Denne meldinga erstattar tidlegare melding om oppstart frå 10.01.2012. Den tidlegare meldinga hadde til føremål å sikre og ta vare på Slinningsbua som eit viktig kulturminneKulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne. Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid. Det skilles mellom løse og faste kulturminner. i Ålesund. I den vart Slinningsbua skildra som autentisk og lite endra, men med behov for sikringSikring: Sikring innebærer alle tiltak for å beskytte kulturminner og kulturmiljøer mot skade og tap. Sikring kan blant annet dekke istandsetting, vedlikehold og skjøtsel, dokumentasjon og juridiske tiltak. Sikring kan også skje ved arkeologisk utgravning for å ta vare på kulturminnets kunnskapsverdi. og istandsetjing. Dette arbeidet er no i gang, og målet er å få sett bygget i stand slik at det kan nyttast på nytt.
Mange av dei ubrukte sjøhusa ligg på svært sentrale stader langs kysten, og er ofte blitt båe signalbygg og landemerke i nærmiljøet. I samband med dette ser vi òg behov for å utvide fredingsomfanget for å bevare verknaden av kulturminnet Slinningsbua som ein tydeleg silhuett i landskapet. Vi sender med dette ei ny melding om oppstart av fredingssak som òg inneheld eit utvida fredingsområde som går ut i vatnet kring sjøhuset.
Bevaring gjennom bruk
Sjøhus langs kysten i Noreg representerer eit stort potensial for å gje eksisterande bygningar nytt liv gjennom ny bruk. Kystens kulturmiljøEt område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger., inkludert sjøhusa, eit prioritert område for Riksantikvaren. Det å finne moglegheiter for ny bruk, og samstundes klare å ta vare på bygningens historiske særpreg og eigenart, er avgjerande for vellukka og berekraftige resultat.
Kystens kulturmiljø – ein eige ressurs
Fredinga av Slinningsbua er ein del av ein mykje større samanheng innafor Noregs kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur. Betegnelsen kulturarv blir særlig brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltningen, arkivverket og museumssektoren, sammen med kommunene og lokale lag og foreninger.. Slinningsbua har stor betyding for arbeidet som blir gjort i satsinga på kystens kulturmiljø. I handlingsplanen for bevaringsstrategien for kysten er Slinningsbua nemnd spesielt, for med å freda og setje ho i stand til ny bruk, så kan me og få mykje viktig kunnskap om:
Gjenbruk av eksisterande bygningar
Slinningsbua er eit stort sjøhus og med det eit døme på ein type kulturminne/bygningstype det finst svært mange av langs kysten – men som har gått ut av bruk, og ofte stått ubrukt i fleire tiår.
Dei gamle sjøhusa er ofte uisolerte, enkle konstruksjonar og har difor naturleg lufting. Det gjorde at mange sjøhus slapp unna problem med råte. Sjølv om mange har forfalle på grunn av manglande bruk og vedlikehald, er det likevel mange som er bevarte og tilgjengelege for ny bruk.
Her er det òg mykje å lære om korleis vi både skal setje i stand og klimasikre bygningar som er utsatt for mykje ver, vatn og vind. Dette er eit viktig arbeid som er i startgropa.
Vil du kome med innspel?
Merknadar og innspel sendast innan 25. januar 2026 til postmottak@ra.no.
Merk e-post med saksnummer 25/01122, eller «Høyring Slinningsbua».
Spørsmål?
Kontakt
Marit Vestvik
marit.vestvik@ra.no
Sigrid Murud, seksjonssjef
sigrid.murud@ra.no
Viktig lovendringsforslag med betydning for forvaltning av kulturmiljø er på høring
Energidepartementet har lagt ut forslag til endringer i energilovgivningen og plan- og bygningsloven på høring, med frist for innspill den 15. januar 2027. Endringene vil berøre kulturmiljøfeltet på flere områder.
Høringsvar til forslag til endringer i vassdragsreguleringsloven og vannressursloven for undersøkelser og avbøtende tiltak i vassdrag
Riksantikvaren har sendt høringssvar til på forslag til endringer i vassdragsreguleringslover og vannressursloven fra Energidepartementet
Foreslår å frede deler av Haldenkanalen
Riksantikvaren foreslår å frede 14 kulturmiljøer i Haldenkanalen, fra Skulerud i nord til Tistedal i sør. Høringsfrist er 30.september 2026.

