Korleis forvalte kultur­miljø og land­skap av nasjonal interesse

Rettleiar for kommunal og regional forvaltning

Ei oversikt der dei tidlegare registera Nasjonale interesser i by (NB!) og Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA) inngår. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal vere eit kunnskapsgrunnlag som skal medverke til berekraftig forvaltning av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse.

1Innleiing

Vardøhus Festning.
Vardøhus Festning. Foto: Trond Isaksen, Riksantivkvaren

Kulturmiljø og landskap er viktige fellesgode for oss, og komande generasjonar. Menneskeskapte spor og lokalt særpreg dannar grunnlag for verdiskaping og utvikling. Spor frå fortida kan gjere eit område meir attraktivt og vere ein ressurs og eit grunnlag for t.d. god nærings- og bustadutvikling, sirkulærøkonomi og miljø.

Omgjevnaden vår har alltid vore i endring, men no skjer endringane raskare enn nokon gong. Klimatiske endringar er vår tids store utfordring. Kulturmiljø og landskap utsettast for store påkjenningar og endringane utfordrar forvaltninga sitt arbeid med å ta vare på viktige kulturhistoriske verdiar og interesser.  Bygge-, samferdsels- og energisektoren er også med å påverke våre kulturmiljø og landskap. Utbygging av infrastruktur, utvinning av mineral for å møte det grøne skifte og fortetting av bymiljø for å nå klimamål er også utfordringar som kan medverke til at viktige kulturmiljø- og landskapsverdiar går tapt. Vi treng difor kunnskap om kva verdiar som finnast i våre kulturmiljø og landskap og kva som skal til for å ta dei i vare. Verdiane og heilskapen i desse områda kan vere viktige for lokalsamfunn om dei takast i vare på ein god måte.

Bygningsmiljø På Fiskevollen Ved Sølensjøen i Rendalen Kommune.
Bygningsmiljø På Fiskevollen Ved Sølensjøen i Rendalen Kommune. Foto: Øystein Lia, Innlandet Fylkeskommune

I denne rettleiaren ynskjer Riksantikvaren å styrke kunnskapsgrunnlaget og gje gode verktøy til dykk som forvaltarar kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse. Kommunar, fylkeskommunar og Sametinget har ei svært viktig rolle i å skape lokalt engasjement og spreie kunnskap om verdiane i desse områda.

Rettleiaren er delt inn to delar. Den fyrste delen inneheld bakgrunn og faglege kriterium for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. I del to vil kapitela innehalde rettleiing om bruk av ulike verkemiddel, som kan medverke til å ta i vare kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse på ein god måte.

Det er ynskjeleg at oversikten skal auke engasjementet, ikkje berre for områder av nasjonal interesse, men også for kulturmiljø og landskap som er av lokal eller regional interesse.

2Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Bakgrunn

Oversikta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er bygd på dei nasjonale måla for kulturmiljøforvaltninga, Europarådets landskapskonvensjon, og etablert i tråd med bestillinga i Meld. St. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken». Oversikta tek utgangspunkt i dei eksisterande registera; NB!-registeret (Kulturmiljøer av nasjonal interesse i byer og tettsteder), og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). I tillegg skal oversikta inkludere fleire kulturmiljø; som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik fell utanfor dei to eksisterande registera. Dette kan til dømes vere industrimiljø, militæranlegg, fløytingsvassdrag, kanalanlegg, drabantbyområder, ytre byområde, rekreasjonsområde eller liknande.

Nye nasjonale mål i kulturmiljøpolitikken, Meld.St. 16.

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø
  • Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging
  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk

Formål

Riksantikvaren vil med denne oversikta signalisere tidleg og tydeleg kva for kulturmiljø- og landskapsinteresser det må takast særskild omsyn til i arealplanlegging og utvikling. Oversikta skal vere eit kunnskapsgrunnlag for kommunar og andre myndigheiter. Oversikten skal dekke spekteret av kulturmiljø i by, tettstad og landskap av nasjonal interesse. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse vil ligge i Riksantikvarens offisielle database Askeladden og gjort tilgjengeleg for offentlegheita gjennom nettsida Kulturminnesøk.

Kunnskapsgrunnlaget som ligg til grunn i val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal hjelpe forvaltninga når ulike omsyn skal vektast i berekraftig utvikling for framtida.

Kulturmiljø og landskap er del av den endringa som skjer i vår omgjevnad, og med dette skal Riksantikvaren også fylgje opp og oppdatere innhaldet i oversikta. For å sikre ei god forvaltning av kulturmiljø og landskap er det viktig at oversikta sikrar at ny kunnskap og nye vurderingar ligg til grunn for å definere nye områder som har nasjonalt interesse, endre avgrensing eller vurdere eit område til å ikkje lenger vere av nasjonal interesse. Dette arbeidet vil gjerast i nær kontakt med regional kulturmiljøforvaltning og aktuelle kommunar.

Målet med å samle kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i ei oversikt er:

  • vise mangfaldet av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, der alle landets fylkes er representert.
  • å bidra til auka kunnskap og medvit om kulturmiljø og landskap i kommunar og relevante sektorar
  • å gi tidleg og tydeleg signal frå kulturmiljøforvaltninga om kva kulturmiljø og landskap det må takast særskilt omsyn til i planlegging og utvikling av areal.

Nasjonal interesse

Nasjonal interesse som omgrep, vert fyrst og fremst nytta i verdisetjingsprosessar i samband med plan- og bygningslova. Det markerer at kulturmiljøverdiar på nasjonalt nivå kan være involvert.

Verdivurdering som ligg til grunn for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse byggjer på eit sett kriterium og kulturmiljøfagleg vurdering.

Nasjonal interesse

Omgrepet nyttast fyrst og fremst i verdisetjingsprosessar i arbeid med plan- og bygningslova. Det

markerer at kulturminneverdiar på nasjonalt nivå kan vere involvert.

Nasjonal verdi

Verdi som tilskrivast kulturminne eller kulturmiljø knytt til viktige fasar og forhald i landets

historie. Eit kulturminne eller kulturmiljø av nasjonal verdi kan også bli tillagt regional og/eller lokal verdi.

Kva betyr det at eit kulturmiljø og landskap har nasjonal interesse

Eit kulturmiljø eller landskapet er av nasjonal interesse når det i er vurdert, prioritert og vald på bakgrunn av spesielle kulturhistoriske kvalitetar og verdiar. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse dannar eit kunnskapsgrunnlag der det tidleg og tydeleg framgår signal om kva verdiar som kommunar, fylker, Sametinget og andre, både private og offentlege aktørar, skal ta omsyn til i samband med planlegging og utvikling av areal.

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet i dette arbeidet, eksempelvis gjennom bruk av omsynssoner. Dersom det vert føreslege endra arealbruk eller tiltak innanfor eit kulturmiljø eller landskap som i vesentleg grad er i konflikt med dei kulturhistoriske verdiane som søkast bevart, kan det danne grunnlag for motsegn.

Ein status som nasjonalt interessant kulturmiljø eller landskap betyr ikkje at det blir del av ein verneplan og areala blir ikkje freda. Det er derimot viktig med aktiv bruk av kulturmiljøa og landskapa. Status som nasjonalt interessant område skal ikkje stoppe utvikling, men medverke til ei god og berekraftig forvalting av areala, der kulturmiljøverdiar er inkludert, og at ein må finne gode løysningar som tek best mogleg vare på landskapsverdiane​.

Områder med anna status

Områder av nasjonal interesse kan ha overlappande status, gjeve på bakgrunn av andre omsyn eller lovverk. Innanfor områda av nasjonal interesse vil det kunna vere automatisk freda kulturminne eller vedtaksfreda kulturminne. Det kan og i framtida komme forslag om nye fredingar, eller registrerast automatisk freda kulturminne. Områder som er freda som kulturmiljø etter Kulturminnelov § 20 vert ikkje teke inn i oversikta, då dei allereie har ei streng form for vern på bakgrunn av kulturhistoriske verdiar. Det same gjeld større områdefredingar etter Kulturminnelov § 19. Det kan også vere naturvernområde eller område verna etter plan- og bygningslova innanfor avgrensinga.

Innan avgrensing av areal som er avklart med annan status,  gjeld t.d. verneplan- eller føresegner til freding, reguleringsplan.

Areal som er del av satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) kan overlappe heilt eller delvis med landskap av nasjonal interesse. UKL er ei økonomisk satsing og ein arbeidsmåte for å ivareta eit representativt utval av verdifulle norske jordbrukslandskap. Kriteria som ligg til grunn for UKL er heilskapleg landskap, kontinuitet og tidsdjup, særpreg og formidlingsverdi. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet står bak satsinga, og det er landbruksdirektoratet som koordinerer arbeidet i nært samarbeid med Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Satsinga er eit samarbeid med regional landbruks-, natur- og kulturminneforvaltning, kommunen, grunneigarar og landbruksføretak.

Landskapet Leveld i Ål kommune
Landskapet Leveld i Ål kommune Foto: Jørn Jensen, Viken fylkeskommune

Areal som er vernet etter naturmangfaldslova kan også overlappe med kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse. Område verna etter naturmangfaldslova vektlegg fyrst og fremst naturverdiar, men ofte kan kulturmiljøverdiar vere ein del av formålet, til dømes nasjonalparkar og landskapsvernområde vil kunne ha overlapp for å ivareta kulturhistoriske verdiar i landskapet.

