Kirkebevarings­fondet

Kirkebevaringsfondet er regjeringa si satsing for å ta vare på Norges kulturhistorisk viktige kyrkjer Fondet er et samarbeid mellom Riksantikvaren, Den Norske kirke og KA. 

Follebu kirke er omfatta av bevaringsstrategien for kirker.
Follebu kyrkje er ei middelalderkyrkje i stein frå 1200-talet. Foto: Trude Isaksen, Riksantikvaren

Regjeringa har sett av 10 milliardar kroner til ei tilskotsordning for kyrkjene, og etter planen skal kyrkjene få årlege midlar på inntil 500 millionar etter ei gradvis opptrapping. Opptrappinga skal sikre at det er nok kapasitet og kompetanse i marknaden for å gjennomføre planlagde prosjekt.  

I 2025 vart det sett av 300 millionar til fondet, medan det i 2024 vart sett av 100 millionar.  

Det er Barne- og familiedepartementet som er ansvarleg for kyrkjebevaringsfondet og bevaringsstrategien for kulturhistorisk viktige kyrkjer.

Programstyret og programsekretariatet

Departementet har utpekt eit programstyre som har ansvaret for forvaltninga av kyrkjebevaringsfondet. Den norske kirke leiar programstyret, medan Riksantikvaren og Hovedorganisasjonen KA har representantar i styret.  

Programsekretariat for kyrkjebevaringsfondet håndterar dagleg drift og sakshandsaming, og leverer underlag for tilskot til programstyret. Riksantikvaren leiar programsekretæriatet

Kontakt kirkebevarings-
fondet:

Ta kontakt på e-post:
kirkebevaringsfondet@ra.no
Sentralbord: 922 41 321

Besøksadresse: 
Bispegata 9B, 7012 Trondheim.

Last ned brosjyre
for kirkebevaringsfondet

Publisert: 29. november 2024 | Endret: 19. september 2025