Nyheter

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2018?

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2018.

Publisert: 4. april 2018 | Endret: 30. januar 2024

Bilde av Rindegården i Brevik ved eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn var fjorårets mottakere av kulturminneprisen. Foto: Monica Lill Normann og Mads Rogn
Kulturminneprisvinner 2017 Rindegården i Brevik ved eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn var fjorårets mottakere av kulturminneprisen. Foto: Monica Lill Normann og Mads Rogn

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

Nominasjonsfristen er 30. juni 2018.

Her finn du meir informasjon om prisen og nominasjonsskjema.

Tidlegare vinnarar

2017: Rindegården v/eierne Monica Lill Normann og Mads Rogn

2016: Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager

2015: Else «Sprossa» Rønnevig

2014: Hjerleid skole og håndverkssenter

2013: Johannes Rørtveit

2012: Geirr Vetti

Dato 04.04.2018 13:33 endret 04.04.2018 14:18

Mer informasjon:

Her finn du meir informasjon om prisen og nominasjonsskjema.