Verdsarvområde er også ein status som vi ser at kan overlappe i nokre av dei valde kulturmiljø eller landskapa av nasjonal interesse. Verdsarvstatus gir eit ekstra kvalitetsstempel og ein eksklusiv internasjonal status, og Noreg har forplikta seg til å forvalte og ivareta desse områda etter beste praksis. Ein plass på lista betyr at det må gjerast verdival for areal- og ressursbruk, også i framtida. Det er viktig å ikkje øydeleggje natur- og kulturarvverdiane, og det er krav om ein forvaltningsplan som tydeleg viser korleis verdsarven skal takast i vare.

Skageflå i Stranda kommune. Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005. Området er skrive inn på grunnlag av naturvenleiken og landskapsformer knytt til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien av området.
Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005. Området er skrive inn på grunnlag av naturvenleiken og landskapsformer knytt til dei inste delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Kulturlandskapet tilfører ein ekstra dimensjon som aukar den samla verdien av området. Foto: Hanna Geiran, Riksantikvaren

3Faggrunnlag for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse syner kulturhistoriske verdiar knytt til naturgitte og menneskeskapte forhald og samspelet mellom dei.

Kulturmiljø og landskap

Et kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.

Eit landskap er samleomgrep for naturgitte og menneskeskapte omgjevnader og omfattar både natur og kultur.

Eit kulturmiljø eller landskap kan spesifiserast og avgrensast til å omfatte eit enkeltståande anlegg, ein mindre eller større del av eit landskapet, ein by, ei bygd eller ein region. Det kan vere i urbane eller industrielle områder, så vel som områder i skog- eller fjellandskap. Visuelle, strukturelle og bruksmessige samanhengar skal ivaretakast. Kulturmiljø eller landskap omfattar ikkje berre det fysiske spor, men og immaterielle fenomen som stadnamn eller sagn som er knytt til eit område.

Eit områdets særpreg

For å beskrive det som særpregar det enkelte kulturmiljø eller landskapet, blir omgrepet miljø- eller landskapskarakter nytta.

Kulturmiljøkarakter

For kulturmiljø er dette ei skildring av det bygde og det naturgitte miljøet, slik det framstår i sin heilheit. Eksempelvis kan utbyggingsstruktur, utbyggingsmønster, bygningstypologi og arkitektonisk formspråk skildrast. I større kulturmiljø, til dømes med ulike type bygningsmiljø frå ulike tidsepokar, kan skildringa delast i fleire avsnitt som inneber både skildring av miljøets historie og karakter. Bygningar sitt forhold til naturen ikring, eller den romlege karakteren i kulturmiljøet, kan i mange tilfelle vere vesentleg å ha fokus på.

Kulturmiljø Lærdalsøyri i Lærdal kommune
Kulturmiljø Lærdalsøyri i Lærdal kommune Foto: Guri Dahl

Landskapskarakter

For landskap gir dette uttrykk for samspel mellom eit områdes naturgrunnlag, arealbruk, historiske og kulturelle innhald, samt romlege og andre sanselege forhald som gir eit område særpreg og som skil det frå omkringliggande landskap. Fastsetting av landskapskarakter bygger på ei heilskapleg tolking av landskapet slik det vert forstått og oppfatta, jf. Europarådets landskapskonvensjon.

I norsk samanheng er omgrepet landskapskarakter blant anna nytta i metoden for landskapsanalyse til bruk i konsekvensutredningar og arealplanlegging utarbeida av Riksantikvaren og Miljødirektoratet. Du finner Riksantikvarens og Miljødirektoratets rettleiar om Landskapsanalyse på Riksantikvarens nettsider.

Gruveby og gruvelandskap i Kvinesdal kommune. Knaben II med arbeidarbrakker.
Gruveby og gruvelandskap i Kvinesdal kommune. Knaben II med arbeidarbrakker. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Kulturmiljø- og landskapsverdiar

Verdisetjing inneber å syne kva verdiar vi tillegg eller tilskriv eit kulturmiljø eller landskap. Enkeltindivid, organisasjonar, eigarar, brukar, samfunnssektor eller næringsliv ser verdiar i dei historieforteljande kulturmiljøa og landskapa frå ulike perspektiv, noko bruk av omgrepet verdisetjing understrekar.

Kulturmiljø- og landskapsverdiar kan knytast til kunnskaps-, oppleving- og bruksverdiar. Kulturmiljø og landskap er ein ressurs og medvit om kva verdiar som finnast i eit område, vil gje ei betre forvaltning og bruk av områda.

Verdi knytt til kunnskap

Kulturmiljøet har ein særskilt betydning som kjelde til kunnskap om og forståing av fortida. Dette kan gjelde ulike forhald som kulturmiljøet sitt opphav, bruk og betydning, menneske sitt liv, tru og samfunnsforhold generelt og interaksjonen mellom menneske og natur.

Verdi knytt til oppleving

Er knytt til den allmenne eller ulike grupper si oppleving av eit kulturmiljø og kan slik sett seist å ha ei meir personleg forankring enn kunnskapsverdiane. Mange av verdiane knytt til oppleving er forbunde til korleis kulturmiljøa påverkar oss både som enkeltmenneske og som fellesskap.

Verdi knytt til bruk

Kulturmiljøa kan knytast til vidareføring av dagens bruk og danne grunnlag for ny verdiskaping og endra bruk, der verdiane både kan takast i vare og aukast. Verdiane kan og reduserast gjennom manglande eller feilaktig bruk.

I tillegg til dei nemnde verdiane er det ei rekkje andre forhald som og spelar inn i verdisetjinga. Desse forhalda omtalar vi som eigenskapar som inngår i ei samla verdisetjing.

Hjula væveri, Akerselva i Oslo kommune.
Hjula væveri, Akerselva i Oslo kommune. Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren

Hovudkriteria

Kriteria inngår i ein systematisk framgangsmåte der arbeidet med verdisetjing og vekting av verdiar sikrar einigheit om bruk av omgrep. Arbeidet skal gjere det enklare å forstå bakgrunn for utval, gje innsyn i, og gjere det mogleg å etterprøve vurderingar som er gjort undervegs og dei konklusjonar som trekkast til slutt.

Kriteria under er sett opp i rekkjefylgje:

Kriteria 1 – 3 skal alltid leggast til grunn når eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse skal veljast. Kriteria 4 og 5 kan tilføre kunnskap til dei obligatoriske kriteria.

Hovudkriteria som dannar grunnlag for val av kulturmiljø og landskap:

1. Kva for hovudhistorie skal trekkast fram som er særskild viktig i ein nasjonal samanheng?

Hovudhistoria skal i sitt innhald spegle fasar, hendinga, verksemder, aktivitet av særskild verdi i ein nasjonal samanheng. Dette kan være historie med særskild stor betydning for ei eller fleire etniske grupper (den samiske urbefolkninga, nasjonale minoritetar eller andre etniske grupper). Det kan være element av kulturell, politisk, arkitektonisk, sosial, religiøs eller teknologisk karakter, som har vært i en nasjonal samanheng har vore ein viktig del av samfunnet.

Hovudhistoria med nasjonal interesse kan gjenspegle det som er karakteristisk, men kan også reflektere det som skil seg frå det typiske, som for eksempel har vore eit forbilde eller på annan måte hatt særskild betydning for samfunnsutviklinga. Ut frå dette kriteriet kan ein nasjonal interesse vere eit pedagogisk eksempel i gjenkjennelege områder eller vere eit område det er få av i landet.

2. Kva for heilskapleg kulturmiljø eller landskap vert knytt denne hovudhistoria?

Eit heilskapleg miljø kan gjennom sitt innhald spegle samfunnsutviklinga over et avgrensa tidsrom eller uttrykk for et lenger samanhengande utviklingsløp.

Eit heilskapleg miljø kan ha større eller mindre utstrekning i eit kulturmiljø. At det finnes bygg, leivningar eller anlegg i eit område som reflekterer eit utviklingstrinn av nasjonal interesse, er ikkje i sjølv tilstrekkeleg til at området kan peikast ut som nasjonal interesse. Enkeltståande kulturmiljøobjekt eller snevert definerte kulturmiljø kan inngå som fysiske uttrykk, men kan ikkje sjølvstendig utgjere eit nasjonalt interessekrav.

Det heilskaplege miljøet skal vere forståeleg, og verdiane og samanhengane skal vere leselege og tydelege.

3. Det må vere ein samanheng mellom det fysiske leselege miljø og hovudhistoria.

Kulturmiljøet skal bære i seg synlege fysiske spor som bygger opp under hovudhistoria; spor knytt til kulturell, politiske, arkitektonisk, sosiale, religiøse eller teknologisk hendingar.

Uttrykka i kulturmiljøet skal gi kunnskap, oppleving og forståing for den kulturhistoriske utviklinga i det valde område. Dersom dei fysiske uttrykka manglar for den kulturhistoriske konteksten, kan ikkje området utgjere ei nasjonal interesse – uavhengig av om uttrykka er forsvunne eller om dei aldri har eksistert.

Rester under bakken kan være fysiske uttrykk, men må førekomme i kombinasjon med synlege fysiske uttrykk over bakken, som gjer dei leselege.

4. Regional- og lokale omsyn

Historia om nasjonal interesse og den kulturhistoriske konteksten kan ha vore prega av regionale og/eller lokale forhald. Det kan vere at ei bestemt verksemd har utvikla seg på ein spesiell måte avhengig av forhold som type busetting, geografisk plassering, klima eller avstand til andre stadar. Eller at ei næring har forma byggetradisjonen regionalt eller lokalt. Også for eksempel tru, tradisjonar og sosiale forhald kan ha gjort inntrykk på det fysiske miljøet som vektast når nasjonal interesse skal identifiserast.

