– Bodskapen etter Unesco-konvensjonen om fred, samarbeid og ansvarskjensle er viktigare enn nokon gong. Derfor er eg er glad for at vi no kan opne utstillinga i Hammerfest, som er endepunktet for Struves meridianboge, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Struves meridianboge er eit heilt spesielt verdsarvområde. Noreg deler det med ni land, frå Svartehavet og heilt opp hit til toppen av jordkloden. Noreg har fire av 34 punkt i kjeda.
– Meridianbogen handlar om oppmålinga av verda, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– Det var eit heilt unikt samarbeid over landegrensene for å skape meir nøyaktige kart. Meridianbogen er eineståande i omfang og kvalitet, og er eit viktig element i historia til geovitskapen.
Ideen om at jorda kunne vere rund har vore med oss i fleire tusen år, og sjølvaste Isaac Newton fremja ideen om at jorda kunne vere noko flattrykt ved pola. Men kor mykje var det snakk om? Den tysk-russiske forskaren Friedrich Georg Wilhelm Struve leidde eit omfattande måleprosjekt midt på 1800-talet. Noregs geografiske oppmåling stod for undersøkingane i Noreg ved dei fire målepunkta våre.
Ein reise gjennom verdsarven i Noreg
Verdsarven er alt frå enorme pyramidar i Giza, det er Taj Mahal og Notre Dame, og det er også ærfuglrøkting på Vegaøyan, den enorme industriarven i Telemark og altså oppmålinga av verda med Struves meridianboge i Hammerfest, Alta og Kautokeino.
Utstillinga «Vår verdsarv» fortel om dei åtte norske verdsarvområda, og tek deg med ut på ei storslått reise til verdas viktigeste natur- og kulturarvområde. Utstillinga fortel også om verdsarvkonvensjon frå 1972.
UNESCOs verdsarvkonvensjon vernar natur- og kulturarv, som eit svar på dei store øydeleggingane som verda opplevde under andre verdskrigen. Verdsarven bidreg til internasjonalt samarbeid, og har som hovudmål å skape fred gjennom undervisning, vitskap, kulturutveksling og kommunikasjon.
Fakta om verdsarven i Noreg
Noreg har åtte verdsarvområde på Unescos prestisjetunge liste:
Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Vegaøyan, Rjukan-Notodden Industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.
I Noreg har Riksantikvaren og Miljødirektoratet ansvaret for oppfølginga av konvensjonen. Stiftinga Noregs verdsarv har bidrege i arbeidet med utvikling og konsept for utstillinga.
Verdsarvutstillinga på plass i Hammerfest
No får «oppmålinga av verda» og verdsarvområdet Struves meridianboge den spektakulære verdsarvutstillinga.
Foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre
Riksantikvaren foreslår å avfrede lystgården Tåtøy vestre, fordi bygningen er sterkt endret og har tapt mye av verdien som kulturminne.
Må sikre Dønnesfjord kirke før vinteren
Riksantikvaren sjekket stormskadene på Dønnesfjord kirke i Finnmark, og konklusjonen er klar: Kirken må sikres før vinteren.





