Kulturmiljø, kulturminner og landskap
Bygder og byar
Bygder og byar fortel historiene om korleis vi menneske har levd, møttest og bygd samfunnet vårt opp gjennom tidene.
I alle bygder og byar finst det kulturmiljø som fortel om kvifor stadene har utvikla seg til akkurat det dei er i dag. Kulturmiljø i bygder og byar gir identitet og særpreg til stadene der vi møtest, og der vi bur. Det omfattar ei stor breidde av kulturmiljø i heile landet.
Handverk, kunnskap og tradisjonar gir liv til kulturarven. Bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal sikre at vi bruker og tek vare på heile breidda av dei historiske spora, bygningane og landskapa.
Gjennom denne strategien ønskjer vi å løfte kulturmiljø i bygder og byar og bidra med tiltak der behova er størst.
Målet er å bevare og samtidig finne smarte langsiktige løysingar som gir nytt liv til kulturmiljø, og som skaper verdiar for framtida.
Samtidig møter kulturminne og kulturmiljø utfordringar:
- Fråflytting i bygder og utbyggingspress og fortetting i byar.
- Klimaendringane og auka påkjenningar.
- Kompakt byutvikling kan vere klimavennleg, men samtidig utfordrande for kulturmiljøa fordi ho legg press på areala.
- Overturisme og press på kulturmiljø.
- Sentrum blir svekt som handels- og servicearena fordi handelsmønstera endrar seg.
- Kulturmiljø som går av bruk når funksjonar blir flytta eller sentraliserte.
Samfunnet skal ta tak i desse utfordringane ved å leggje vekt på tre deltema.



