Nyheter

Verdiskaping med sjøhus i Sunnhordland

Region Sunnhordland får 1 mill. kroner i verdiskapingsmidlar til det toårige prosjektet Framtid for kulturhistoriske sjøhusbygningar i Sunnhordland.

Publisert: 27. april 2023 | Endret: 29. januar 2024

Sjøhus i Sunnhordaland skal bli viktige i verdiskapingen.
Kvalvåg i mai 2022. Sjøhusene i Sunnhordaland skal bli viktige i verdiskapingen. Foto: Kristin Magnussen, Austevoll kommune

Mange sjøbruksbygningar går tapt av di samfunn og næring har endra seg. Tapsprosenten er høg i Sunnhordland og langs kysten. Det overordna målet med prosjektet er difor å styrka vern av sjøbruksbygningar i regionen.

– Med tilskotet ynskjer vi å styrkje at sjøbruka kan vere ein ressurs for lokal verdiskaping og utvikling, samstundes som vi sikrar dei kulturhistoriske verdiane, seier prosjektleiar Ellen Urheim Tveit for samarbeidet i Sunnhordland om kulturminner i kommunen.

 Prosjektet er eit samarbeid mellom åtte kommunar og Sunnhordland museum, og er ein oppfølging av dei kommunale kulturmiljøplanane. Blant anna skal dei skapa ein betre praksis for bevaring og gjenbruk av sjøbruksbygningar.

– Vi meiner at prosjektet vil vere eit forbilde for tilsvarande innsats og prosessar andre steder i landet, seier seniorrådgjevar Geir Tvedt hjå Riksantikvaren. Sunnhordland har framleis ein levande kystkultur, men vi veit frå tapstala at den materielle delen av fiskarbondens sitt rike er sterkt trua av forfall og utbygging.

Prosjektet skal engasjera eigarar, næringsliv og lokalsamfunn/organisasjonar, bevisstgjera  og heve kompetansen hos eigarar og kommunar om moglegheitene for bruk, endring og gjenbruk.

Sjøhus i Kvalvåg.
Kvalvåg. Kjenner du igjen sjøhusene fra bildet over? Det er de samme husene, selv om det er flere år mellom bildene. Foto: Austevoll kommune
Sjøhus i Kvalvåg.
Brennevinsbua i mai . Slik ser Brennevinsbua ut i dag, ytterst på kaia i Kvalvåg. Foto: Kristin Magnussen, Austevoll kommune