5. Internasjonale omsyn

Internasjonale forplikting, for eksempel avtalar, protokollar eller konvensjonar kan også vere aktuelt å gjere ei vurdering av i samband med val av kulturmiljø og landskap. Dette vil det gjerast ei vurdering av for å skape et betre samsvar mellom internasjonale statusar, forpliktingar eller avtaler, og relevante nasjonale interessekrav.

Sårbarheit

For å sikre ei god forvaltning av kulturmiljø- og landskap av nasjonal interesse, er det viktig å ha oversikt over kva det aktuelle området er sårbart for. Korleis bør område forvaltast for at dei viktige karaktertrekka og verdiane, som er knytt til dei nasjonale interessene, oppretthaldast og styrkast.

Våre kulturmiljø og landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid. Vår omgjevnad vil alltid være i endring. Enkelte endringar kan føre til tap av kulturhistoriske verdiar, andre kan medverke til å styrke dei. Omfang, karakter og tempo for dei ulike endringane vil ha betydning for om dette er positivt eller negativt for dei kulturhistoriske verdiane. Ofte kan det være vanskeleg å sjå korleis karakteren til eit kulturmiljø eller landskap vert endra av ulike tiltak, før endringane allereie har skjedd. Ei medveten haldning til kvalitetane i eit kulturmiljø eller landskap og korleis endringane vil påverke desse bør uansett ligge til grunn for kommunane si forvaltning. Det er ynskjeleg at kommunen legg til rette for utvikling og bruk som tek i vare og styrkar dei kulturhistoriske verdiane i dei valde kulturmiljø eller landskap som er av nasjonal interesse. Det er eit mål å unngå endringar i arealbruk som inneberer konflikt med dei nasjonale interessene i området.

Omgrep knytt til kulturmiljøforvaltninga:

Kulturmiljøforvaltning – det arbeidet som utførast for å forvalte kulturmiljø

Kulturmiljøforvaltninga – eit samlebegrep for dei offentlege instansane som har ansvar for forvaltning av kulturmiljø etter kulturminnelova, plan- og bygningslova, svalbardlova og gjennom ulike tilskotsordningar

Kulturmiljøfeltet – eit samleomgrep for arbeidsområdet knytt til kulturmiljø og kulturmiljøforvaltning. Aktørane som jobbar på kulturmiljøfeltet er offentlege instansar, museum, frivillige organisasjonar, private eigarar, forskings- og utdanningsinstitusjonar.

En rekkje aktørar har ansvar for å medverke til å nå dette målet. I tillegg til aktørar innanfor kulturmiljøfeltet er ulike arealkrevjande sektorar og tiltakshavar ansvarlege. Næringsliv, befolkning og frivillige organisasjonar kan også bidra til bruk og skjøtsel som fremmer verdiane i kulturmiljø eller landskap.

Riksantikvarens strategi og faglige anbefalinger for by- og stedsutvikling er eit godt fagleg verktøy i utvikling av by og tettstad. Strategien inngår som grunnlag for lokal, regional og nasjonal vurdering og prioritering, mellom anna i arealplansaker knytt til kulturmiljø av nasjonal interesse. Strategien beskriv utfordringsbilde og inneheld tilråding til regional og kommunal forvaltning, samt statlege og private utbyggarar og eigarar, om korleis kulturhistorisk viktige bymiljø bør forvaltast.

Det er knytt 8 mål til tilråding i strategien:

  1. Kulturmiljø brukast som ressurs i berekraftig utvikling av by- og stad.
  2. Kulturmiljøets verdi og betydning er lagt til grunn for val av bevaringsløysning og handlingsrom for utvikling.
  3. Byenes mangfald og kulturhistoriske særpreg er bevart og vidareført ved nye tiltak. Kontrasterande utforming og uttrykk bør unngåast i einsarta/homogene kulturmiljø.
  4. Historiske bylandskap takast i vare ved nye planar og tiltak.
  5. Kulturmiljøforvaltning i by og tettstad skal kjenneteiknast av kunnskapsbasert og langsiktig arealplanlegging med gode medverknadsprosessar.
  6. Kulturmiljø vert brukt som utgangspunkt for utvikling av levbare og attraktive byar og tettstadar.
  7. Forvaltning av kulturmiljø i byar og tettstadar bidreg til redusert klimagassutslepp.
  8. Kulturminne og kulturmiljø sikrast.

 

Endringar i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, skal så langt som mogleg skje medvete og på ein slik måte at dei viktige karaktertrekka, dei som gir særpreg og verdi, vert sikra og styrka. Det må gjerast konkrete vurderingar av kva som vil komme i konflikt med dei nasjonale interessene. I avsnittet Sårbarheit ser ein på kva det enkelte området kan være sårbart for. Felles for kulturmiljø og landskap er at dei viktige strukturane og den dominerande arealbruken må sikrast. Dette stiller krav til lokalisering av nye utbyggingsområde og infrastrukturtiltak. I nokre områder eller delområde vil slike tiltak vere direkte i strid med nasjonale kulturhistoriske interesser, mens det i andre tilfelle vil kunne passast inn ved bevisst plassering, dimensjonering og utforming. Spesielle enkeltelement i kulturmiljøet eller landskapet kan og vere viktig å ivareta. Kva element eller detaljnivå avhenger av type kulturmiljø eller landskap.

Dersom det skal være mogleg å bevare og bidra til å ta i vare og styrke det kulturhistoriske særpreget, må endringar i arealbruk eller ny arealbruk ta utgangspunkt i miljø- eller landskapskarakter, nasjonale interesser og det som areala er sårbart for.

Vindmøllebakken i Stavanger kommune.
Vindmøllebakken i Stavanger kommune. Foto: Helen & Hard
Vallermyrene leir i Porsgrunn kommune.
Vallermyrene leir i Porsgrunn kommune. Foto: Rune Nordseter, Vestfold og Telemark fylkeskommune
Utstein Kloster i landskapet Rennesøy og Mastrafjorden i Stavanger kommune.
Utstein Kloster i landskapet Rennesøy og Mastrafjorden i Stavanger kommune. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

4Kommunens forvaltning av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Agatunet i Ullensvang kommune.
Agatunet i Ullensvang kommune. Foto: Kjell Andresen, Riksantikvaren

Kommunens rolle

Kommunane har eit stort lokalt handlingsrom innan samfunnsutvikling og arealforvaltning. Dei kommunane som har eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse innanfor sine grenser, kan gjennom bruk av eigne verkemiddel, der plan- og bygningslova (pbl.) er det viktigaste ta i vare dei viktige verdiane. Som politikkområde gir kulturmiljøfeltet god moglegheit for betre bruk av plan- og bygningslova og samordning med andre sektorinteresser. Dette gir også større medvit om kulturmiljøverdiane i møte med utbyggar, betre samarbeid med befolkninga og auka tilgang på økonomiske verkemiddel for eigarar og forvaltning. Kommunane oppfordrast til å ha fokus på, og ivareta områda sine kulturhistoriske verdiar gjennom aktiv bruk av lovens ulike verkemiddel. Det er viktig å unngå arealbruk og tiltak som vil kunne svekke verdiane i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.

I dette kapittelet vil det gis rettleiing om kva verkemiddel som ligg i plan- og bygningslova, for å ta i vare dei kulturhistoriske verdiane i områda, med hovudvekt på kommuneplanen. Kommunens behandling etter landbrukslovgjevnaden omtalast også. Kommunens og andre myndigheiters areal- og samfunnsplanlegging, økonomiske verkemiddel, forvaltning og drift legger rammer for endringar i kulturmiljø og landskap. Innbyggar, lokale næringsdrivande og eigarar påverkar og endrar også areala gjennom sitt virke. Det kan være nyttig for kommunen å samarbeide med verksemder og organisasjonar som har kunnskap om, og interesser knytt til bruk og bevaring av kulturmiljø og landskap. Dette kan være museum, historielag, idrettsforeining, velforeining, grunneigarar- og næringslivsorganisasjonar.

Samarbeidet med regional kulturmiljøforvaltning er sentralt i forvaltninga av områda. Kommunen må tidleg opprette kontakt med regional kulturmiljøforvaltning i førebuing av planar som kan ha konsekvensar for kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse. I plan- og bygningslova § 21-5, visast det til kommunane har ei samordningsplikt som inneberer at dei må ta kontakt med regional kulturmiljøforvaltning ved tiltak som kan få konsekvensar for areal som har nasjonal interesse.

Plan- og bygningslova

Plan- og bygningslova er kommunens hovudverktøy for å ivareta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Planlegging etter lova skal medverke til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gje grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar (pbl. § 1-1). Lova konkretiserer oppgåvene som fylgjer av dette, her nemnast også ansvaret for vern av verdifulle landskap og kulturmiljø (pbl. § 3-1, b).

Omsynet til kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse bør takast i vare gjennom alle nivå i den kommunale planlegginga.

Planlegging etter plan- og bygningsloven

Plan­ og bygningslova er det viktigaste reiskapen for å sikre at mangfaldet av kulturminne, kulturmiljø og landskap vert teke vare på og teke i bruk i eit langsiktig og berekraftig perspektiv. Denne rettleiaren tek for seg dei moglegheitene som ligg i plan­ og bygningslova for å sikre kulturminne, kulturmiljø og landskap. www.riksantikvaren.no/veileder/planlegging-etter-plan-og-bygningsloven  

Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunens viktigaste verkemiddel for å ivareta kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Kommuneplanen består av samfunnsdel med handlingsdel samt arealdel. Saman skal dette gi rammer for planar og tiltak, og rammer for bruk og vern av areal.

