Klyngjetunet på Osmundnes i Gloppen er freda
Vi har i dag få godt bevarte klyngjetun att. Osmundnes fortel ei historie om bu- og driftsformar i eit område med dramatiske naturtilhøve.

Klyngjetunet på Osmundes er eit kulturminne av nasjonal verdi og Riksantikvaren har freda bygningane i tunet og eit område rundt. Målet er å ta vare på det som eit kulturhistorisk viktig døme på eit gamalt klyngjetun i Nordfjord.
Osmundnes vart bygd og drive under særeigne naturtilhøve. Området syner kulturlandskapet i landbruket – med ferdslevegar, steingardar, bakkemurar, frukt- og lauvingstre, beite og tidlegare dyrka flater. Det marine miljøet med naust, brygge og stører/vorrar er òg omfatta av fredinga.
Fredinga skal sørgje for å ta vare på verdfulle uttrykk for den historiske utviklinga til gardane og bygningane. Det er vidare eit mål å ta vare på viktige bygningshistoriske og arkitekturhistoriske trekk ved Osmundnes. Det gjeld både den spesielle utforminga som syner korleis menneska har tilpassa seg naturkreftene og dei særsynte konstruksjonsformene i fleire av uthusa.
Garden er nemnd i kjelder frå mellomalderen, og det er og materielle spor frå denne tida bevart på garden i dag. Enkelte bygningar kan ha særs høg alder, og elles er det grunn til å tru at undersøkingar innafor det freda området kan datere enkeltminne og drifta generelt langt tilbake i tid. Hovudtyngda av bygningane slik dei står i dag er truleg frå perioden 1700 – 1900, men i tillegg til at nokre enkeltbygningar kan være eldre, er det høgst truleg at hovudtrekka ved plasseringa av dei er gamle.