Fagområder

Tekniske og industrielle kulturminne

Tekniske og industrielle kulturminne vitnar om framveksten av det moderne Noreg og strukturelle endringar i samfunnet.

Sjølingstad Uldvarefabrik ble freda i 2019, og er fremdeles i delvis drift. Bildet er fra appreturen i fabrikken, maskinen vi ser her kalles våtappreturen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Industrialiseringa av Noreg har sett mange spor etter seg i landskapet, og har skapt mange nye kulturminne.

Strukturelle endringar innanfor industrien har bidratt til at mange tekniske og industrielle kulturminne vart ståande tomme etter at den opphavlege drifta vart lagt ned. Men det finst mange gode eksempel på ny bruk av dei historiske industrianlegga med nye næringar og arbeidsplassar. Samstundes blir nye tekniske og industrielle kulturminne skapt i takt med nye endringar i samfunnet.

Kva er tekniske og industrielle kulturminne?

Riksantikvaren definerer tekniske og industrielle kulturminne slik:

Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som er av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapeleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne omfattar bygningar og produksjonslinjer med maskineri, transport og annan infrastruktur, så vel som stadar brukt til sosiale aktivitetar som bustadar, religiøse byggverk, skolar, rekreasjons- og grøntanlegg.

Dei komplekse anlegga med mange ulike typar kulturminne gir til saman ei spanande forteljing om norsk næringsliv og industrihistorie.

Riksantikvarens bevaringsprogram

Gjennom bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 prioriterte anlegg stønad til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

I tillegg gir Riksantikvaren fagleg og økonomisk stønad til andre anlegg som dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Atlungstad Brenneri i Stange kommune. Foto: Anke Loska Riksantikvaren
Atlungstad Brenneri i Stange kommune. Er ett av anleggene som er med i bevaringsprogramma
Foto: Anke Loska, Riksantikvaren
Neptun Sildoljefabrik Sildoljefabrikken sett overnfra.
Foto: Trond Isaksen
Spillum dampsag og høvleri. Trallebanen forbinder hele produksjonslinjen ved Spillum Dampsag & Høvleri. Trallebanen går mellom – og gjennom – saghuset, tørka, kinoen, paraplyen, pakklageret og hele veien til utskipingskaia.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Publisert: 4. august 2022 | Endret: 3. oktober 2024