Verdensarv

Vestnorsk fjordlandskap

Verdensarven Vestnorsk fjordlandskap omfatter Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Vestland.

Styvi Gaard
Styvi Gaard ved sjøkanten i Nærøyfjorden er ein del av Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Trond Taugbøl, Riksantikvaren

Om Vestnorsk fjordlandskap

Fjordar er blant dei mest spektakulære landskapa på jorda. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar delar av dei lengste, djupaste og vakraste fjordane i verda. Desse områda har fascinert besøkande gjennom tidene og vert sett på som symbolet på Noreg. Ordet “fjord” er også ein del av det internasjonale språket.

Verdsarvområdet består av Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet, som til saman utgjer 1227 km², der 107 km² er sjøareal. Desse fjordane er klassiske døme på slike landskap, med store høgdeskilnader og kort avstand mellom sjø og høgfjell. Dei er minst påverka av menneskelege inngrep, og dei naturlege geologiske prosessane er intakte. Områda er på Unesco-lista over verdas kultur- og naturarv grunna sine unike kvalitetar.

På verdsarvlista

Av dei kring 200 fjordane på Vestlandet, er verdsarvfjordane minst påverka av større menneskelege inngrep. Samla har områda kvalitetar som gjer at dei er førte opp på Unesco-lista over verdas kultur- og naturarv etter å ha oppfylt to av dei naturfaglege kriteria i konvensjonen.

Komiteen uttalte: «Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda. Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elver renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga. Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.» Vestnorsk fjordlandskap blei innskreve på verdsarvlista i 2005.

Bla i bilder fra Vestnorsk fjordlandskap

Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden. Flydalsjuvet.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk Fjordlandskap, Geirangerfjorden. Herdalssetra.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden Skageflå.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden. De syv søstrene med Skageflå i forgrunnen.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Nærøydalen.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap. Nærøyfjorden utgjør en arm av den større Aurlandsfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap. Holmo ved Nærøyfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Nærøyfjorden.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Vestnorsk fjordlandskap, Geirangerfjorden. De syv søstrene med Skageflå i forgrunnen.
Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren
Geirangerfjorden er en del av Vestnorsk fjordlandskap, som er et av Norges åtte verdensarvsteder.
Foto: Fredrik Eriksen, Riksantikvaren

Geologi og landform

Områda ligg i dei inste delane av to fjordsystem som strekkjer seg inn i dei sentrale fjellmassiva som skil Aust- og Vest-Noreg. For 2,5–55 millionar år sidan lyfte landet seg og danna eit høgt fjellmassiv parallelt med kysten. Elver gravde ut djupe v-dalar, som under istidene vart forma til store u-dalar med høge og bratte fjellsider. Områda er unge og aktive landskap der naturkreftene framleis formar terrenget. Skredbanar og rasmassar vitnar om dette. Områda er viktige “naturhistoriske laboratorium” som kan gje meir kunnskap om landskapsdanning og klimaendringar.

Planter og dyr

Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, saman med gunstige lokalklimatiske tilhøve, gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein vanlegvis finn lenger sør. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlendte fjordlandskapet. På gamal kulturmark har det utvikla seg sjeldne artar som krev beite og slått for å overleve. Verdsarvområdet har eit variert dyreliv med pattedyr, fugl, fisk og insekt. Nokre artar står på raudlista, medan andre er artar Noreg har eit spesielt ansvar for, som villrein, fjellrev, gaupe, oter, lemen, kvitryggspett og nise. Fuglelivet omfattar alt frå sjø- og vadefugl kring fjordane til skogsfugl i dalsidene og artar typiske for norske høgfjellsområde. Totalt hekkar eit hundretal artar innafor verdsarvområdet.

Kulturhistorie

Spor i landskapet viser at fjordområda har vore nytta av menneske heilt sidan isen trekte seg attende for 10.000 år sidan. Fangstgraver og bogesteller i høgfjellet viser at villreinen har vore viktig for fjordfolket heilt frå steinalderen. Langs fjordane og oppe på berghyllene ligg eit titals små fjordgardar, dei fleste fråflytta. Gardane ligg på stader der snø- og steinras ikkje kjem til. Busetjinga viser eit nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men rik natur. I fleire av fjelldalane finn ein stølar. Nokre av fjordgardane og stølane er restaurerte og kan besøkast.

Vakkert landskap

Dei to fjordområda er kjende for å vere blant dei vakraste og mest inntrykkssterke naturområda i Europa. Dei siste 150 åra har forskarar, kunstnarar og turistar vitja fjordane for å oppleve det dramatiske og kontrastrike landskapet. Trass i store besøkstal har områda halde på kvalitetane sine til inspirasjon og gagn for alle som bur i eller besøker desse områda.

Geirangerfjordområdet

Inn mot vasskiljet deler Storfjorden seg i tre storfelte fjordarmar: Tafjorden, Sunnylvsfjorden og den slyngande Geirangerfjorden. Her har samspelet mellom is, berggrunn og fossande vatn forma eit fjordlandskap med unike kvalitetar. I dei alpine fjellområda som skil fjordane ligg frodige seterdalar, og på rassikre berghyller i dei bratte fjellsidene ligg ei rad gamle gardar med stor kulturhistorisk verdi. Området har artsrike rasmarker og varmekjær lauvskog som er døme på særprega og sjeldsynte naturtypar med interessant planteliv. Mellom ei rekke insekt er mnemosynesommarfuglen den mest kjende. I området finn ein alle dei fire hjortedyrartane i Noreg: elg, hjort, villrein og rådyr.

Nærøyfjordområdet

Nærøyfjordområdet har stor variasjon i landskapstypar, frå nakent høgfjell kring Fresvikbreen til lune viker med varmekjær lauvskog nede ved fjorden. Den 17 km lange Nærøyfjorden er berre 250 meter brei på det smalaste og omkransa av fjell som når opp i 1760 moh. Hengande dalar, fossefall, skarpe gjel og store rasfelt er dramatiske innslag i dei stupbratte fjellsidene. Høgfjellsområda har rolege former og er restar etter det gamle slettelandet slik det låg før isen tok til å grave ut dei mektige dalgangane. Den storfelte rasskråninga som strekkjer seg frå fjellet Bleia og ned til botnen av Sognefjorden viser at fjordlandskapet framleis er i utvikling. I dette dramatiske landskapet veks den sjeldne urvalmua. På rassikre stader kring fjordane ligg fleire mindre grender der jordbruket er viktigaste næringsveg.

Se deg rundt i Geirangerfjorden

Les mer om Vestnorsk fjordlandskap på Kulturminnesøk.no

Nærøyfjorden

Geirangerfjorden

Last ned brosjyre om verdensarv i Norge

Publisert: 12. februar 2020 | Endret: 12. november 2024