Nyheter

Oddbjørn Eide skal leie kyrkje­bevarings­fondet

Riksantikvaren har no tilsett Oddbjørn Eide som dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.    

 

Publisert: 28. juni 2024 | Endret: 13. august 2024

Kyrkebevaringsfondet: degleg leiar Oddbjør Eide.
Dagleg leiar av kyrkjebevaringsfondet: Oddbjørn Eide skal leie kyrkjebevaringsfondet i Trondheim. Foto: Hovedorganisasjonen KA.

Han startar i stillinga 23. september. 

– Oddbjørn Eide har brei erfaring som leiar og har god innsikt i vedlikehaldsutfordringar i kyrkjesektoren, seier Turid Kolstadløkken, avdelingsdirektør hjå Riksantikvaren. – Han har stort engasjement for vern og bruk av kyrkjene, og vi gleder oss til å få han med på laget.  

Eide har lang fartstid frå kyrkjeforvaltning som leiar av kyrkjeleg fellesråd i Stjørdal dei siste 12 åra. Han er også nestleiar i styret for Hovedorganisasjonen KA, arbeidsgivarorganisasjonen for kyrkjelege organisasjonar.  

– Gjennom mine 12 år som kyrkjeverje har eg kjend på det store ansvaret som ligg i å ha ansvar for våre fantastiske kyrkjebygg, seier Eide. – Eg håper å kunne bidra til at fondet blir ei viktig støtte for å ivareta kyrkjene våre og lette byrda for kyrkjeeigarane. Kyrkjene våre er berarar av vår felles tros- og kulturarv, og å få bidra til bevaringa deira gjennom denne stillinga er noko eg ser fram til. 

Sete i Trondheim 

Programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet skal ha sete i Trondheim, og er leia av Riksantikvaren. Sekretariatet vil bestå av dagleg leiar og skal ha totalt 12 tilsette frå samarbeidspartnarane i arbeidet med kyrkebevaringsfondet. Sju av dei tilsette kjem frå Riksantikvaren, mens Hovedorganisasjonen KA har tre og Den norske kyrkja har 1,5 tilsette i sekretariatet.

Programstyret for kyrkjebevaringsfondet er leia av Den norske kyrkja ved preses Olav Fykse Tveit, medan Riksantikvaren har tre plassar i styret, og Kyrkjerådet og Hovedorganisasjonen KA har ein representant kvar.

Kyrkjebevaringsfondet har nett lyst ut dei første tilskotsmidlane.

Pressekontakt

Ring oss: 404 65 153
Send e-post: kom@ra.no