Fartøyvernsentera er fartøyvernet sitt profesjonelle fagmiljø utanfor kulturmiljøforvaltinga, i tillegg er dei forvaltinga si viktigaste faglege støtte i utviklinga av fartøyvernet.
Ved fartøyvernsentera ser vi den nære koplinga mellom konkret arbeid, forvalting og utvikling i praksis. Her ser vi innovasjon, og det kan utviklast stadig ny kunnskap, som kjem frivillige og forvalting i fartøyvernet i Norge til gode.
– Fartøyvernet si største styrke er at fagutviklinga tek utgangspunkt i konkrete høve for kunnskap, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Dette kan vere ny innsikt om historiske handverk, materialbruk og prosessar eller betre måtar å organisere arbeidet og forvaltinga av fartøyvernet.
Mathilde
Med restaureringa av «Mathilde», som starta på 1980-tallet, har Hardanger fartøyvernsenter gradvis utvikla seg. Her har ein bygd opp eit miljø og ein kompetanse som er eineståande både nasjonalt og internasjonalt.
Dei tre fartøyvernsentera er spesialiserte rundt ulike byggematerial for skipsskrog, og i Hardanger er det trefartøy som gjeld. Dei tre fartøyvernsentera har også ulike ansvarsområde.
I Hardanger skal det i tillegg satsast på seglriggen i kunnskapsutviklinga. På fagområda reipslagar, skipssmed, skipstømrar som lagar mastar og rundholt og riggar, ligg Hardanger fartøyvernsenter langt framme, også internasjonalt.
Eit senter i utvikling
Hardanger fartøyvernsenter er i dag både fartøyvernsenter og museum. Her finn du eit av dei største fagmiljøa for restaurering av båtar og fartøy i Norden.
Det starta som eit ungdomsprosjekt i 1984. Dei starta med å kjøpe Hardangerjakta S/J Mathilde. Her fekk ungdommar prøve seg fram som skipshandverkarar ved å ta del i restaureringa av den gamle skuta.
I dag er senteret ein del av Hardanger og Voss museum, og har eit av dei største fagmiljøa på restaurering av fartøy i Norden.
Betre arbeidsvilkår
Skipssmeden i Hardanger får no betre arbeidsvilkår som gjer det mogleg å sikre både smedfaget og fartøya. I Hardanger har fartøyvernsenteret bygd gode alliansar. Fagfolk i regionen og lokalt næringsliv er viktige samarbeidspartnarar for senteret. Riksantikvaren har bidratt med tilskot til utvidinga av smia.
Fartøvernet i Noreg
Fartøyvernet handlar om å ta vare på den flytande kulturarven vår. I Noreg har vi levd ved og av havet i alle tider, og fartøy fortel ei viktig del av historia om levde liv og samfunnsutvikling.
Fartøyvernet omfattar både store fartøy og små åpne båtar, med fokus på fartøy som er for store og arbeidskrevjande til å kunne takast vare på av privatpersoner.