Nyheter

– Viktig rapport for Rogaland

Nye kulturmiljø med i nasjonal oversikt. 

Publisert: 10. november 2025

En klynge bygninger med røde tak på en liten øy nær kysten, med et stort cruiseskip og et bylandskap synlig i bakgrunnen under en blå himmel.
Natvigs Minde er eit av dei nye kulturmiljø i oversikta. Foto: Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– No er 18 nye område lagt til den eksisterande oversikta over kulturmiljø av nasjonal interesse i Rogaland, seier Thea Aaberge Wikander, rådgjevar i seksjon for arealplanlegging og miljø hjå Riksantikvaren.  

– Rogaland har allereie ei oversikt over kulturmiljø i by og kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse. Den nye rapporten fangar opp ei større bredde av kulturmiljø som elles ikkje har vore inkludert, seier Wikander. 

Dei nye kulturmiljøa supplerer den samla oversikta over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i Rogaland. Rapporten er skriven av Rogaland fylkeskommune, og arbeidet er gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren og kommunane. 

– Denne rapporten er viktig, både for folk i Rogaland og dei som skal forvalte og sikre gode bymiljø og dei vakre landskapa rundt omkring i fylket, seier Wikander.

Les rapporten her.

Store variasjonar

Rogaland er eit fylke med lange kyststrekk, by og land, breie fjordar og smale fjordarmar, daler, hei og fjelltrakter mot aust. Fylket har utvikla seg variert, men med særpreg som vi kjenner att som typisk for Rogaland. Dei store variasjonane i landskap og kulturmiljø sett premissane for variasjonar i landbruk, kystkultur, utnytting av ressursar og levemåte. 

– Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag for planlegging, og ikkje eit vern. Kulturmiljø og landskap vil alltid være i endring, seier Wikander. 

Det er stor variasjon blant dei nyleg tilførte kulturmiljøa. Her finn ein blant anna det maritime kulturmiljøet mellom Engøy, Sølyst og Natvigs Minde i Stavanger. Dette er eit viktig kulturhistorisk område som inkluderer sjøområde og holmar, som representerer kystkulturen i Noreg. Andre kulturmiljø er Visnes gruveområde, eit gruvesamfunn med over 100 års storskala gruvedrift, og Vigatunet, eit godt bevart gardsanlegg som også er museum. 

– Med denne oversikta skal kulturmiljøforvaltinga tidleg og tydeleg seie ifrå om kva for kulturmiljø som har nasjonal kulturhistorisk interesse. Det vonar vi kan gje sjølvkjensle og eigarskap til dei store verdiane som er i Rogaland, og at det bidreg til ei meir føreseieleg arealforvalting, seier Wikander. 

Følgjande landskap i Rogaland er no del av oversikta:

Engøyholmen – Natvigs Minde – Sølyst 

Vibrandsøy 

Vatneleiren 

Gursli og Liland gruver 

Rekefjord øst 

Elgjestraum – Hølen – Ørsland 

Åna fengsel 

Fotland 

Industristedet Ålgård med funksjonærboliger 

Hjelmelandsvågen og Nordbygda 

Jelsa 

Kilen 

Allmannajuvet 

Stakland 

Leiranger 

Visnes gruveområde 

Imslandssjøen 

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153