No blir D/S «Bjoren» freda
Riksantikvaren har freda dampbåten D/S «Bjoren» – eit unikt, levande kulturminne frå den tidlege samferdsla i Noreg.
– Dampbåten D/S «Bjoren» er ein viktig del av Noregs historie. Gjennom fredinga av «Bjoren» tek me vare på eit levande kulturminne og ei viktig forteljing om samferdsel, teknologi og daglegliv i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– At dampbåten framleis er i bruk kvar sommar, til glede for turistar og lokalsamfunn, er eit viktig døme på korleis ein kan ta vare på kulturminne gjennom bruk, legg han til.
Eit levande kulturminne
D/S «Bjoren» er ein av dei siste vedfyrte, flytande dampbåtane i Noreg, og representerer tidleg samferdsle på Sørlandets innsjøar. Båten vart bygd i 1867 ved Akers Mekaniske Verksted og har i hovudsak vore i drift på Byglandsfjorden.
Gjennom fleire tiår var «Bjoren» ein sentral del av transportsystemet i Setesdal, og fungerte som eit viktig bindeledd mellom kyst og innland.
– Saman med jernbanen spelte dampbåtane ei avgjerande rolle i utviklinga av samferdsla i Noreg, og «Bjoren» er eit levande vitne om denne historia. Båten er framleis i drift i dag, og fraktar passasjerar kvar sommar, seier fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen
Båten var i fleire tiår ein del av eit samanhengande transportsystem med andre dampbåtar.
– «Bjoren» er det 17. fartøyet som vi gjer den høgthengande statusen som freda skip for sin store nasjonale verdi. Den er òg berre det femte av dei freda skipa som seilar i ferskvatn, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Den er eit sjeldan døme på eit fartøy med svært lang og samanhengande historie på same staden. Fredinga sikrar at denne historia lev vidare også i framtida, seier Geiran.
Heider til frivillig innsats
Fredinga er òg ei anerkjenning av innsatsen til dei mange frivillige og eldsjelene som gjennom fleire tiår har teke vare på fartøyet.
– Det er takka vere denne innsatsen at «Bjoren» framleis er eit levande kulturminne, til glede for både innbyggjarar og tilreisande, seier dagleg leiar ved Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira.
Program for dagen
Markeringa startar kl. 12 med musikalsk innslag, etterfølgd av talar frå mellom andre fylkesordførar Arne Thomassen. Det blir òg formidling av historia til «Bjoren», før riksantikvar Hanna Geiran gjer den høgtidelege fredinga av båten.
Etter det offisielle programmet blir det mingling på brygga med servering, aktivitetar for barn og høve for publikum til å bli med på båttur.
Praktisk informasjon
Tid: Laurdag 13. juni kl. 12.00
Stad: Bjoren brygge, Bygland
Arrangementet er ope for alle. Ved dårleg vêr blir delar av programmet gjennomført i telt.
-
Fredningsår
13.06.2026
-
Region
Agder
-
Eierskap
Privat
-
Datering
1867
-
Enkeltminne
Fartøy: Dampbåt
Fredningsdokumenter
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153




