Den komande norske storfilmen Markens grøde er Noregs Oscar-kandidat, allereie på kortlista til European Film Awards og invitert til ei rekkje filmfestivalar verda over.
Store delar av filmen vart spelt inn på den freda fjellgarden Ormelid – også kjent som Ormeli – i Luster i Sogn.
– Det er veldig flott at ein av Noregs mest særmerkte fjellgardar no får ei hovudrolle på filmlerretet. Kulturminne får ekstra verdi når dei blir oppdaga, brukte og opplevde av fleire. Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Ormelid vart freda av Riksantikvaren i 2011. Garden ligg 450 meter over havet og er rik på biologiske og kulturhistoriske verdiar. Tunet og innmarka er difor ein del av Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL).
Høgdegarden har dei siste åra fått fleire tilskot frå Riksantikvaren til istandsetjing av bygningane og vedlikehald av kulturlandskapet, gjennom tilskotsordninga for freda kulturminne i privat eige.
– Riksantikvaren sitt mantra er at bruk er det beste vernet. Ormelid har busetjingshistorie og jordbruksdrift 4000 år tilbake i tid. Det er fantastisk at eit freda kulturminne som dette òg kan brukast til moderne kulturformidling, og kanskje ende opp i Hollywood, seier Geiran.
– Ormelid er ein unik del av den norske kulturarven, og fortel historia om korleis nordmenn levde og klarte seg i bratt og ulendt terreng gjennom generasjonar. Ei filminnspeling som dette gjer at garden får ny relevans og blir ein levande del av samfunnet. Det applauderer eg, seier Geiran.
Filmen, som er basert på boka til Knut Hamsun med same namn, har premiere 30. oktober.
Regissør Hans Petter Moland sa dette om valet av Ormelid då innspelinga byrja i fjor:
– Filmteamet har lett i fleire år etter ein stad som kunne bera Sellanraa på film. Å finna ein rett stad har vore heilt avgjerande for å kunna fortelja historia, sa Moland i ei pressemelding.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Norsk storfilm brukte freda gard
– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.

