MS «Salten» i Bodø er freda

Riksantikvaren fredar langruteskipet MS Salten som ein  viktig del av den nasjonale satsinga på kystens kulturmiljø. 

Et svart-hvitt skip flyter på rolig vann, omgitt av grønne fjell og en isbre i bakgrunnen under en overskyet himmel.
MS «Salten» ved Svartisen. Foto: Vera Isachsen

Riksantikvaren har freda langruteskipet MS “Salten” frå 1953 – eit skip bygd for passasjerar, post og gods i Nordland.   

MS «Salten» vart bygd i ein periode då Noreg var prega av gjenreising og modernisering etter krigen.   

–  Sjøen var riksveg nummer éin. Gjennom fleire tiår var fartøyet eit kjent innslag i kvardagslivet langs den norske kysten. Fartøya fortel ein viktig del av noregshistoria, om kven me er og kvar me kjem frå, seier riksantikvar Hanna Geiran.   

– Med fredinga av MS «Salten» tek me vare på eit svært godt døme på  eit kystrutefartøyet frå etterkrigstida, som batt kystsamfunna saman langs den vêrharde nordnorske kystlinja. Eg er imponert over innsatsen frå eigarar og frivillige som stiller opp og tek så godt vare på MS “Salten”, seier Geiran.   

Detaljane var viktige

MS «Salten» har verkeleg klasse, både når det gjeld storleik og innreiing. Innreiinga er spesiell fin, med skap og køyar i massiv teak og mahogni. Alle lugarar var utstyrte med servantar med rennande varmt og kaldt vatn, noko som var ein luksus på denne tida langs kysten .     

«Salten» var først og fremst bygd for passasjertransport, og kunne ta om bord 180 passasjerar i kystfart eller 290 passasjerar i lokalfart. Lugarar og salongar var delte i 1. og 2. klasse.   

MS «Salten» fungerte i fleire år som fast reservefartøy i Hurtigruta, og bidrog til å halda oppe ei av Noregs viktigaste transportårer langs kysten. Det var ei rolle som stilte høge krav til både  regularitet, sjøeigenskapar og passasjerkomfort.  

MS “Salten” i Bodø er freda 1
«Salten» ved kai i Tvervika. Foto: Vera Isachsen

– Dette er det første fartøyet av sitt slag i Nord-Noreg som blir freda. Det er ein milepæl i arbeidet med å ta vare på den unike kystkulturen her nord, seier fylkesråd for næring i Nordland, Svein Eggesvik .    

 – Det står mange engasjerte frivillige, støttespelarar og fagpersonar bak arbeidet med MS “Salten”, og som er levande oppteke av å bevara det unike med dette fartøyet. Eg er derfor overtydd om at fredinga vil gi ein dobbel gevinst: MS “Salten” blir svært godt vareteke og sikra for framtida og – ikkje minst at det blir godt lagt til rette for formidling av fartøyets historie og den nordnorske kystkulturen til nye generasjonar, seier Eggesvik.  

Etter tida som kystruteskip og fast avløysarskip i Hurtigruta fekk fartøyet ein ny funksjon som skuleskip.   

Gjennom nærare tre tiår vart fartøyet brukt til maritim opplæring og rekruttering til sjøfartsnæringa. «Salten» dokumenterer dermed både samferdselshistorie og utdanningshistorie, og viser korleis eit skip kan tilpassast skiftande samfunnsbehov. 

Nordlandsidentitet

Mange har vore ombord på MS “Salten” gjennom åra. Fartøyet har i dag stor opplevingsverdi og er ein viktig del av identiteten til Nordlandskysten.   

At «Salten» er bevart i den opphavlege utsjånaden sin frå då ho var bygd, gjer henne til ein viktig representant for ein fartøytype som tidlegare var svært vanleg, men som i dag er sjeldan bevart.   

– MS “Salten er ein nasjonal kulturskatt som no blir sikra. Fredinga løftar også fram den betydninga denne båten har hatt for folket som bur her nord. Dei gamle lokalbåtane er stort sett borte, men dei utgjer ein viktig del av historia. Når MS «Salten» no blir freda, forpliktar det endå meir for oss som er om bord til å ta vare på MS “Salten” for kommande generasjonar, seier styreleiar i MS «Salten» Roald Ovid Isaksen.  

Skipet blir i dag brukt til overnatting, arrangement og til utleige for selskap og møte. «Salten» formidlar kunnskap om kystkulturen og maritim historie, og bidreg til verdiskaping i lokalsamfunnet.

Et stort svart-hvitt skip med navnet Salten ligger for anker i rolig turkis vann nær skogkledde fjell under en overskyet himmel.
MS «Salten». Foto: Vera Isachsen

Fakta: kva blir freda?

Omfanget av fredinga
Fredinga etter kulturminnelova § 14a omfattar heile fartøyet LCQT MS «Salten», Kulturminne ID 175176.

Fredningen omfattar alt av eksteriør og fast inventar, medrekna fastmontert utstyr og møblement som benkar, pullertar, lampettar, koppholdarar, lykter og lanterne mv., spesifisert gjennom beskrivingar og foto i vedlagte dokumentasjon.

Et skip seiler på rolig vann, med skogkledde fjell og en overskyet himmel i bakgrunnen.
MS «Salten» utenfor Svartisen.
Foto: Vera Isachsen
Et svart-hvitt skip med to master seiler på rolig, blått vann, med fjell og grøntområder synlige i bakgrunnen under en klar himmel.
MS «Salten» på tur.
Foto: Vera Isachsen
Et svart-hvitt skip lå ved kai ved siden av røde trehus langs en grønn, kupert kystlinje under en overskyet himmel.
MS «Salten» ved Selsøyvik handelssted.
Foto: Kjell Skjerve
En svart-hvit ferge flyter på rolig vann, med grønne fjell og en overskyet himmel i bakgrunnen.
MS «Salten» på tur.
Foto: Vera Isachsen
Tegning av et svart-hvitt passasjer- eller lasteskip med gule kraner, en gul skorstein og et rødt, hvitt og blått flagg i akterenden.
  • Fredningsår

    24.09.2026

  • Region

    Nordland

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1953

  • Enkeltminne

    Fartøy: Langrutebåt

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153