Avgjørelser i klagesaker

Tjelmeland. Etne kommune. Klage på avslag frå Vestland fylkeskommune på søknad om løyve til inngrep i eit automatisk freda kulturminne. Kulturminneloven § 8 første ledd.

Vår referanse: 24/01451

Publisert: 17. mars 2025

Riksantikvaren har avgjort klage på Vestland fylkeskommune sitt avslag på søknad om dispensasjon frå kulturminneloven for bygging av ein landbruksveg på Tjelmeland i Etne kommune. På eigedomen er det registrert spor frå bronsealderen.

Fylkeskommunen avslo søknaden på grunn av manglande opplysningar om kulturminnet sitt omfang og karakter. Det vart påpeikt at bevarte kulturlag frå bronsealderen er sjeldne og viktige å bevare. Fylkeskommunen meinte at det framleis var mange alternative løysingar som kunne utgreiast før ein eventuell dispensasjon kunne gis.

Riksantikvaren fann at fylkeskommunen si utgreiings- og informasjonsplikt etter forvaltningsloven § 17 ikkje var oppfylt i saka. Vi påpeikte at det er behov for ei tilleggsregistrering for å få ei meir heilskapleg forståing av kulturminnet sin karakter og utstrekning, før ein kan fatte eit vedtak etter kulturminneloven § 8 første ledd.

Riksantikvaren oppheva fylkeskommunen sitt vedtak og sende saka tilbake til fylkeskommunen for ny handsaming.