Kommuneplanens samfunnsdel

All kommunal sektorplanlegging skal vere forankra i kommuneplanens samfunnsdel. Det inkluderer også omsynet til kulturminne, kulturmiljø og landskap. Kommuneplanens samfunnsdel skal vektlegge viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, og gjere synleg dei strategiske val som kommunen tek. All planlegging i kommunen, også kommuneplanens samfunnsdel, skal mellom anna forebygge risiko for tap av miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar mm. Det er dermed viktig at kulturmiljø og landskap er ein del av samfunnsdelens si behandling. I samfunnsdelen sin handlingsplan kan det vere aktuelt å fremme tiltak for forvaltning og skjøtsel av kulturmiljø og landskap, både av lokal, regional og nasjonal interesse. Kommuneplanens samfunnsdel vil vere ein viktig arena for samordning mellom den enkelte sektors utfordringar, prioriteringar og kommunens samla utvikling.

Kommuneplanens arealdel

Kommuneplanens arealdel skal angi hovudtrekka i arealdisponeringa, rammer og føresetnader for nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk, samt viktige omsyn som må takast i vare ved disponering av areal. For kommuneplanens arealdel skal konsekvensutgreiinga beskrive verknad for miljø og samfunn av alle nye områder for utbygging og vesentleg endra arealbruk i eksisterande byggeområder.

Konsekvensutgreiing av klima og miljø

Miljødirektoratet sin digitale rettleiar, har som formål å sikre at det takast omsyn til klima og miljø når ein plan eller eit tiltak er under planlegging.

Mennesket har satt spor i landskap, og gjeve eit mangfald av ulike typar kulturmiljø og kulturminne. Dei hjelper oss å forstå korleis generasjonane før oss har brukt og forma naturen. Vi må derfor finne gode miljøløysningar når vi planlegg ny bruk av areal. Til det treng vi kunnskap om kva kulturmiljøverdiar som finns i utredningsområdet. Vi må også vurdere korleis eit planlagt arealinngrep påverkar kulturmiljøa.  Når vi ynskjer å bruke areal til ulike formål, må vi vurdere kva konsekvensar utbygging kan få for klima og miljø. Ei konsekvensutgreiing er eit viktig grunnlag for å ta gode beslutningar om fremtidig bruk av arealer.

Konsekvensutredningen gir nødvendig kunnskap for politiske beslutninger. Mange av de viktigste beslutningene på miljøområdet tas i kommunene. Tilstrekkelig kunnskap om klima og miljø er avgjørende for at kommunene skal ta miljøhensyn i sine beslutninger.

Forskrift om konsekvensutredninger bidrar til å ta vare på naturverdier, og følger opp regjeringens politikk for forvaltning av naturmangfold i Norge.

https://www.miljodirektoratet.no/konsekvensutredninger

DIVE-analyse som verktøy

DIVE er eit analyse- og prosessverktøy som er særskilt egna til å synleggjere kulturmiljø sine kvalitetar, moglegheiter og handlingsrom i by- og stadutvikling. Analysen skal klargjere kva delar av kulturarven som er sentral, samt få fram kulturarven si betydning som verdi- og utviklingsressurs. Dette er nyttig kunnskap for kommunar, fylkeskommunar og andre som arbeider med planprosessar, og som ynskjer at kulturmiljø skal vere ein relevant del av ein stad sin identitet. Sjå meir https://www.riksantikvaren.no/veileder/dive-kulturhistorisk-stedsanalyse/

 

Dei nasjonale interessene samt miljø- og landskapskarakter knytt til kulturmiljø og landskap, er eit godt utgangspunkt for å vurdere kva som bør takast i vare, på kommuneplannivå. Omtalen av det enkelte kulturmiljø eller landskap angir også kva det enkelte område er sårbart for, og tilhøyrande retningsliner for forvaltning. Det vil i kommunens arbeid med arealdelen være behov for å konkretisere, og videre utvikle og vurdere kva områda er sårbare for. Regional kulturmiljøforvaltning skal medverke i kommuneplanprosessen med rettleiing.

Innanfor nokre av kulturmiljøa eller landskapa av nasjonal interesse kan det i være behov for å differensiere retningsliner for forvaltninga, mellom delområde med ulik karakter og sårbarheit.

I dei tilfella kor arealet av nasjonal interesse omfattar areal i to eller fleire kommunar bør kommunane samarbeide.

Plan- og bygningslova gjer det mogleg å fastlegge, sikre og framstille ulike omsyn og interesser på fleire måtar i kommuneplanens arealdel. Det kan skje ved hjelp av arealformål, omsynssoner, generelle planføresegner, føresegner til arealformål og kartsymbol.

Eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse kan sikrast gjennom:

Omsynssone

Omsynssoner for kulturmiljø og landskap har heimel i plan- og bygningsloven § 11-8 c) «Sone med særlig hensyn til landbruk, reindrift, mineralressurser, friluftsliv, grønnstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med angivelse av interesse». Omsynssoner gir moglegheit til å ivareta kulturminne, kulturmiljø og landskap. Mens arealformål viser framtidig eller noverande bruk av området, syner omsynssone omsyn og restriksjonar av betydning for bruken av arealet. Omsynssona skal vise kva for viktige omsyn som skal takast i vare innanfor sona, uavhengig av kva arealbruk det planlagst for. Det kan angis fleire omsynssoner for same areal, og ei omsynssone kan strekke seg over fleire arealformål.

Riksantikvaren oppmodar kommunane til å legge areala inn som omsynssone c) med opplysning om interesse i kommuneplanens arealdel og knytt retningsliner til omsynssona. I tillegg bør det utarbeidast generelle føresegner til kommuneplanen som omhandlar desse områda.

Omsynssone Bømlo kommune
Omsynssone Bømlo kommune

Omsynssone

Bevaring kulturmiljø/kulturlandskap (H570_1-37) (pbl § 11-8 bokstav c)

Verneverdige enkeltobjekt og kulturmiljø/kulturlandskap er viste med omsynssoner på plankartet.

Føresegner:

  • Ved utarbeiding av reguleringsplanar og gjennomføring av tiltak på enkeltobjekt eller område innanfor desse omsynssonene skal kulturhistoriske og antikvariske verdiar takast vare på og om nødvendig sikrast varig vern gjennom reguleringsvedtak.
  • Det er ikkje lov å gjera nokon form for varige eller mellombelse inngrep som medfører å skada, øydeleggja, grava ut, flytta, endra, tildekka, skjula eller på annan måte utilbørleg skjemmaautomatisk freda kulturminne, eller framkalla fare for at dette kan skje.
  • verdfulle kulturlandskap skal ein ta vare på kulturminne, landskapstype, biologisk mangfald og opplevingskvalitetar for framtida. I desse områda må ein syna varsemd med inngrep i landskapet.

Retningsline:

Ved handsaming av byggjesaker skal omsyn til kulturmiljø vektleggjast før det vert avgjort om tiltaket kan gjennomførast, og om lokalisering og utforming av det.

Retningsliner til omsynssone C)

Ved utarbeiding av retningsliner kan det takast utgangspunkt i skildringa av verdiane og sårbarheit i det valde kulturmiljø eller landskap. Dette er å finne i kulturmiljødatabasen Askeladden.

Videre kan retningsliner til omsynssone klargjere kva omsyn som skal vektleggast i behandling av søknadar innanfor området. Det kan gjelde søknader etter plan- og bygningslova eller søknad om tiltak etter anna lovverk.

Sjå også Riksantikvarens eksempelsamling Bestemmelser til arealplaner som er tilgjengeleg på Riksantikvarens nettsider. Viser også til rettleiing omkring føresegner til omsynssone C) i Riksantikvarens rettleiar: Kulturminner, kulturmiljø og landskap. Planlegging etter plan- og bygningsloven.

Generelle føresegner til kommuneplanens arealdel

Kommunen kan gi generelle føresegner om kulturminne, kulturmiljø og landskap i kommuneplanens arealdel. Dette kan nyttast aktivt i forvaltning av omsynssonen for dei valde områda, jf. plan- og bygningslova § 11-9. nr. 5, 6 og 7. Generelle føresegner etter plan- og bygningsloven § 11-9 pkt. 6, er særskild relevant å utarbeide for bevaring av verdiane i områda. Dei generelle føresegnene vil i utgangspunktet ikkje vere knytt til bestemte areal eller arealformål, men vil gjelde for heile kommunen. Dei kan likevel avgrensast til å gjelde for bestemte område i kommunen eller vere tematisk avgrensa, til dømes til eit bestemt kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse.  Dette vil gi eit sterkare vern enn ei retningsline kan gi. Generelle føresegner som omfattar LNFR-formål kan ikkje vere i strid med føremål som er «areal for nødvendige tiltak for landbruk og reindrift og gårdstilknyttet næringsvirksomhet basert på gårdens ressursgrunnlag». Det kan berre gis føresegner om omfang, lokalisering og utforming av bygningar og anlegg til landbruk og reindrift (som nemnd i plan- og bygningslova § 11-7 andre ledd nr. 5).

