Riksantikvaren har avgjord klaga på Vestland fylkeskommunes avslag på søknad om tilskot til gjenoppretting av tapet i stover. Fylkeskommunen begrunna avslaget med at dei skadde tapeta ikkje var originale og ikkje av betydning for formålet med fredinga. Det ville derfor ikkje komma meirkostnader som kan krevjast dekt.
Riksantikvaren vart samd med fylkeskommunen, og grunngav avgjerda med at tilskotsmidla i hovudsak skal nyttas til å dekkja meirkostnader som følgjer av krav til antikvarisk utføring. Klaga vert ikkje teke til fylgje.