─ Å halde dei historiske bygga i god stand er ei investering for framtida. Vi oppmodar også fylkeskommunane til å gi tilskot til freda bygg på sine eigne budsjett, seier riksantikvar Jørn Holme.
Budsjettvinnarar
I Østfold skal ni millionar kroner gå til refundamentering av Kongegården i Halden. Nordland får sju millionar kroner i år. Oppland, Telemark og Hordaland er dei fylka som har flest freda bygg i privat eige. Oppland får 13 millionar, Telemark ni millionar og Hordaland 9,5 millionar kroner i år.
Ein del av pengane skal gå til dei freda kulturmiljøa i Noreg. Dette gjeld òg for kulturmiljøa der freding er undervegs, som Levanger og Skudeneshavn. I tillegg vil det bli fordelt om lag fem millionar kroner til istandsetjing av mellomalderbygg.
Nokre av fylka som blir tildelt mindre beløp, har unytta tildelingar frå tidlegare år. Desse kan òg nyttast til istandsettingsprosjekt i løpet av 2016.Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen for å få informasjon om dei ulike istandsetjingsprosjekta i fylket.
Oversikt over tilskot 2016:
Mottakar | Post 71 |
Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap | |
Akershus | 3 000 000 |
Aust-Agder | 1 000 000 |
Buskerud | 6 000 000 |
Finnmark | 1 500 000 |
Hedmark | 5 000 000 |
Hordaland | 9 500 000 |
Møre og Romsdal | 5 000 000 |
Nordland | 7 000 000 |
Nord-Trøndelag | 5 000 000 |
Oppland | 13 000 000 |
Oslo | 1 500 000 |
Rogaland | 4 000 000 |
Sogn og Fjordane | 5 000 000 |
Sør-Trøndelag | 5 000 000 |
Telemark | 9 000 000 |
Troms | 2 500 000 |
Vest-Agder | 2 000 000 |
Vestfold | 4 000 000 |
Østfold | 10 000 000 |
Sametinget | 2 000 000 |
Dato 16.02.2016 10:09 endret 16.02.2016 10:16
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153