Ved utarbeiding av generelle føresegner for ivaretaking av kulturmiljø og landskap, bør ein ta utgangspunkt i nasjonale interesser, miljø- eller landskapskarakter, sårbarheit og retningsliner for forvaltning. Eit føresegnsområde viser virkefeltet til ei føresegn. Dette kan nyttast på deler av område som er spesielt verdifulle, eller der det er behov for større restriksjonar. Desse vil vere juridisk bindande i motsetning til omsynssone 550/570 med retningsliner på kommuneplannivå. Størrelsen på dei valde kulturmiljøa og landskapa vil variere, som regel vil eit landskap vere så stort, at det vil vere mindre tenleg å gje for strenge føresegner til heile arealet, medan det for eit kulturmiljø vil kunne vere aktuelt.

I tillegg til eit eige tema om kulturmiljø og landskap, kan det også gis føresegner som tek føre seg omsyn til dei utvalde områder under andre tema, til dømes byggehøgder, plassering og utforming av fritidsbygg, brygger, skilt, reklame eller liknande.

Arealformål i kommuneplanens arealdel

Dei kulturhistoriske interessene i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse kan vere samanfallande med formålet i kommuneplanen, men det kan også vere motstridande arealinteresser. Kommunen må vurdere forslag om endra arealbruk i planen opp mot dei nasjonale interessene som skal takast i vare. Det same gjeld for underformål og føresegner til arealformåla som også kan ha verknad på forvaltninga av områda. Føresegner knytt arealformåla i kommuneplanens arealdel kan nyttast for å ivareta områda.

Føresegner til arealformål har ikkje direkte formuleringar om kulturminne, kulturmiljø eller landskap, men kan likevel sikre overlappande interesser. I område satt av til byggeformål, kan kommunen gi føresegner til den fysiske utforminga av anlegg. Føresegner kan til dømes omhandle tilpassing av nye bygg til eksisterande byggjeskikk for å ivareta nasjonale interesser innanfor omsynssona. I områder satt av til LNFR kan det i føresegner stillast krav til lokalisering, omfang og volum på bygnader. Dette er viktig om ein skal ha styring med mindre og større tiltak, der det ikkje er krav om reguleringsplan i LNFR-områder. Summen av fleire slike tiltak kan ha betydning for kulturmiljø- eller landskapsverdiane. Føresegner gir og moglegheit for å stille plankrav.

Viser og til Landbruksdirektoratets rettleiar Landbruk og planlegging etter plan- og bygningsloven.

Begrensning i adgangen til å endre deler av kommuneplanens arealdel

Bruk av plan- og bygningsloven § 11-18 gir moglegheit for at arealbruken i eit område i kommuneplanens arealdel ikkje endrast/opphevast i ein angitt periode. Dette kan gjerast når nasjonale eller viktige regionale interesser i området gjer det ynskjeleg med ein meir langsiktig arealdisponering. Kommunen kan også sjølv gå inn for lengre bindingar av spesielle områder eller interesser, som til dømes kulturmiljø- eller landskapsinteresser. Styring av arealbruk må ligge innanfor rammene for gjeldande arealformål med føresegner og omsynssoner. Dette kan vere eit aktuelt verkemiddel for kommunen i arbeidet med å sikre eit meir langsiktig vern av eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse. Føresegner kan nyttast på heile eller deler av eit kulturmiljø eller landskap. Forslag om begrensning i adgang til endring av kommuneplan bør fremmast tidleg i planprosessen, og skal gå fram av planmaterialet som leggast ut til offentleg ettersyn. Endeleg vedtak fattast av regjeringa.

Kulturmiljøplan

Ein kulturmiljøplan er kommunen sin eigen oversikt over viktige kulturmiljø og plan for forvaltning av desse. Planen gir kunnskap om fortida og avklarar kva for kulturmiljø ein vil ta vare på i framtida.

For å vere best mogleg rusta til forvaltingsoppgåvene, er ein kulturmiljøplan eit viktig verktøy for å prioritere og sikre kulturminne og kulturmiljø i kommunens plan- og byggesaksarbeid.

Kommunane definerer sjølve kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturmiljøplan. Planen må også innehalde rutinar og retningslinjer som kommunen sjølv skal følgje ved saksbehandling av planar for og tiltak på dei verneverdige kulturminna. Planen vil vere med på å synleggjere denne kunnskapen på tvers av kommunens ansvarsområde.

Ein kulturmiljøplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida. Gjennom arbeidet med å lage ein kulturmiljøplan får kommunen sett temaet på den politiske dagsorden og aktualisert kulturarven si rolle i samfunnsutviklinga.

Sidan kulturminne og kulturmiljø har ei viktig rolle i utviklinga av kommunen er det difor viktig at kommunen både har kompetanse og kapasitet til å sikra kulturminne og kulturmiljø i arealforvaltninga, og samtidig kunne bidra med gode råd og rettleiing til eigarar av freda og verneverdige bygg og anlegg.

Det finnes ingen fasit for korleis ein kommune organiserer eller utformar kulturmiljøplanane sine. Utgangspunktet må vere kommunen sitt eige behov og forutsetningar. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse bør inngå i kommunens kulturmiljøplan. Det kan også settast mål i kulturmiljøplanen sin handlingsplan om tiltak som skal gjennomførast. Dette kan vere både formidlingstiltak og aktivitet knytt til områda samt mål om å leggje områda inn som omsynssoner i kommuneplanen ved neste rullering.

Satsinga Kulturminne i kommunane (KIK)

KIK er ei satsing som har som mål å styrke kompetansen om kulturmiljø i kommunane og danne ei betre oversikt over verneverdige kulturmiljø. Prosjektet legg til rette for dette gjennom arbeid med kommunale kulturmiljøplanar og auka kompetanse om bruk og forvaltning av kulturmiljø i kommunane. Riksantikvaren tildeler tilskot frå stasbudsjettet til dette arbeidet og samarbeider tett med regionalforvaltinga for å vegleia kommunane.

Reguleringsplan

Reguleringsplikta utløysast mellom anna som fylgje av eit tiltaks storleik eller usikre/omfattande verknader eit tiltaket kan medføre for sin omgjevnad. Ved ny arealbruk i eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse bør ein vurdere om det skal utarbeidst reguleringsplan. I reguleringsplanarbeidet kan kommunen nytte omsyn til kulturmiljø- eller landskapsverdiar som eit premiss for føresegner om utforming av tiltak i eit planområde. Det er vesentleg at kommunen sørger for at føresegnene i reguleringsplanane legg grunnlag for god forvaltning av kulturmiljø eller landskap, og at føresegner knytt til omsynssone og arealformål er presise og konkrete. Det er svært viktig at forholdet til aktuelle områder er tema på oppstartsmøte for reguleringsplanen. Det kan utarbeidast føresegner til både omsynssoner og arealformål. Det kan også vere aktuelt for kommunen å utarbeide ein reguleringsplan med vern av landskapet som formål. Områderegulering kan vere aktuelt for å sikre eit kulturmiljø, landskap eller deler av det.

Kulturmiljø eller landskap kan sikrast i reguleringsplan på tre måtar:

Omsynssoner i reguleringsplan (§12-6)

Omsynssoner for eit kulturmiljø eller landskap som er fastsett i kommuneplanens arealdel, bør førast vidare i reguleringsplan. Omsynssoner kan også komme inn fyrst på reguleringsplannivå. Det er ikkje eit mål at det ikkje skal skje endringar i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Derfor bør i utgangspunkt ikkje være for strenge føresegner. Men det kan planleggast for eigne føresegnsområder for særskild verdifulle kulturmiljø.

Arealformål i reguleringsplan (§ 12-5)

Underformål til reguleringsplanar som er aktuelle å bruke for kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse er særskild «Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift (LNRF), herunder særlige  landskapshensyn, vern av kulturmiljø eller kulturminne.». Dette har, høvesvis, SOSI-kode 5500 og 5600. Viser til SOSI-koder på nettsidene til Statens kartverk.

Føresegner til arealformål og omsynssoner (§ 12-7)

Kulturmiljø eller landskap er ikkje eksplisitt nemnd i plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 1 og 2, men det det vert her understreka at det kan gis føresegner til dømes for utforming, herunder estetiske krav og bruk av arealer, bygninger og anlegg.

Kommunens dispensasjonsbehandling etter plan- og bygningsloven

Kommunen skal i behandling av dispensasjonssøknadar etter plan- og bygningslova § 19 legge vekt på konsekvensane dispensasjonen får for kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Dette på bakgrunn av at statlege og regionale rammer og mål skal tilleggas særskild vekt ved vurdering av om det skal gis dispensasjon frå planer. Kommunen har anledning til å sette vilkår for ein dispensasjon. Det må vere ein naturleg samanheng mellom dispensasjon og vilkår, til dømes slik at vilkåra kompenserer for ulemper som fylgjer av dispensasjonen eller fører til at heilskapen i det aktuelle område styrkast.

Kommunens byggesaksbehandling

Arealformål og føresegner i kommuneplan eller reguleringsplan sett rammene for byggetiltak i eit område. Byggesaksdelen i plan- og bygningslova gir også generelle regler som påverkar forvaltning av verneverdig bygningar. Alle tiltak, også dei som ikkje krev søknad, skal vere i samsvar med plan og bygningslova, føresegner og kommunale arealplanar i samsvar med plan- og bygningsloven § 1-6. Ikkje alle byggetiltak vil påverke omgjevnaden. Det er som regel storleik, plassering og summen av mange små tiltak som avgjer om tiltak vil ha negativ verknad. Ofte er det mogleg å gjere tilpassingar  av tiltak som fører til mindre negativ verknad på eit kulturmiljø eller landskap. Kunnskap om dei kulturhistoriske verdiane i eit kulturmiljø eller landskap, samt ei medveten haldning til korleis slike endringar skal gjennomførast, vil kunne styrke kvalitetane som gjer at eit område er av nasjonal interesse. Plan- og bygningslova § 31-1 slår fast at kommunen skal forsøke å  ta i vare kulturhistorisk verdi ved arbeid på eksisterande bygg. Kommunane skal rettleie tiltakshavar eller ansvarleg søkar om kva fagmyndigheit ein byggesøknad må leggast fram for, deriblant regional kulturmiljøforvaltning når det gjeld kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse

Landbrukslovgjevnaden

Kommunens forvaltning etter landbrukslovgjevnaden gjelder primært for landskap, men kan og gjelde for mindre kulturmiljø.

Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse som ligg i jordbruksområde eller utmarksprega områder vil normalt inngå i LNFR-områder i kommuneplanen. Sjå kapittel 3 for verkemiddelbruken knytt til kommuneplan. Nokre tiltak innanfor LNFR-område vert regulert av jordlova og/eller skogbrukslova og forskrifter til desse. Kommunen behandlar slike saker som landbruksmyndigheit.  Dersom det vert planlagt tiltak innanfor et vald kulturmiljø eller landskap, som kan ha konsekvensar for nasjonale interesse, må det gjerast ei vurdering av verknadane som grunnlag for vedtaket.

Innanfor LNFR-områder styrast den vidare arealdisponeringa av fleire sektorlover. I tillegg til jordlova og skogbrukslova er reindriftsloven, motorferdselloven, friluftsloven, kulturminneloven og naturmangfoldsloven aktuelle. I det følgande omtalast berre jordlova og skogbrukslova i korte trekk.

Jordlova

Jordlova § 1 seier mellom anna at «Forvaltinga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap..»  Landbruks- og matdepartementet har gjeve forskrifter til jordlova om både nydyrking og planlegging av landbruksveier.

Forskrift om nydyrking

For å sikre at nydyrking skal skje på en måte som tar omsyn til natur- og kulturlandskap er det utarbeida ei forskrift. I § 4 framgår det at nydyrking berre kan skje etter plan som er godkjent av kommunen, og at kommunen kan sette vilkår for godkjenning. Dette gir kommunen moglegheit til å ta i vare landskap i saker som omhandlar nydyrking. Kommunen skal sjå til at regional kulturmiljøforvaltning blir gitt anledning til å uttale seg dersom kulturmiljøfaglege interesser er involvert.

Skogbrukslova

Skogbrukslova har som formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen.

Kommunen skal godkjenne bygging og ombygging av vegar til skogbruksformål, og i den samanheng må dei også sjå til at omsyn til viktige miljøverdiar er ivaretatt. Skogeigaren skal sjå til at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med lov og forskrift. Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Omsyn til landskapet er en del av miljøverdiane.

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier

Forskrifta gjeld vegar, både for jordbruks- og skogbruksformål. Formålet med forskrifta om planlegging og godkjenning av landbruksveier er blant anna å sikre at det også leggast vekt på omsynet til miljøverdiar som finnast i kulturmiljø og landskap. Dersom nybygging og ombygging av landbruksvegar påverkar eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse, må verknaden på verdiane i dette området vurderast som grunnlag for vedtak. Det må innhentast uttale frå regional kulturmiljøforvaltning.

5Regional kulturmiljøforvaltning

Regional kulturmiljøforvaltning i fylkeskommune og Sameting ansvar for at kulturmiljø og landskap av nasjonale interessene vert formidla til aktuelle kommunar og andre planleggande myndigheiter. Det ligg og ansvar om at dei nasjonale kulturhistoriske interessene knytt til dei valde områda vert teke i vare i samband med arealplanar og byggesøknader. Regional forvaltning har fagleg kunnskap knytt til kulturmiljø og landskap og veit kva som er viktig når kulturhistoriske verdiar skal takast i vare og kan gi råd om dette. I arbeidet oppmodar vi om å sjå til informasjonen knytt til kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, spesielt det som gjelder sårbarheit og retningsliner for forvaltning.

Les meir i rettleiar om Faggrunnlag for val av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, på Riksantikvarens nettside.

Kulturmiljø i Levanger, Levanger kommune.
Kulturmiljø i Levanger, Levanger kommune. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Regional kulturmiljøforvaltning si rolle

Regional kulturmiljøforvaltning skal formidle kunnskap om kulturhistoriske verdiar og omsyn knytt til dette i samband med planprosessar i område med kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. I tillegg skal omsyn til kulturmiljø- og landskapsverdiar også takast i vare i saker som gjeld dispensasjon frå plan og i samband med søknad etter plan- og bygningslova og sektorlover.

Regional kulturmiljøforvaltning må tidleg opprette kontakt med kommunane ved varsel om oppstart av planer som involverer kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Dei må sørge for at kunnskap om områda kjem fram i dialog med kommunen om arealbruk og planforslag. Dei skal bidra til å få fram gode løysningar gjennom dei ulike fasane i planprosessen. Med utgangspunkt i nasjonale interesser, miljø- eller landskapskarakter, sårbarheit og retningsliner for forvaltning, skal regional kulturmiljøforvaltning gi råd om arealbruk som kan ivareta landskapet på en god måte. Dei skal foreslå retningsliner og føresegner til planen som konkretiserer kva omsyn som skal takast.

Regionale rådgivingstenester og bygningsvernsenter

Bygningsvernsentre og andre liknande fagmiljø er allereie etablert mange stader i landet. Desse er viktige arenaer for formidling av kunnskap om forvaltning av kulturminne og kulturmiljø. Dei eksisterande bygningsvernsentra sit på verdifull kunnskap om å ivareta kulturmiljø. Dei har kompetanse om handverk, materialar, vedlikehald og tekniske løysingar. Denne kunnskapen vil vere viktig i utvikling av forvaltningspraksis som også skal handtere klimautfordringane.

En oversikt over dei etablerte bygningsvernsentra finns hos www.byggogbevar.no.

 

Regionalt planforum

Regionalt planforum er viktig for regionale myndigheiter i arbeidet med å få ei betre samordning av ulike interesser, synspunkt og praksis i plansaker i eit fylke. Planforum er eit sentralt forum for å drøfte korleis kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse skal takast i vare i arealplanar. Fylkeskommunen og Sametinget medverkar i regionalt planforum.

Sametinget

Sametinget har ansvar for forvaltning av samiske kulturmiljø og landskap. I fylka Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag samt kommunane Rindal og Surnadal i Møre og Romsdal samt kommunane Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal i Innlandet har statlege myndigheiter og Sametinget ei særskilt plikt i medhald til konsultasjonsavtalen. I tillegg har Sametinget en generell høyringsrett overfor offentlege organ, både på sentralt, regionalt og lokalt nivå.

Motsegn

Dersom det vert føreslege endra arealbruk eller tiltak innanfor eit kulturmiljø eller landskap som i vesentleg grad er i konflikt med dei kulturhistoriske verdiane som søkast bevart, skal regional kulturmiljøforvaltning vurdere å fremme motsegn til planen. Det er ikkje tilstrekkeleg å fremme motsegn på bakgrunn av at eit område er vald til kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse, men grunnlaget for motsegn må ta utgangspunkt i at evt. endra arealbruk eller tiltak er i strid med verdiane knytt til dei nasjonale interessene for området.

Kulturmiljøforvaltninga må vurdere fylgjande moment:

  • tiltakets konsekvens for dei kulturhistoriske verdiane ved det valde kulturmiljø/landskap
  • tiltakets samfunnsmessige nytte
  • moglegheit for alternative løysningar og avbøtande tiltak
  • vurdering av kva meirverdi kulturmiljøet/landskapet representerer

Rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet omhandlar nasjonale interesser på miljøområdet og er ei klargjering av motsegnspraksis for miljøforvaltning, ved at det tidleg kan signaliserast kvar det må takast særskild omsyn i planlegging og utvikling. Kulturminne, kulturmiljø og landskap som er av nasjonal interesse, er omtalt i rundskrivets kapittel 3.8 og 3.9. Viser også til Rundskriv H-2/14 opphaveleg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova.

Regional planlegging

Regional planlegging er ein arena for å utvikle heilskapleg, regionalt forankra samfunnspolitikk som også tar opp i seg viktige nasjonale prioriteringar som for eksempel kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Meir om regional planlegging, planstrategi og føresegner kan du lese i Riksantikvarens rettleiar: Kulturminner, kulturmiljø og landskap – planlegging etter plan- og bygningsloven versjon II, Riksantikvaren, versjon des. 2020.

Regional planstrategi

Regional planstrategi utarbeidast av fylkeskommunen. Den skal ta for seg viktige utfordringar i regionen, og også gi eit grunnlag for vidare planlegging. Regional kulturmiljøforvaltning skal sørge for at nasjonale mål og rammer for kulturmiljøfeltet integrerast i den regionale planstrategien. Dersom det er ynskjeleg å utarbeide ein eigen regional plan for kulturmiljø, må dette forankrast i den regionale planstrategien. Interkommunalt plansamarbeid kan vere hensiktsmessig der kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse har verdi for fleire kommunar. Regional planmyndigheit kan oppmode kommunane om å innleie plansamarbeid når det er nødvendig, jf. plan- og bygningslova § 9-1.

