Bygder og byar
Der vi bur
Bustadbygginga forteljer om samfunnsutviklinga og korleis folk har levd.
Bustadbygginga representerer store kulturmiljøverdiar fordi ho bidreg til å fortelje om samfunnsutviklinga og korleis folk har levd.
Bygningane består av mange ulike bustadtypar, som store residensar med tilhøyrande parkanlegg, små og store einebustader med hagar, arbeidarbustader, rekkjehus, bygardar og leilegheitskompleks. Uthus, garasjar og bakgardsbygningar er òg ein del av dette.
Under bakken kan det liggje spor etter busetjing langt tilbake i tid, og arkeologiske kulturminne kan bidra til å kaste lys over korleis bustadområda har utvikla seg. Mange stader der det bur folk i dag, valde dei å busetje seg også i tidlegare tider.
Til saman utgjer dei arkeologiske kulturminna og dagens bygningar ei rik og mangfaldig historie om menneska som har levd og verka i bygder og byar. Ein del av bustadene er godt bevarte, medan andre delar kan vere ombygde og prega av fortetting eller fråflytting. Når eit mangfald av bustadtypar og heilskaplege bustadområde er bevarte, er det enklare for innbyggjarane å bli kjende med historia til staden.
Dette deltemaet skal bidra til å synleggjere og sikre kulturmiljøverdiar i bustadområde.
I deltemaet «Der vi bur» blir tre område prioriterte
- småhus og hagar
- gjenreisingshus
- drabantbyar
Områda er valde ut fordi dei rommar særskilde utfordringar og moglegheiter.
Småhus og hagar
Småhus med tilhøyrande hagar og grøntområde kan representere store kulturmiljøverdiar.
«Småhus» blir her brukt om frittliggjande eller samanbygde bustadhus. Det kan vere små og store einebustader, fleirfamiliebustader og villaer med hage. Felles for denne typen busetnad er at bygningane gjerne har hagar og grøntområde knytte til seg. Fleire stader finst det småhusbusetnad som har vakse og utvikla seg over tid; andre stader er bustadområda bygde ut over ein ganske kort tidsperiode, med einskapleg struktur og uttrykk.
Bustader og hagar speglar òg eit kulturelt mangfald. Bustader som blei oppførte og brukte av urfolk og minoritetsgrupper, som samiske og kvenske/norskfinske samfunn, viser ulike livsformer og bustadtradisjonar. Desse bidreg til å synleggjere mangfaldet i norsk kulturhistorie. Auka kunnskap om bustad- og hagetradisjonane til ulike kulturar utfordrar etablerte førestillingar om til dømes kva ein hage er, og dermed kva vi vurderer som verdifulle kulturminne. Dette er særleg viktig for å løfte fram kulturmiljø som tidlegare har vore oversett eller underrepresentert i forvaltinga. Spora frå dei ulike historiske periodane og tradisjonane knytte til små og sårbare minoritetskulturar er mange stader i ferd med å forsvinne heilt. Desse er ofte vesentlege berarar av stadens historie, identitet og særpreg.
Gjenreisingshus
Med gjenreisingshus meiner vi her hus som blei bygde som ein del av gjenreisinga av Noreg etter andre verdskrigen. Dette var gjerne typehus, det vil seie eit standard utforma bustadhus som var designa for å kunne bli produsert i større antal.
Desse typehusa finn vi i mange bygder og byar, og særleg i Nord-Troms og Finnmark, der store delar blei brende i 1944 og krigens øydeleggingar var spesielt store. Gjenreisinga etterpå sette sitt preg på heile landsdelen. Allereie før krigen var det stort behov for bustader. Under krigen gjekk omkring 20 000 bustader tapt, og dermed blei behovet endå større. Trass i knappe ressursar blei ei storstilt bustadbygging sett i gang straks etter freden i 1945. Dei første bygningane var sette saman av tilgjengelege og til dels tilfeldige materiale på staden. Svært få av dei er bevarte i dag, men dei fortel historia om den første tida etter krigen og kor viktig det var å utnytte det vesle ein hadde.
Gjenreisingsdirektoratet (seinare Boligdirektoratet) leidde arbeidet med standardiserte typeteikningar og lokal oppfølging. Husbanken bidrog med finansiering. Gjenreisingshusa blei bygde raskt, med enkle materiale og prefabrikkerte bygningsdelar. Dei er kjenneteikna av ei funksjonell utforming og eit nøkternt arkitektonisk uttrykk, ofte med korsplanløysing og saltak.
Drabantbyar
Drabantbyane er ein viktig del av den sosiale bustadbygginga etter andre verdskrigen. Bustadbehovet etter krigen måtte avhjelpast raskt, og i dei store byane dekte ein behovet mellom anna ved å byggje nye små bysamfunn av nøye planlagd blokkbusetnad utanfor bykjernen. Før nemninga «drabantby» kom i bruk, kalla ein gjerne desse bysamfunna for sovebyar: Folk sov i bustaden sin om natta og pendla til bykjernen for å jobbe om dagen.
Drabantbyane er kulturmiljø som fortel om den sosialdemokratiske ideologien i etterkrigstida. Det skulle byggjast sosiale fellesskap og sunne oppvekstmiljø. Blokkleilegheitene var moderne og praktiske og hadde samtidig ein moderat pris. Det vesle bysamfunnet skulle tilby dei viktigaste fellesskapsfunksjonane, som daglegvarebutikk og skule. Nokre stader var det òg kyrkje og kulturtilbod. Lys, luft og natur i byen var viktig og blei både eit ideal og eit førande prinsipp i planlegginga. Drabantbyane hadde derfor store, luftige grøntareal for leik og rekreasjon, og dei blei gjerne skilde både frå byen og frå kvarandre med større naturområde. Dei første drabantbyane i 1950-åra hadde relativt låg blokkbusetnad med opptil fire etasjar. I 1960- og 70-åra blei blokkene høgare.



