Høringer og kunngjøringer

Avslutta høyring: Forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø

Riksantikvaren sender no ut eit forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø for å få innspel. Fristen for å sende inn innspel er den 2. mai 2024.

Publisert: 1. mars 2024 | Endret: 7. mai 2024

Engøyholmen, Engøyholmen Kystkultursenter Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvaren har fått i oppdrag av Klima- og miljødepartementet å lage forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø. No er forslaget klart og vi opnar for høyring.

Den nye strategien skal være eit verktøy for å nå nasjonale mål på kulturmiljøfeltet. Riksantikvaren har gjennom fleire år arbeida med kulturminne og kulturmiljø langs kysten. Landets kyst har rik kulturhistorie og eit stort mangfald av kulturmiljø. Kulturmiljøa langs kysten er mange og særs viktige for å fortelje landets historie. Endringar i demografi, næringsliv og klima gjer bevaring utfordrande. Eit strategisk samarbeid mellom aktørar på kysten vil løfte arbeidet med viktige kulturmiljø, der bevaring, bruk og utvikling sest i samanheng. Bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø skal bidra til å finne gode, langsiktige løysingar for bevaring og bærekraftig bruk og forvalting

Riksantikvaren sender no forslag til bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø ut på høyring. Vi vonar at så mange som råd ønskjer å kome med innspel til strategien.

Digitalt høyringsmøte

Riksantikvaren arrangerer eit digitalt høyringsmøte for strategien den 11. april 2024. Påmeldingen er nå stengt, hvis du har spørsmål kan du gjerne sende en e-post til arrangement@ra.no

Vil du kome med innspel?

Merknadar og innspel sendast innan 2. mai 2024 til postmottak@ra.no. Merk e-post med «Høring bevaringsstrategi for kystens kulturmiljø».

Spørsmål?

Kontakt

Dag Erlend Lohne Mohn
dag.erlend.lohne.mohn@ra.no