Ombruk

Ikkje lenger høyloft, men framleis høgt under taket

Et rustikt loft med synlige trebjelker, diverse tremøbler, hengende lyspærer og planter, opplyst av naturlig lys fra et vindu i midten.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Om prosjektet

Ombygginga av låven på Bånkall gard viser korleis ein kan nytte store, opne areal i gamle driftsbygningar til nye funksjonar. Prosjektet kombinerer bevaring av kulturminnet med moderne krav til tryggleik og tilrettelegging for publikum. Løysinga har gitt garden ein aktiv bruk som kulturarena og kafé, noko som sikrar vedlikehald og gjer kulturminnet tilgjengeleg for fleire.

VERNESTATUS
Regulert til bevaring

ADRESSE
Trondheimsveien 642, Oslo

PROSJEKTET
Oslo kommune Kulturetaten, Enerhaugen Arkitektkontor AS, Byantikvaren

KONTAKT
Oslo kommune Kulturetaten

En stor, rød låve med hvite kanter og oransje tegltak står på en gruset tomt, omgitt av gress, trær og noen mindre bygninger under en overskyet himmel.
En rød trebygning med vertikale metallstenger som dekker en høy åpning; nakne tregrener og et hvitt gjerde er synlig i bakgrunnen.

Låven har fått ny taktekking, noko utskifta kledning og nye funksjonar innvendig, men har behaldt mykje av det autentiske uttrykket. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Noko av kledningen har felt med skråstilte panelbord med glas bak, for lysinnslepp. Foto: Ingebjørg Øveraasen, Riksantikvaren

Historikk

Bånkall gard blir fyrste gong nemnd i biskop Eysteins jordebok frå 1361 som «Barna Karls Rudi», seinare Barnakarlsrud – rydningen til mannen med mange barn. Namnet har utvikla seg til dagens Bånkall, og garden er ein typisk rud-gard frå mellomalderen. Som andre gardar i Østre Aker låg han øyde etter pestbølgjene kring 1350. Bånkall var kyrkjegods fram til reformasjonen i 1537, deretter krongods, før han vart selt til borgarmeister Nils Lauritssøn i 1662. Garden har sidan hatt fleire eigarar.

Våningshuset består av to stover med portrom, frå 1700- og 1800-talet. På garden finst òg stabbur, potetkjellar og bryggarhus frå same periode. Låven er frå ca. 1850–1874. I perioden 1836–1846 var garden skysstasjon og skjenkestove, og seinare kvilestove fram til Trondheimsvegen fekk ny trasé kring 1860. Våningshusa vart råka av brann i 1996, men er restaurerte.

Garden med åtte mål tomt vart overteken av Oslo kommune i 1994 og er i dag den best bevarte av dei gamle Aker-gardane.

Romslig interiør i en renovert låve med synlige trebjelker, moderne metalltrapp, tregulv og varm belysning.
Koselig kaféinteriør med trebjelker, ulike vintagebord og -stoler, potteplanter og hengende lyspærer under et skrånende tretak.

Forsamlingssalen inne i låven kan romme mange gjestar til arrangement og selskap. Takhøgda kjem godt med i eit slik lokale, og den synlege originale konstruksjonen gir karakter til rommet. Legg merkje til at det mellom anna er sett inn nye stålsøylar for å forsterke konstruksjonen. Trekonstruksjonane er behandla med transparent brannhemmande måling. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Kafeen har sitteplassar både på bakkeplan i fjøset og oppe på fjøstrevet. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Utfordringer og løsning

Då Oslo kommune overtok Bånkall gard stod låven utan annan bruk enn lager. Bygningen er stor, og vedlikehaldet ville vera krevjande utan ein aktiv bruk. Samstundes var det ønskje om å skape større kapasitet for arrangement, selskap og servering enn det våningshuset og bryggarhuset kunne tilby. Dette gjorde det naudsynt å finne ei løysing som både gav ny funksjon og tok vare på kulturminneverdiane.

Låven vart sett i stand og ombygd, og det var gjort naudsynt sikring av den originale konstruksjonen. Det er lagt ny taktekking. Ein del eldre kledning er òg bevart, og supplert med ny kledning med same uttrykk, men med nokre felt der kledingsborda er skråstilte for å få lysinnslepp.

Innvendig vart bygningen isolert og lagt til rette for kulturaktivitetar og servering. Den eine enda av låven fungerer framleis som lager, noko som er praktisk for drifta. Det er gjort omfattande ombyggingsarbeid for å skape funksjonelle rom, samstundes som ein har teke omsyn til bygningen sitt særpreg. I ei stor bygning med mykje ope areal som i ein låve, kan ein bygge rom i rommet utan å gripe vesentleg inn i den originale bygningen.

Rømmingsvegar er etablert i opphavlege døropningar i låveveggen, slik at ein unngår nye inngrep i fasaden. For brannsikring er det montert sprinklaranlegg, noko som er avgjerande for trygg drift og sikring av kulturminnet.

Dei fyrste åra etter ombygginga vart låven og fjøset leigd ut til selskap og arrangement. I tillegg har bygningane fungert som kulturhus for Bydel Grorud, med ulike aktivitetar og møteplassar. Frå 2025 er det etablert fast kafédrift i fjøset, noko som gjer garden og bygningane meir tilgjengelege for publikum og styrker den daglege bruken.

Ombygginga av låven på Bånkall gard er eit godt eksempel på den store ombrukskapasiteten som låvebygningar har. Her har ein greidd å passe inn heilt nye funksjonar i både låve og fjøs, utan at det går utover kulturminneverdiane. Ein har dessutan nytta eigenskapane til bygningen, til dømes ved å legge våtrom i fjøset og bruke låverommet, med god takhøgd, som forsamlingssal.

Et bad med steinvegger, et vindu, et hvitt, universelt utformet toalett med støtteskinner, et lite treskap, potteplanter, en dekorativ statue og et rødt teppe på et blått gulv.
Det universelt utforma toalettet kan by på fjøsveggar av massiv grorudgranitt, og utsikt over Groruddalen. Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

Læringspunkter

  • Store, opne areal i låvebygningar gjer det mogleg å bygge rom i rommet utan store inngrep i originalkonstruksjonen.
  • Ombruk av låvar krev både konstruktiv sikring og brannsikring for trygg drift og publikumsbruk.
  • Bevaring av opphavlege element, som kledning og døropningar, kan kombinerast med moderne krav til rømmingsvegar og lysinnslepp.
  • Nye funksjonar bør tilpassast bygningens eigenskapar, til dømes våtrom i fjøset og forsamlingssal i låverom med stor takhøgd.
  • Aktiv bruk, som til dømes kafédrift og kulturarrangement, sikrar langsiktig vedlikehald og tilgjenge for publikum.

Lignende eksempler