Kystens kulturmiljø
Sjøveien
Sjøvegen har til alle tider vore ein viktig kommunikasjonsåre. Før utbygginga av veger, bruer og tunneler var det sjøen som bandt landet saman, og båten var vårt viktigaste framkomstmiddel.
Kva er sjøvegen?
Sjøvegen var ein føresetnad for busetting, utvikling og næring langs heile norskekysten. Her finst gravrøyser og gravhaugar frå jernalderen og bronsealderen. Frå og med 1600-talet finn vi gjestgjevarstader, skysstasjonar, postopneri og handelsstader langs ferdselsårene. Fra midten av 1700-talet og frem til den russiske revolusjonen i 1917 var det utstrakt handel mellom Pomorar frå Kvitsjø-området i Nordvest- Russland og Nord-Norge. På midten av 1800-talet og framover skjedde det store endringar langs kysten. Dei første dampskipa blei satt i rute mellom storbyane. Handelsprivilegium blei oppheva, og det blei etablert nye handelsverksemder fleire stader langs kysten. Råfisklova (1936) og etablering av Råfisklaget (1938) markerte byrjinga på slutten for handelsstadene. Kysten har også hatt stor tyding for forsvaret av Noreg. Allereie i vikingtida blei det organisert eit kystforsvar, omtala som leidangsordninga.
Prioriteringar
Riksantikvaren har ei rekke prioriterte aktiviteter knytt til sjøvegen. Her er det mange kulturminne og kulturmiljø som har eit stort potensial, og som kan få tilskot til verdiskaping. For sjøvegen gjeld dette spesielt hamner, handelsstader, post- og anløpsstader, fartøy, skipsvrak, og arkeologiske kulturminne under vatn.
Treng du inspirasjon? Då finn du eksempel på gode prosjekt i Riksantikvaren sin eksempelsamling. Fleire av desse er relevante for kystens kulturmiljø, blant anna D/S “Hestmanden”, Engelskmannsbrygga, Havnnes Handelssted, og Håkon-jensa Brygga.
Fartøy
Vi har i dag rundt 300 verna eller freda fartøy. Dette er mellom anna ferjer, passasjerfartøy, fiskebåtar, kvalfangstskip, fraktefartøy og fritidsbåtar. Langs kysten og innover i fjordane gjekk det rutebåtar, og det vart anlagt dampskipskaier der det vaks fram små strandstader. Fartøyvern handlar om å ta vare på den flytande kulturarven vår. I Noreg har vi levd ved og av havet til alle tider, og fartøya fortel ein viktig del av historia vår. Fartøy forfell raskare enn kulturminne på land. Dei fleste verna og freda fartøya er bygde med materialar og tekniske løysingar som krev kontinuerleg vedlikehald.
Hamner, handelsstader, post- og anløpsstader
Allereie i vikingtida fanst det mange handelsstader langs kysten i Noreg. Gode hamner var viktige for handel og kontakt med omverda, både nasjonalt og over Skagerrak og Nordsjøen, og vidare ut i verda. Spor etter historiske hamner er ofte knytt til fiske eller varetransport og byar, og nokre har i dag veteranskipshamner. Handelsstadene utvikla seg og fekk bustader for handelsmannen og væreigaren, mindre bustader for andre som arbeidde på handelsstaden, samt sjøhus, bryggjer og naust. Etter kvart kom det gjestgjevarstader, både langs hovudvegane og langs kysten, slik at reisande kunne få mat og trygg overnatting. I uthamnene langs Agderkysten kunne handelsskip, som gjekk i trafikk mellom Nordsjøen og Austersjøen, søkje natt- og naudhamn, få forsyningar og gjennomføre reparasjonar.
Skipsvrak og arkeologiske kulturminne under vatn
Kulturminne og kulturmiljø under vatn og i hamner er svært viktige for å forstå livet langs kysten og bruken av sjøvegen, frå steinalderen og fram til i dag. Skipsvrak og kulturminne som ligg langs norskekysten er ein kunnskapsbank som skildrar fleire tusen år med kysthistorie. Det arkeologiske materialet frå desse stadene er viktig for forsking og forvaltning, og særleg bein og treverk kan vere godt bevarte under vatn.
Bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø
Les hele bevaringsstrategien for kystens
kulturmiljø på regjeringen.no
Kontakt Riksantikvaren:
Merk e-post med «Bevaringsstrategi Kystens kulturmiljø»
postmottak@ra.no