Dei frivillige på kulturvernfeltet har generelt hatt ei svakare regional organisering enn til dømes i idretten. Dette vil Noregs Kulturvernforbund gjere noko med:
– Vi tykkjer dette er ei spanande satsing, seier seksjonssjef Jarle Vaage hos Riksantikvaren. – Kulturvernforbundet ønskjer å samordne det frivillige feltet for å skape eit betre samarbeid mellom de frivillige laga og det offentlege, samt museum og arkiv. Dette er ein ganske ny måte å jobbe med frivilligheita på fylkesnivå for kulturarvfeltet.
Det nye nettverket skal skape regionale møteplassar, aktivitetar og arrangement for dei lokale laga, og samordne arbeidet i prosjekt, høyringar, seminar og konferansar.
Kulturmiljømeldinga «Nye mål i kulturmiljøpolitikken — Engasjement, bærekraft og mangfold» vektlegg engasjement som eit av tre nasjonale mål.
– Dette prosjektet treffer godt for å skape eit felles engasjement innan frivilligheita på kulturvernfeltet, seier Vaage. – Vi er også opptatt av korleis nettverket kan mobilisere dei frivillige til innsats i dei kommande bevaringsstrategiane for landbruket og kulturmiljø ved kysten.
I 2023 fekk Noregs Kulturvernforbund tilskot til ei tilsvarande satsing i Trøndelag.
– Vi er opptatt av at desse prosjekta samlar og deler erfaringar som viser nytteverdi for både frivilligheita sjølve, fylkeskommunen og andre samarbeidspartnarar på regionalt nivå, seier Vaage. – Her kan vi lære mykje som alle kan dra nytte av for å finne både suksessfaktorar og barrierar for godt engasjement og god samhandling på regionnivå.
Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:
Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Riksantikvaren har som mål at verdiskapingsprosjekt skal vere gode eksempel på rolla som kulturmiljøa kan spele i samfunnsutviklinga. Verdiskaping er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.
Riksantikvaren skal legge til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partnarar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.
Pressekontakt:
Ring oss: 404 65 153.
Send e-post: kom@ra.no