Regional plan

Fylkeskommunen kan utarbeide regional plan for heile fylket, eventuelt for deler av fylket eller for avgrensa tema. Verdiane knytt til kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i fylket bør her takast i vare. Fylkeskommunen kan velje å handtere dei valde kulturmiljøa eller landskapa på ulike måtar i regional plan, for eksempel:

  • gjennom retningsliner for saksbehandling
  • rettleiing knytt til prioritering av ulike arealbruksinteresser
  • prioritering av kulturmiljø og landskap i sitt fylke
  • handlingsprogram for satsing på kulturmiljø og landskap

Dette kan fylkeskommunen forankre i eigen plan for kulturmiljøtema, men og inkludere tema i andre regionale planane. Det kan vere regionale planar for geografiske delar av fylket, eller for spesielle tema som kulturminne, kulturmiljø og landskap. Regional plan skal leggast til grunn for anna arealplanlegging. Til tross for at ein regional plan i seg sjølv ikkje er juridisk bindande, kan den danne grunnlag for å reise motsegn mot andre planar med juridisk binding. Fylkeskommunen kan gjennom regionale føresegner knytt til plan, ivareta viktige nasjonale eller regionale omsyn og interesser når det gjelder arealbruk, og sikre at det ikkje vert gjort endring i arealbruk som er i strid med planens retningsliner. Kulturmiljøforvaltninga i fylkeskommunen skal vurdere om regional plan kan komme i konflikt med kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse.

6Sektorplanlegging

Sektormyndigheiter si rolle

Statleg og regional sektorplanlegging kan ha stor betydning for arealbruk og påverknad på kulturmiljø og landskap. Dette gjeld særskilt sektorar som bygg, samferdsel, energi, akvakultur og mineral. Desse sektorane kan stå for store endringar i arealbruk gjennom fortetting og utbygging, arealkrevjande tiltak som nye veganlegg eller jernbanestrekningar, sol- eller vindkraftanlegg, høgspentmaster eller masseuttak. Nokre sektorplanar og tiltak behandlast i det kommunale plansystemet, til dømes byggetiltak, uttaksområde for mineral og mindre samferdselsplanar. Andre planar, som t.d. energitiltak, behandlast etter særlover eller ein kombinasjon av særlover og plan- og bygningslova. Sektoretatar har stor påverknad på utforming av planar, uavhengig av type planprosess. Dei er i nokre tilfelle tiltakshavar og står gjerne for den faktiske utarbeidinga av planar og konsekvensutgreiing. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse må inngå som eit viktig fagleg grunnlag i alle fasar av plan- og søknadsprosessar og leggast til grunn som eit viktig omsyn, jf. rundskriv T-2/16. I brev av 31.03.2017 presiserer Klima- og miljødepartementet at vektlegging av nasjonale og vesentleg regionale miljøinteresser bør være lik uavhengig av kva lov eit evt. inngrep behandlast etter. Departementet legger derfor til grunn at kriteria som stilles opp i rundskriv T-2/ 16 for kva som er miljøverdiar av nasjonal eller vesentleg regional betydning, og kva vurdering som ligg til grunn ved at ei motsegn fremmast, også brukast i saker som behandlast etter energiloven, vannressursloven og vassdragsreguleringsloven.

Kommune og regional kulturmiljøforvaltning si rolle i sektorplanlegging

Kommune og regional kulturmiljøforvaltning må tidleg i planprosessen spele inn opplysningar om viktige verdiar i kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse og kva omsyn som må takast til desse, som eit underlag for konsekvensutredningar og andre typar grunnlagsarbeid. Ved å gi innspel tidleg i prosessen, aukar moglegheita for å kome fram til løysningar som ikkje medfører konflikt med viktige verdiar. Dei må uttale seg til planprogram, planforslag og søknadar. Dersom planar og søknadar om tiltak som fremmast inneberer vesentleg konflikt med kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse, må dette komme klart fram i uttale frå kommunen og frå regional kulturmiljøforvaltning.

Kulturmiljø Mandal, Lindesnes kommune.
Kulturmiljø Mandal, Lindesnes kommune. Foto: Cornelis Horn Evensen, Riksantikvaren

Konseptvalutredning (KVU)

For større statlege tiltak utarbeidast konseptvalutredning. Det er ei ordning for kvalitetssikring av kostbare statlege prosjekt, på overordna nivå. Nokre av desse prosjekta vil innebere store arealinngrep. Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er eit aktuelt omsyn som må takast inn og vurderast her. Regional kulturmiljøforvaltning har eit særskilt ansvar for å spele dette inn i prosessen. Kommunen bør også kome med innspel og klargjere kva mål og planar dei har for det valde kulturmiljøet eller landskapet i sin kommune. For utfyllande opplysningar om konseptvalutredning sjå rettleiaren: Kulturminner, kulturmiljøer og landskap, planlegging etter plan- og bygningsloven, 2020.

Byggesektor

Det er eit nasjonalt mål at kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging, jf. Meld. St. 16 Nye mål i kulturmiljøpolitikken. Byggesektoren har her ei sentral rolle. Kunnskap og praksis som bygger opp under denne målsettinga, der mellom anna ombruk og tilpassa bruk av bygningar er eit viktig bidrag for å redusere klimagassutslepp. Med slik praksis vil ein også kunne sikre kulturhistoriske, estetiske og arkitektoniske kvalitetar i kulturmiljø og landskap.

Balansering av ulike arealinteresser er krevjande, både på eit overordna nasjonalt nivå og i enkeltsaker. Det er dermed viktig med samordna arealbruk, arealplanlegging, og oppfølging av byggesaker som bidreg til å redusere klimagassutslepp, hindrar fråflytting eller forfall, og som samstundes tek i vare kulturhistoriske verdiar i kulturmiljø og landskap når areal er under utvikling.

Det kommunale plansystemet og regional forvaltninga har ei nøkkelrolle for å sikre ei god og berekraftig utvikling av byggesektoren og sikre verdiar knytt til kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Kulturmiljøforvaltninga må derfor kommunisere kulturhistoriske verdiar godt, slik at innspel og faglege råd vert gjeve tidleg i utviklingsprosessar.

Samferdselsprosjekt

Planar om nye veg- og jernbaneanlegg vert normalt vedtatt som kommunedelplan og påfølgande reguleringsplan. I den seinare tid er enkelte slike planar vedtatt som statleg arealplan. Ved etablering av store nye veg- og jernbanestrekningar og utbetring av eksisterande anlegg, er det ekstra viktig å vere tidleg ute med innspel i desse prosessane. Dette for å sikre at det vert teke omsyn til kulturmiljø og landskap som har nasjonal interesse, der det er mogleg.

Energiproduksjon og energioverføring

Vind- og vasskraftanlegg krev konsesjon etter energiloven, vannressursloven eller vassdragsreguleringsloven (med unntak av dei aller minste). Kommunane vert i konsesjonssaker etter energi- og vassdragslovgivinga høyringsinstans for tiltak i eigen kommune. Regional kulturmiljøforvaltning er også høyringsinstans. Dei skal spele inn viktige kulturmiljøinteresser og sei ifrå dersom nasjonalt eller regionalt vesentlege interesser vert påverka av planane. Både vindkraft- og vasskraftutbygging og kraftledningar er tiltak som kan føre til store endringar av kulturmiljø eller landskap. Vindturbinar kan vere synlege på lang avstand. I tillegg kan vegar og oppstillingsplassar for turbinane gi varige negative konsekvensar for landskapet. Utbygging av vasskraftverk kan, i tillegg til inngrep i form av sjølve kraftverket og luftgåande kraftlinjer, også endre heile landskap ved at vatnnivå/vassføring endrast vesentleg. Både kommunen og regional kulturmiljøforvaltning har motsegnsrett til søknader om konsesjon for kraftutbygging og overføringsanlegg (kraftledningar). Dei same organa kan også ha klagerett på konsesjonsvedtaket. Klage og motsegner avgjerast endeleg av Olje- og energidepartementet.

Akvakultur

Det er fylkeskommunen som koordinerer og fattar vedtak i saker om akvakulturanlegg. Før vedtak skal kommune og fagmyndigheiter uttale seg. Søknadar om akvakulturanlegg omfattast og av føresegner om konsekvensutgreiing med fylkeskommunen som ansvarleg myndigheit. Konsekvensutgreiing skal utarbeidast dersom ansvarleg myndigheit vurderer at tiltaket kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn, for eksempel at det påverkar eit kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse. Dersom eit akvakulturanlegg planleggast i eit område av nasjonal interesse, eller i nærområdet til dette, vil ansvarleg myndigheit måtte vurdere om tiltaket påverkar miljø- eller landskapskarakteren og dei nasjonale interessene i vesentleg grad. I ei slik vurdering må dei visuelle verknadar av anlegget inngå, sett både frå land og sjø. Korleis vil foreslått lokalisering ha innverknad kulturmiljøet eller landskapet? Korleis påverkar etablering av akvakultur tradisjonell bruk av eit område? Påverkar anlegget tradisjonelle leier, sjømerke, støer med anna?

Naustmiljøet Bud i Hustadvika kommune
Foto: Oskar Puschmann

Mineralutvinning

Mineraluttak er regulert av konsesjon etter mineralloven og med planavklaring etter plan- og bygningsloven, med føresegner eller vedtak etter forureiningslova. Sidan det er krav om planavklaring ved mineraluttak vil konsekvensar for kulturmiljø eller landskap kunne fangast opp i planprosessen. Direktoratet for mineralforvaltning skal, i tillegg til å forvalte Norges mineralressursar, også bidra til at mineralverksemda tek omsyn til andre samfunnsverdiar, som kulturmiljøverdiar. Ved planar om mineraluttak i, eller i nærleiken av eit kulturmiljø eller landskap må det vurderast om eit slikt tiltak vil vere i konflikt med verdiane som er vektlagt i det spesifikke landskapet. Dette gjeld både verdiar innanfor området der det vurderast uttak, og fjernverknad av dette.

