Verdensarv
Urnes stavkyrkje
Både arkitektonisk, kunsthistorisk og som kjelde til kunnskap er Urnes stavkyrkje unik blant dei 28 stavkyrkjene som framleis finst i Noreg.
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje vart bygd på 1130-talet og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er ei av dei eldste bevarte stavkyrkjene og eit eksempel på framifrå handverk og treskurd. Kyrkja er rikt utsmykka både utvendig og innvendig, og ligg i Luster i Sogn, omgitt av storslått vestlandsnatur. Ho vart truleg bygd som ei privat kyrkje, og den rike dekoren viser til mektige byggherrar.
Spor etter tidlegare kyrkjer
Ornamentikken på eksteriøret kan tidfestast til rundt 1070. Utskjeringane og andre materialar er frå ei eldre kyrkje som vart riven då den noverande kyrkja vart bygd. Grunnen under kyrkja viser spor etter tre tidlegare kyrkjer, den eldste kan ha vore bygd i den eldste kristne tida på Ornes. Dagens kyrkje er den fjerde på staden. I århundre har kyrkja vore innsett med tjære, som har halde trevirket ved like i meir enn 800 år. Stolpane står på ei ramme av sviller og grunnstokkar som kviler på eit lag med stein, noko som har bidrege til at kyrkja framleis står.
Urnesstilen
Urnesstilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje og er kjenneteikna av stiliserte dyr i kamp, samanfletta med tynne trådforma ormar. Typisk er bruken av lykkjer, kontrasten mellom breie og smale linjer, og dei flytande omrissa. Stilen er den siste utløparen frå vikingtida sine stilartar. Urnesstil finst òg i smykke og bokilluminasjonar. Mykje av treskurden frå ei eldre kyrkje er brukt om att i dagens kyrkje. På nordveggen finn ein fleire attbrukte, rikt dekorerte veggplankar, ein portal og ein hjørnestolpe. Desse utskjeringane er den mest framståande delen av 1000-talet sin dekor i Urnes. Innvendig har kyrkja utskjeringar i romansk stil med bogar på søyler og bygningsdekor, tilpassa frå stein til tre. Opphaveleg var det svalgang rundt heile kyrkja, men denne vart riven på 1700-talet. På vestsida står det ein rekonstruert svalgang.
Interiøret
Urnes stavkyrkje er framleis i bruk, og utstyret høyrer med til historia. I kyrkja er det bevart ein praktfullt dreia stol frå mellomalderen, truleg brukt av biskopen. Over inngangen til koret heng eit krusifiks med Kristus, Maria og apostelen Johannes. Etter reformasjonen vart det sett opp kyrkjestolar, ein preikestol i 1695 og ei ny altertavle i 1699. Kortilbygget frå rundt 1600 er dekorert med rankedekor og ståande apostlar med innskrifter frå credo – truvedkjenninga.
Bla i bilder av Urnes stavkirke
Stavkyrkjene
Stavkyrkjene er Noregs viktigaste bidrag til verdsarkitekturen og dei eldste bevarte trebygningane i landet. Rundt 1350 fanst det truleg over 1000 stavkyrkjer, men i dag er det berre 28 att. Dei fleste ligg i indre Austlandet og indre fjordstrøk på Vestlandet.
Stavkyrkjene er mellom dei fremste byggverka i tre frå mellomalderen. Namnet kjem frå dei berande stolpane eller stavane i veggkonstruksjonen. I mellomalderen fanst stavkyrkjer og liknande konstruksjonar over heile Nordvest-Europa, men berre i Noreg er desse kyrkjene frå mellomalderen bevarte, med unntak av Hedared kyrkje i Sverige og Greensted kyrkje i England.
Eineståande
Dei bevarte stavkyrkjene er ikkje identiske, men tilhøyrer ulike typar avhengig av tid, handverksgrupper og ambisjonsnivå. Nokre har mange søyler, andre færre, og nokre er enkle med berre eitt rom. Mange er rikt dekorerte med utskorne portalar og søyler.
Dei norske stavkyrkjene er unike i europeisk samanheng, og det er viktig å verne dei for framtida. I 2001 starta Riksantikvaren eit systematisk arbeid med istandsetjing av alle stavkyrkjene, som vart fullført i 2015. Få trekyrkjer står på Unesco si verdsarvliste, i motsetning til dei europeiske katedralane, latinamerikanske kolonikyrkjene og vakre klosteranlegg.