Bevaringsprogramma

Utvalde arkeologiske kulturminne (BARK)

Målet til bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne (BARK) er at eit representativt utval arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast gjennom skjøtsel og bli gjort tilgjengelege for publikum.

Bjarkøy områdefredning Foto: Olaf Sverre Berntsen, Riksantikvaren

Kva er arkeologiske kulturminne?

Det er registrert over 300 000 arkeologiske kulturminne i Noreg. Eksempel på dette kan vere gravminne, spor etter tidlegare busetjing, verkstadplassar, bergkunst eller heilage stader. Mangfaldet av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø er stort og kan fortelje oss mykje om korleis menneska har levd i tidlegare tider.

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Målet er at rundt 450 arkeologiske kulturminne eller kulturmiljø skal sikrast og bli tilgjengelege for publikum. Dette vil i gjennomsnitt seie eitt kulturminne i kvar kommune og éin større lokalitet i kvart fylke. Sametinget, fylkeskommunar og kommunar rundt om i heile landet har deltatt i prioriteringa av dei utvalde kulturminna.

Å gjere kulturminne tilgjengelege kan i nokre tilfelle innebere at det er enkelt å komme fram til kulturminnet, som for eksempel å lage stiar eller rampar. I andre tilfelle handlar det om å formidle historia til kulturminnet, som for eksempel gjennom skilting eller digitale medium.

Universell utforming

Tilrettelegginga skal ta omsyn til prinsipp for universell utforming. Det vil seie at så mange som mogleg, uavhengig av spesielle behov, skal kunne besøke og oppleve kulturminnet. Men det finst også stadar der dette kan vere vanskeleg ut ifrå omsynet til kulturminnet og landskapet rundt kulturminnet.

Nøtterøy Historielag
Nøtterøy Historielag driv vegetasjonsskjøtsel på Hella gravfelt i mai 2008. Foto: Jan Lindh, Vestfold fylkeskommune.

For mange av kulturminna er det viktig med vegetasjonsskjøtsel for å hindre at dei gror til. Det er også viktig med ulike typar tiltak som hindrar at kulturminna vert utsett for slitasje eller skadar, som for eksempel å lage stiar eller gjerde som leiar ferdselen utanom kulturminnet.

Publisert: 14. desember 2019 | Endret: 9. juni 2022