Avgjørelser i klagesaker

Kystlyngheia Lygra. Klage på avslag frå Vestland fylkeskommune på søknad om tilskot frå post 71.

Vår referanse 24/02036

Publisert: 25. oktober 2024

Riksantikvaren har avgjort ei klage på avslag på søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2024 kap. 1429 post 71. Søknaden gjaldt skjøtsel av kulturlandskap på Lygra. Avslaget frå Vestland fylkeskommune er grunngitt med at tilskotsforskrifta og statsbudsjettet for 2024 ikkje opnar for å gje tilskot til kulturminne som ikkje er freda.

Riksantikvaren fant at tilskotsforskrifta ikkje gir heimel for å gje tilskot til kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda. Tidlegare statsbudsjett, mellom anne frå 2022 og 2023, opna for at regionalforvaltninga i særlege tilfelle kunne gje tilskot til ikkje-freda kulturminne dersom dette vart gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar. Tidlegare tildelingar til Lyngheisenteret er gjeve på dette grunnlaget. I statsbudsjettet for 2024 er denne moglegheita tatt ut.

 

Riksantikvaren stadfesta avslagsvedtaket frå Vestland fylkeskommune. Klaga blei ikkje tatt til følgje.