7Oversikt over tilskot, rettleiing og lovverk

Oversikt over tilskotsordningar

Det fylgjer ikkje midlar med å være del av ei oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Det finnast likevel ei rekkje tilskotsordningar for kulturminne, kulturmiljø og landskap som kan være relevant. Ved fleire av desse ordningane vil det vere ein fordel å ha ein status som kulturmiljø eller landskap av nasjonal interesse.

Tilskot til kulturminnearbeid i kommunane

Tilskot til å sette i gang arbeid med kulturmiljøplan, rullere eksisterande kulturmiljøplan eller for å lage ein heilskapleg kulturmiljøplan for ein samanslått kommune samt til ulike kompetansemodellar for å styrke kulturmiljøkompetansen lokalt og regionalt. Kommunar, fylkeskommunar og Sametinget kan søke. Søknad sendast til Riksantikvaren via fylkeskommunnen.

Tilskot til arkeologiske kulturminne (sikring, restaurering, skjøtsel, tilrettelegging, formidling og dokumentasjon)

Forvaltningsinstitusjonar med ansvar for arkeologiske kulturminne kan søke om tilskot  til forvaltnings-, sikrings-, restaurerings-, skjøtsels-, tilretteleggings-, formidlings- og dokumentasjonstiltak på automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og landskap

Tilskot til istandsetting og vedlikehaldstiltak. Tilskot skal dekke meirkostnadar, heilt eller delvis, som fylgje av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel. Søknad om tilskot sendast i søknadssystemet Digisak. Søknadar som gjeld Svalbard eller Jan Mayen, sendes til Riksantikvaren, postmottak@ra.no

Tilskot til samiske kulturminne og kulturmiljø

Tilskot til istandsetting og vedlikehaldstiltak. Tilskot skal dekke meirkostnadar, heilt eller delvis, som fylgje av krav til antikvarisk utføring ved sikring, istandsetting, vedlikehald og skjøtsel. Søknad om tilskot sendast i søknadssystemet Digisak.

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet

Det kan søkast tilskot til prosjekt der offentlege og private aktørar inngår forpliktande samarbeid om:

  • formidling og tilrettelegging for berekraftig bevaring og bruk
  • kompetanseutvikling, nettverk og samarbeid
  • nærings-, stads- og lokalsamfunnsutvikling.

Fylkeskommunar, kommunar, Longyearbyen lokalstyre, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søke tilskot etter ordninga. Send søknad til Riksantikvaren med kopi til fylkeskommunen og evt. Sametinget dersom det gjeld samiske kulturminne. Riksantikvaren vil i nært samarbeid med aktuelle fylkeskommunar og Sametinget vurdere søknadane.

Tilskot til verdsarv

Tilskot kan gis til prosjekt og tiltak som er knytt til områda i Noreg som er innskreve på Unescos verdarvliste, med tilhøyrande buffersoner. I særskilde tilfelle kan det gis tilskot til prosjekt og tiltak i områder som er oppført på Noregs tentative liste. Fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søke tilskot etter ordninga. Søknad om tilskot skal sendast til fylkeskommunen eller Sametinget for samisk kulturarv. Unntak er for verdsarvområdet Urnes, for søknader om tiltak som gjeld fleire verdsarvområder eller søknadar som gjeld områder som er oppført på tentativ liste, der søknad skal sendast til Riksantikvaren.

Regionale tilskotsordningar

Sametinget og fylkeskommunane kan ha eigne tilskotsordningar til kulturminnetiltak. Vi anbefaler å ta kontakt med fylkeskommunen eller Sametinget der det er aktuelt.

Særskilte miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Formålet med SMIL er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Et viktig siktemål med ordninga er å få ei meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetningar. Søknad sendast til kommunen.

Tilskot gjennom Regionale miljøprogram (RMP)

Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket utover det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram som dekkjer ei rekkje miljøtema: Kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, avrenning til vatn, utslepp til luft, plantevern og miljøavtale. Sjå meir på Landbruksdirektoratet sine sider om RMP.

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK).

Formålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå regionale og lokale prioriteringar vert stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert teke i vare og videre utvikla. Sjå meir i gjeldande forskrift om tilskot.

Tilskotsordning for Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Tilskotsordninga er retta mot tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til å sikre verdiar som er knytte til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, inkludert langsiktig skjøtsel og drift. Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot. Sjå meir på Landbruksdirektoratets sider

Miljødirektoratets tilskotsordningar

Tilskot for tiltak for trua naturtypar. Tilskotsordning for å ivareta trua naturtypar og utvalde naturtypar etter naturmangfaldslova.

Tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap. Tilskotsordning for å ivareta kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Tilskot til sikring av friluftslivsområder. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk stønad for å sikre seg råderett over friluftslivsområder eller ferdselsårer gjennom kjøp eller bruksavtale.

Sjå meir på Miljødirektoratets søknadssenter.

Tilskot til nasjonale turiststiar.

Målet med tilskuddsordningen er å bidra til å ta vare på opplevelses- og naturverdiene, bidra til godt og forebyggende beredskapsarbeid og bred lokal verdiskaping, samt god håndtering av store mengder besøkende gjennom en helhetlig besøksforvaltning. Destinasjonsselskap, kommuner, fylkeskommuner, kommunale- eller interkommunale foretak, stiftelser, frivillige organisasjoner, nasjonalpark- og verneområdestyrer og regionråd kan søke. Sjå meir på Miljødirektoratets søknadssenter.

Kulturminnefondets tilskotsordning

Tilskotsordninga er eit lavterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne. Også frivillige lag og organisasjonar, enten dei eig kulturminne sjølv eller forvaltar dei på vegne av andre, kan søke. Kulturminnefondet behandlar søknadar løpande. https://kulturminnefondet.no/

Norsk Kulturarv:

«Ta et tak» – aksjonen rettar seg mot våningshus og driftsbygningar. Dette kan vere verneverdig bygingar i byar og tettstadar, eller bustadhus i tilknyting til landbruk, fiske, reindrift og jakt. Norsk Kulturarv ynskjer størst mogleg geografisk spreiing på tiltaka som får stønad. Det er eit kriterie at bygget skal vere eldre enn 100 år. kulturarv.no/ta-et-tak/

Tilskot til freda og andre særskild verdifulle kulturmiljø og landskap

Tilskotssordning skal medverke til å ta vare på freda kulturmiljø og andre særskild verdifulle kulturmiljø. Målgruppa for ordninga er private eigarar og forvaltar av slike områder. Søknad sendast til fylkeskommunen.

UNI-stiftelsens tilskotsordning

Stiftelsen UNI er ei stifting med ideelt formål å fremme allmennyttig verksemd innan skade- og miljøvern, og vil bidra til ei trygg utvikling i det norske samfunn. Stiftinga sitt bidrag skal i fremste rekke vere økonomisk stønad til prosjekter til institusjonar og enkeltpersonar. Søknad sendast til UNI Stiftinga.

Sparebankstiftelsens tilskotsordning

Gir bidrag til allmennyttige formål. Stiftinga har ei rekkjer formål som dei bidreg til. Sjå meir på sidene til Sparebankstiftinga.

Handverksløftet

Sparebankstiftinga har ei eiga satsing for å fremme tradisjonshandverk i Noreg. Sjå meir informasjon om satsinga Handverksløftet her.

Kommunale tilskotsordning

Ta kontakt med din kommune for å høyre kva tilskotsordningar dei har

Regionale tilskotsordningar

Det finnast ei rekke tilskotsordningar for kulturminnevern som forvaltast av fylkeskommunar og Sametinget. Bygg og bevar har laga ei god oversikt med lenker til dei ulike fylka sine tilskotsordningar. Her er lenka til Bygg og bevar sin oversikt.

Viser ut over dette til Riksantikvarens nettside med oversikt over tilskotsordningar.

Lover, rettleiing og dokument

Føringar:

Europarådets landskapskonvensjon

Meld. St. 16 «Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold»

Riksantikvarens klimastrategi for kulturmiljøforvaltningen

Riksantikvarens strategi for by- og stedsutvikling

Lover og forskrifter:

Plan- og bygningsloven

Jordlova

Naturmangfoldsloven

Skogbrukslova

Forskrift om byggesak (SAK 10)

Forskrift om nydyrking

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier

Rundskriv:

Rundskriv T2/16 – Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis

Rettleiing/verktøy:

Riksantikvarens DIVE-metode

Kulturminner, kulturmiljø og landskap – planlegging etter plan- og bygningsloven versjon II, Riksantikvaren, versjon des. 2020

Metode for landskaps – analyse i kommuneplan, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren, 2011

M-1941 Konsekvensutredning for klima og miljø,

Tidlegare rettleiar til Kulturmiljø av nasjonal interesse i byer og tettsteder (NB!-registeret).

Tidlegare rettleiarar knytt til Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

  • Faggrunnlag for regional kulturminneforvaltning, 2018.
  • KULA for kommunal og regional forvaltning, 2019

Eksempelsamling – Bestemmelser til arealplaner. (2017)

Verdisetting og verdivekting av kulturminner (2020)

Grøntanlegg – Kulturminner i vekst (2019)

Riksantikvarens strategi for arbeid med kulturarv i kommunene 2019–2022. Riksantikvaren, 2019

Guide – Helhetlig planlegging av nye landbruksbygg, 2013