15 utvalde tekniske og industrielle anlegg får støtte gjennom en fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.
─ Industrilokale og tekniske anlegg har hatt mykje å seie for næringslivshistoria i Noreg. Vi ønskjer at publikum også i framtida skal få oppleve denne delen av historia, derfor er målet vårt å ta vare på eit utval viktige industrianlegg, seier riksantikvar Jørn Holme.
Folldal kobbergruver i Hedmark frå 1748, som i dag er eit aktivt museum, er årets store satsing. Folldal gruver får seks millionar kroner, og blir ferdig restaurert i år. Riksantikvaren har òg prioritert Rjukanbanen, som vart skriven inn på UNESCOs verdsarvliste som del av Rjukan-Notodden industriarv i sommar. Rjukanbanen får over ni millionar kroner.Atlungstad brenneri (3,8 millionar) og Bredalsholmen verft (4,8 millionar) er òg blant budsjettvinnarane i år. I tillegg til dei 15 utvalde anlegga har nokre andre tekniske og industrielle kulturminne fått støtte til istandsetting. Eit av desse er Vigsnes gruver på Karmøy, som får 2 500 000 kroner.
Samla søknadssum i 2016 var om lag 157 millionar kroner. Riksantikvaren hadde om lag 54 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 34 % av den samla søknadssummen.
Oversikt tilskot, Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle anlegg 2016:
Mottakar | Tilskot |
Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark | 3 874 093 kr |
Bredalsholmen verft, Kristiansand, Vest-Agder | 4 828 334 kr |
Fetsund lenser, Fet, Akershus | 3 142 501 kr |
Folldal gruver, Folldal, Hedmark | 6 067 500 kr |
Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland, i Østfold og Akershus |
1 728 000 kr |
Kistefos træsliberi, Jevnaker, Oppland | 1 114 834 kr |
Klevfos cellulose og papirfabrikk, Løten, Hedmark | 1 251 102 kr |
Neptun sildoljefabrikk, Hadsel, Nordland | 2 017 999 kr |
Næs jernverk, Tvedestrand, Aust-Agder | 1 264 417 kr |
Odda smelteverk, Odda, Hordaland | 3 522 143 kr |
Rjukanbanen, Tinn, Telemark | 9 692 826 kr |
Salhus trikotagefabrik, Salhus, Bergen, Hordaland | 3 179 531 kr |
Sjølingstad uldvarefabrik, Lindesnes, Vest-Agder | 4 437 721 kr |
Spillum dampsag & høvleri, Namsos, Nord-Trøndelag | 2 446 667 kr |
Tyssedal kraftstasjon, Odda, Hordaland | 1 695 000 kr |
Andre anlegg:
Mottakar | Tilskot |
Vigsnes gruver, Karmøy, Rogaland | 2 500 000 kr |
Minneslippen, Minnesund, Eidsvoll, Akershus | 300 000 kr |
Gloster Gladiator 423, Kjeller, Skedsmo, Akershus | 25 000 kr |
Eventuelle førehandstilsegn for 2017 kjem i tillegg.
Dato 29.03.2016 12:53 endret 29.03.2016 13:45
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153