Nyheter

Skal dela ut 152,7 millionar til eigarar av freda bygg

Riksantikvarens tildeling til fylkeskommunane og Sametinget er klar.

Publisert: 5. februar 2026 | Endret: 4. februar 2026

Et tradisjonelt trehus med gresstak ligger i en grønn åsside, med et lite skur i nærheten og fjellene i bakgrunnen.
Høydegården Ormelid i Luster i Vestland mottok tilskudd til istandsetting av bygningene og vedlikehold av kulturlandskapet i 2025. Foto: Stiftinga Ormelid

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til freda bygningar og kulturmiljø i privat eige til fylka og Sametinget.

No er årets tildeling klar, med ein pott frå regjeringa på 152,7 millionar kroner.

Sjå heile tildelinga til alle fylka og Sametinget nedst  

– Det er ei glede å kunna dela ut tilskot til freda bygningar og kulturmiljø i privat eige over heile Noreg. Private eigarar gjer ein uvurderleg innsats for å ta vare på den felles kulturarven vår, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Riksantikvaren deler ut 142,6 millionar kroner no, og resten av midlane blir delt ut seinare.

Det er viktig å understreka at Riksantikvarens tildeling først går til fylkeskommunane og Sametinget, og dei fordeler til eigarar i sine område.

Kva eigarar av freda bygg som får tilskot er enno ikkje klart.

Men Riksantikvaren har teke imot tre søknader direkte frå Den Gamle Krigsskole i Oslo, og dessutan Kommisjonsgården og Infanterikasernen i Fredrikstad. Her er det gjort ei direkte tildeling på 750 000 kroner til Kommisjonsgården og 700 000 kroner til Krigsskolen.

Støttar istandsetjing og vedlikehald

– Utan eigarane ville fleire bygg forfalle over heile Noreg. Den fantastiske innsatsen og engasjementet deira gjer at me kan ta vare på den norske kulturarven, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Eigarar kan søkja om tilskot til istandsetjing og vedlikehald, og for å dekkje såkalla antikvariske meirkostnadar.

Det er ei auke i både talet på søknader og i søknadssummar i år samanlikna med 2025.

– Eg gler meg til å sjå den endelege fordelinga av desse tilskota, og korleis dei kan bidra til å løfte dei freda bygningane og kulturmiljøa våre, seier Geiran.

– Fylkeskommunane og Sametinget har god oversikt over behovet på sitt område. No skal dei vurdera og prioritera søknadene, seier ho.

Blant dei som mottok tilskot i fjor var variasjonen som alltid stor.

Handelsstaden Nerstua på Tussøy i Troms fekk mellom anna tilskot for å reparera torvtaket, og dessutan utskifting av røykrøyr.

Huset vart freda av Riksantikvaren på seinsommaren i fjor.

Rørvik gard på Hamarøy i Nordland fekk også tilskot til omfattande restaureringsarbeid, medan Yttersø gard i Larvik i Vestfold fekk støtte til gjenoppføring av gavl på hovudhuset.

Til høgdegarden Ormelid i Luster i Vestland – som har busetjingshistorie 4000 år tilbake i tid – vart det gitt midlar til istandsetjing av bygningane og vedlikehald av kulturlandskapet.

Innlandet får mest – igjen

Det er Innlandet som får mest i tilskot med 28,7 millionar kroner. Fylket fekk også mest i tilskot i 2025, med 30,3 millionar.

Vestland får nest mest med 25,2 millionar kroner, medan Rogaland får 12,6 millionar.

Fylkeskommunane og Sametinget har fått 518 søknader på til saman 411, 9 millionar kroner for 2026. Det er ein auke frå 482 søknader og 325,9 millionar i 2025.

Søknader frå privatpersonar utgjer 67 prosent av søknadene i tal, og 52 prosent av den totale søknadssummen. Andre søkjarar er andre private aktørar, eller aksjeselskap og stiftingar.

Formålet med tilskotsordninga er å ta vare på freda kulturminne og kulturmiljø i privat eige og å bidra til at dei blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer.

Tilskotsordninga skal sikra kulturminne og kulturmiljø sin verdi som kjelde, og  gode opplevingar for folk i alle aldre, og leggja til rette for berekraftig verdiskaping og bruk.

Et trehus med gresskledd tak står ved en innsjø, omgitt av grønn gressplen, fjell og overskyet himmel. Et hvitt gjerde og en sykkel står på gårdsplassen.
Nerstua på Tussøy i Troms mottok blant annet tilskudd for å reparere torvtaket, samt utskifting av røykrør. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Et toetasjes trehus med hvit kledning, store vinduer og grått tegltak, plassert på en gresskledd hage med nakne trær.
Yttersø gård i Larvik mottok støtte til gjenoppføring av gavl på hovedhuset i 2025. Foto: Ragnar Kristensen
Tre røde trelåver med gule dører og gresstak står nær et steingjerde og en treport i et landlig landskap under en delvis overskyet himmel.
Rørvik gård på Hamarøy i Nordland mottok tilskudd til omfattende restaureringsarbeid i 2025. Foto: John G. Skogvoll

Tilskudd Post 71 - 2026

wdt_ID Søker Søknadssum i kr Tilskudd i kr
1 Agder   15,045,525 6,100,000
2 Akershus  7,112,319 2,845,000
3 Buskerud  16,050,266 5,793,250
4 Finnmark  1,203,291 591,000
5 Innlandet  70,824,366 28,700,000
6 Møre og Romsdal  22,329,504 7,789,300
7 Nordland  31,047,279 7,150,000
8 Oslo  44,761,529 9,551,730
9 Rogaland  30,358,547 12,600,000
10 Sametinget  13,115,645 4,550,000
11 Telemark  27,788,356 6,633,000
12 Troms  8,911,971 3,406,330
13 Trøndelag  20,407,896 8,163,160
14 Vestfold  5,734,250 2,551,500
15 Vestland  77,954,258 25,235,270
16 Østfold  19,256,095 9,449,590
17 Sum: 411,901,097 141,109,130
Søker Søknadssum i kr Tilskudd i kr

Fakta:

Tilskudd til fredete kulturminner i privat eie er en tilskuddspost på statsbudsjettet.

Hele tilskuddsposten er i 2026 på 152,7 millioner kroner.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
Riksantikvar Hanna Geiran.
Riksantikvar Hanna Geiran Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren.