt den opphavlege opplevinga av låven, med lyset som slepp inn gjennom panelet, dei grove konstruksjonane og romhøgda. Foto: RAM arkitektur
Utfordringar og løysing
Etter at driftsbygningen ikkje lenger skulle brukast til landbruksføremål, vart det eit omfattande arbeid å setje i stand låven. Bygningen hadde mellom anna store skadar etter ein nyare betongkonstruksjon med grisefjøs. Andre tilbygg og seinare endringar vart òg fjerna, slik at låven vart ført attende til utforminga han hadde på Bjørnson si tid.
Det var ønskje om å leggje til rette for formidling og publikumsaktivitetar inne i låven, utan at det gjekk ut over fredingsføremålet og karakteren til bygningen. Fredinga omfattar eksteriør og urverk, men det var likevel viktig å behalde interiøret mest mogleg opphavleg.
Løysinga vart å spele på lag med dei opphavlege klimasonene i låven for å unngå endringar på innvendige overflater. Fjøset vart gjort til oppvarma areal for arrangementer og utstilling av klimasensitive objekt. Serveringskjøkken og toalett vart plassert i ein frittståande boks i rommet, medan ventilasjonskanalar vart skjult oppe på fjøstrevet og teknisk rom plassert i gjødselkjellaren. Det vart lagt isolasjon mellom laftekassa og utvendig panel, sett inn vareglas og utvida laftekassa med eit omfar for å få tilstrekkeleg etasjehøgde og isolasjon i taket.
Det opne, halvklimatiserte rommet på bakkeplanet, fôrsentralen, blir brukt til å ta imot grupper og til robuste utstillingar. Her er det garderobe og ein boks med lager og trapp til teknisk sone på fjøstrevet. Låvekøyringa øvst er tilgjengeleg via låvebrua frå den øvre sida av bygningen. Køyringa var opphavleg open på sidene, men er no sikra med rekkverk i glas for tryggleiken, utan å miste den opphavlege opplevinga. Dette arealet blir òg brukt til utstillingar.
Ved å ta utgangspunkt i dei opphavlege klimasonene er både opplevinga og dei kulturhistoriske verdiane tekne vare på. Samstundes har ein fått inn tekniske og praktiske funksjonar som klimaregulering, lyd- og presentasjonsutstyr, utstillingslys, kjøkken og toalett. Resultatet er at låverommet framleis blir opplevd som ein låve, men med moderne utstillingsfasilitetar på Aulestad.
Læringspunkt
- Å ta utgangspunkt i opphavlege klimasoner gjer det mogleg å bevare opphavlege bygningsdelar og overflater.
- Tekniske installasjonar kan integrerast diskret ved å bruke eksisterande konstruksjonar og rom som er mindre synlege eller tilgjengelege.
- Frittståande boksar er en god løysing for nye funksjonar i større rom, utan å endre verneverdig interiør.
- Glasrekkverk kan sikre tryggleiken og samstundes bevare den opphavlege romopplevinga.






