Høyringsutkastet er sendt til kommunane der vi kjem med forslag til landskap. Det er også sendt til regionale myndigheiter, næringsorganisasjonar, museum, frivillige organisasjonar og andre aktuelle instansar. KULA Hedmark vil først og fremst ha tyding for arealplanlegging og forvaltning i kommunane og hjå andre sektormyndigheiter. Høyringa er open og alle har moglegheit til å kome med innspel.
Høyringsutkastet omfattar forslag til 16 landskap i Hedmark som Riksantikvaren meiner skal inngå i KULA-registeret. På grunnlag av innspel i høyringa vil vi utarbeide ein endeleg rapport. Landskapa skal til saman syne det kulturhistoriske mangfaldet i gamle Hedmark fylke. KULA-områda omfattar landskap i rurale område og syner blant annet spor etter verksemder, ferdsel og busetnad i fylket.
I Hedmark inngår desse 16 landskapa i høyringsforslaget:
- Vangrøftdalen og Kjurrudalen, Os kommune
- Storbekkhaugan, Tynset kommune
- Kvikne, Tynset kommune
- Vingelen og Tolga, Tolga kommune
- Tufsingdalen og Femundshytta, Os og Engerdal kommunar
- Svahken sijte, Engerdal kommune
- Orvdalen, Spekedalen og Raudsjødalen, Tolga, Tynset og Rendalen kommunar
- Sølensjøen og Isteren, Engerdal og Rendalen kommunar
- Unsetgrenda og Unnsetbrenna, Rendalen kommune
- Storhøa, Snertadalen og Lerådalen, Engerdal og Trysil kommunar
- Koppangsøyene, Stor-Elvdal kommune
- Ljøravassdraget og Støa kanal, Trysil kommune
- Vangsåsen, Hamar og Løten kommunar
- Steinsodden, Mjøskastellet og Ringsaker kirke, Ringsaker kommune
- Tingnes, Helgøya og Stange Vestbygd, Stange og Ringsaker kommunar
- Grue Finnskog, Grue og Kongsvinger kommunar
Landskapet har alltid vore i endring, men tempoet og omfanget av endringane i vår tid aukar i ein slik grad at viktige verdiar står i fare for å gå tapt. Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både tek vare på, og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.
Med KULA-registeret vil Riksantikvaren bidra til at nasjonalt viktige landskap blir tekne vare på i planlegginga. Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet, og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturmiljøforvalting og med involvering av kommunane.
Kulturmiljøforvaltinga signaliserer med KULA-registeret tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ønskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging. Registeret skal vere eit verktøy for planlegging i kommunane og hjå andre myndigheiter. Arbeidet med KULA er gjennomført i Østfold (2015), Hordaland (2016), Troms (2018), Buskerud (2020) samt Agder, Akershus og Rogaland (alle i 2021), og arbeidet er i gang i dei fleste gjenverande fylka.
Digitalt informasjonsmøte
I samband med høyringa inviterer Riksantikvaren og Innlandet fylkeskommune til digitalt informasjonsmøte. Der ønskjer vi å orientere om KULA-prosjektet, KULA i Hedmark, og det setjast av tid til å stille spørsmål til fylkeskommunen og Riksantikvaren. Det er to moglege tidspunkt for deltaking – enten fredag 28.oktober frå 09:00 til 11:30, eller fredag 4. november frå 09:00 til 11:30.
Påmelding sendast til cecilie.askhaven@ra.no innan 25. Oktober.