Beitelaget har arbeid med restaurering av den gamle bufarvegen som både er eit viktig kulturminne og ein viktig veg inn i området som gjer beiting mogleg. Det er òg sett opp fleire bruer over elvene i området, ofte etter flaumskade. Det blir jobba med kulturmarks-skjøtsel med slått, beiting og istandsetting av kulturminne i form av bufarvegar, stølar, og biologiske kulturminne slik som dei såkalla «styvingstrea». Medlemmene i beitelaget eropptekne av å ta vare på stølane og kulturminna. Dette gjer stølane meir tilgjengelege for folk.
Les meir om tildelinga av prisen på Stiftinga Norsk Kulturarv sine nettsider.
Kulturlandskapsprisen – Årets jury:
- Sandra Borch, Landbruks- og matminister – Juryleiar
- Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag
- Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk bonde- og småbrukarlag
- Jørn Rolfsen, administrerande direktør i Landbruksdirektoratet
- Hanna Geiran, riksantikvar
- Jørn Holme, styreleiar i Stiftelsen Norsk Kulturarv
Prisen er tidlegare tildelt:
- 2007 – Hjartdal kommune, Telemark og ordførar Olav Tho
- 2008 – Herand Bygdelag i Jondal kommune, Hordaland
- 2009 – Nordherad-prosjektet i Vågå kommune, Oppland
- 2010 – Vegaøyans Venner
- 2011 – Maridalens Venner
- 2012 – Historiske hager ved Marianne Olssøn og Ingeborg Sørheim, Ringsaker
- 2013 – Hauan Gard, Re kommune
- 2014 – Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
- 2015 – Fruktbygda SA, Gvarv i Telemark
- 2016 – Ikkje utdelt pris
- 2017 – Bøndene på Kvitsøy
- 2018 – Torhild Langklopp og Roar Svenning – Troningen gård på Stokkøya i
- 2019 – Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, Nordland
- 2020 – Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap,
- 2021 – Reinert Kjølleberg, Vanse i Agder
- 2022 – Nettverket Stange Vestbygd, Innlandet