Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei ordning som er basert på frivillig samarbeid og stort lokalt engasjement. Jordbruket bidrar til å ta vare på kulturlandskapet, som med sine kulturminne og sitt naturmangfald har stor verdi. Områda utgjer eit eksklusivt utval nasjonalt og dei gir grunnlag for flotte opplevingar for både fastbuande og tilreisande.
I dag markerte klima- og miljøminister Ola Elvestuen og landbruks- og matminister Jon Georg Dale at ni nye område er på plass i 2018.
Innan 2020 vil vi dermed ha 46 utvalde kulturlandskap i jordbruket, noko som er ein dobling sidan 2016.
Det er Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet som har utpeikt dei nye utvalde kulturlandskapa etter ei tilråding frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren.
Sjå pressemelding og oversikt over dei nye utvalde landskapa på regjeringens nettsider
Les meir om satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket på Landbruksdirektoratet sine nettsider
Dato 22.06.2018 15:48 endret 22.06.2018 16:29