Hovudfokus har vore verdiskaping langs dei historiske ferdselsåra Den Trondhjemske Postveg og Kystpilegrimsleia. Prosjektet har utmerka seg ved godt aktørsamarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt. Programmet har vore gjennom ein første fase på tre år og planlegg i desse dagar ein oppfølging i tre nye år.
Riksantikvaren vil framover formidle erfaringar frå verdiskapingsprosjekta i nye prosjektforteljingar. Det er utvikla mykje kunnskap og læring som vi håper kan inspirere andre aktørar, lokalsamfunn og regionar til å ta i bruk kulturmiljø i lokal og regional utvikling.